Kommentar

PlayStation i 2022

Året PlayStation omfamna PC

Alle vil framleis ha PlayStation 5, og storspela kjem på rekke og rad.

Audun Rodem, Gamer.no / Privat

2022 vil gå inn i historia som eit sterkt år for PlayStation. Sony har møtt imponerande suksess med sin PlayStation 5-konsoll, og sjølv no, over to år etter lansering er den enorme maskina nesten umogleg å få tak i. Ventelister, svartebørs og knuste håp og draumar pregar livet til mang ein PlayStation-fan som mest av alt ynskjer seg ein PlayStation 5.

PlayStation 5 sel, kort sagt, som hakka møk. Dukkar den opp i ein butikk kan du vere sikkert på den forsvinn innan kort tid, riven ut av hyllene av grådige gribbar, og det gjeld å vere kjapp på avtrekkjaren om du skal sikre deg ein.

PlayStation 5 er framleis ein enorm suksess.
Sony

Situasjonen er ein kombinasjon av imponerande og trist. Imponerande at folk kjøper raskare enn Sony klarar å produsere, men ganske trist når ein ser Sony ikkje klarar å stabilisere situasjonen. Det er mange grunnar til det, og Sony gjer nok det dei kan, men at vi enno ikkje berre kan gå inn i ein butikk og plukke med oss ei maskin er leit.

Likevel ligg Sony eit hestehovud framfor Microsoft. Dei klatrar nærare og nærare 25 millionar selde konsollar, medan Microsoft enno er eit godt stykke unna 20. At Microsoft har makta å selje fleire konsollar enn Sony enkelte månader er mest sannsynleg fordi den eine konsollen er mogleg å gå tak i, den andre ikkje.

LES KOMMENTAR: 2022 var det store annleisåret for Xbox »

Eit mektig spelår

At Sony gjer det bra burde ikkje vere ei overrasking. PlayStation kan skryte av høg merkelojalitet, og 2022 har vore prega av mange storspel som demonstrerer Sonys sterke sider. Nyleg fekk vi den imponerande God of War-oppfølgjaren Ragnarök, og tidlegare i år har vi fått Horizon: Forbidden West, Gran Turismo 7, ein oppgradert versjon av The Last of Us, samt det eksperminetelle og spanande kattespelet Stray.

Dei har levert varene, med stil. Salstala på spelfronten har vore høge, responsen enorm, og i tillegg har dei for alvor retta fokuset sitt mot eit for dei temmeleg utappa publikum; PC-spelarar.

Det er gått eir par år sidan Sony først dytta eit av spela sine over på PC, men i 2022 har fleire stortitlar dukka opp der enn noko tidlegare år. Spider-Man, God of War, Uncharted og Sackboy er ikkje lenger PlayStation-eksklusivt, men kan no òg spelast på PC.

Baksida er at desse PC-versjonane kjem ut lenge etter sine konsollutgåver. I år fekk vi til dømes God of War frå 2018 på PC, men vi veit ingenting om eller når Ragnarök får same behandling. Det same gjeld Horizon: Forbidden West, og strengt tatt er det hakket for dårleg. Eg kan forstå at dette er eit eksperiment for Sony, men salstala på PC er gode, og det blir litt stusseleg samanlikna med Microsoft som lanserer alle sine spel på både konsoll og PC samstundes.

Nye abonnement

Er PlayStation Plus Premium verdt investeringa?
Sony

2022 var ikkje berre eit år for store, flotte og imponerande spel. Det var òg året der Sony utvida PlayStation Plus-abonnementet sitt til tre ulike nivå. No kan du velje abonnementsmodell ut frå kor ivrig spelar du er, og skal eg vere heilt ærleg er det lite her som overbeviser meg til å hive meg heilt på.

For lat oss sjå på kva PlayStation Plus tilbyr i samanlikning med sin næraste konkurrent Game Pass.

Både PS+ og Game Pass tilbyr nye og gamle spel via nedlasting eller streaming. Her er tenestene temmeleg like, men ein stor forskjell kjem gjennom korleis dei to plattformene handterer heilt nye spel, samt spel frå eldre plattformer. Microsoft gjev deg eit val. Du kan abonnere på Game Pass, eller du kan kjøpe og laste ned til odel og eige, uavhengig av kva plattform spelet opphaveleg kom til.

Sony køyrer ein annan vri. Om du vil spele til dømes den gamle klassikaren ICO, må du først abonnere på PS+, du får ikkje kjøpe det til odel og eige. Med få unntak må du abonnere for å spele, og det er ei forferdeleg dårleg løysing. Nokre klassikarar vil eg ha til odel og eige. Eg vil kunne spele dei når som helst, og det er ingen praktisk grunn til at det må vere slik. Det er berre Sony som har bestemt seg for å ta ein Nintendo og vere kjip med kundane sine.

Kjipe er dei òg på å tilby noko av særs høg verdi i abonnementa sine. Der Microsoft lar deg få alt av nye storspel inkludert i abonnementet ditt, er ikkje Sony like joviale. Dei lar deg få storspel, men først når dei har vore ute på marknaden ei god stund. Trøstepremien er prøveversjonar av eit ørlite knippe spel der du aldri kan vere trygg på at du finn noko du likar. Skal prøveversjonar av nye spel vere eit trekkplaster, må dei tilby meir enn det knippet med spel dei no tilbyr.

Strengt tatt framstår heile opplegget som ein litt hastig og lite gjennomtenkt reaksjon på den enorme suksessen Microsoft hadde med Game Pass i 2021. Men som vi ser er det innhald som tel. Sjølv om Game Pass framleis går godt, har kurva stagnert og Microsoft tek ikkje inn nye abonnentar i same tempo som i fjor. Treng Sony å kaste seg på ein trend, eller hadde dei gjort godt i å ta seg litt meir tid til å stake ut rett kurs?

Halvvegsløysing er sjeldan den ideelle løysinga, og PlayStation Plus anno 2022 framstår noko halvvegs. Det i ein ganske grell kontrast til den fantastiske kvaliteten på spela Sony har levert.

Sony kjøpte Bungie

Destiny-utviklar Bungie har fått ny heim hos Sony.
Bungie

Tidleg i år kunne Sony stolt fortelje at dei hadde kjøpt opp Halo- og Destiny-studioet Bungie. Dette kom som eit ørlite sjokk i spelbransjen. Bungie er jo spelet som nesten eigenhending gav Microsoft stor suksess ved lanseringa av Xbox. Halo er spelet som var synonymt med den nye boksen, og er framleis blant dei aller mest identifiserbare Xbox-seriane.

Bungie lausreiv seg etter kvart frå Microsoft, berre for å alliere seg med Acitvision Blizzard. Den alliansen tok slutt, berre for at Microsoft noko seinare skulle stupe inn og setje i gong eit oppkjøp av Activision Blizzard som enno ikkje er godkjent, og førebels siste vers på visa er no at Bungie har funne seg ein ny heim hos Sony.

Oppkjøpet kom til ein verdi av nesten svimlane 32 milliardar norske kroner. Ein interessant detalj ved dette oppkjøpet er at Bungie skal vere uavhengige sjølv om dei er ein del av PlayStation Studios-paraplyen. Destiny 2 vil framleis vere tilgjengeleg på fleire plattformer, og det skal komande utvidingar vere òg.

Kva retning dette vil ta i framtida er ikkje godt å seie, men det er absolutt ein interessant vri når store konsollprodusentar byrjar å snuse meir på å sleppe spel på meir enn berre si eiga plattform.

Akkurat det er eit utvikling det blir spanande å følgje i 2023. Sony har allereie pusha hardare på å levere på PC, og det blir spanande å sjå om dei leverer enda betre her i året som kjem. Eit godt år for spel veit vi i alle fall det vil bli. Både Final Fantasy VII Rebirth, Final Fantasy XVI og Spider-Man 2 er venta neste år, og eksklusivt på PlayStation 5.

Vidare vil Sony by på eit par nye harde pakkar neste år. Dei kjem omsider med sitt svar på Microsofts Elite-kontroller, og lanserer DualSense Edge i januar. Ein månad seinare kjem endeleg PSVR 2. Desse VR-brillene lovar både 4K og HDR, noko som bør gjere virutelle eventyr mykje lettare å forsvinne inn i.

Viktigare enn dette er likevel at Sony forhåpentlegvis endeleg klarar å møte etterspurnaden, og produsere nok konsollar i 2023.

Siste fra forsiden