Feature

Desse spela gler vi oss til i april

Alt frå blokkestrategi til vandrande lik ventar på tida di denne månaden.

Star Wars Jedi: Survivor., Dead Island 2 og Minecraft Legends.

Årets første vårmånad har kanskje ikkje vore fullt så vårleg som mange hadde håpa på, men på spelfronten har månaden absolutt levert varene. Vi har kosa oss med alt frå den rosa ballen Kirby til eit trolsk eventyr med unge Bayonetta. Turen gjekk vidare til ei stillehavsøy i det nydelege eventyret Tchia.

PlayStation VR 2 held fram med å imponere, og The Light Brigade bydde på knakande god underhaldning. Førstepremien tok derimot nyversjonen av Resident Evil 4, som fekk heile ti av ti poeng på vår skala.

Om april kan toppe dette finn vi snart ut.

Minecraft Legends

Minecraft Legends byr på blokkestrategi.
Xbox Game Studios

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Nintendo Switch, Windows
Ute: 18. april

Minecraft-universet veks seg stadig større, og denne månaden er det klart for eit flunkande nytt blokkespel. Etter å ha leika oss med fri bygging i originalspelet og Diablo-inspirert grottekravling i Minecraft Dungeons er det no klart for eit strategispel med fokus på både krig og bygging.

Her skal du samle saman di eiga hær og gå til åtak på fienden som kan vere styrt av både maskina og andre spelarar. Dei nøytrale piglinsane dukkar opp som ein ekstra fraksjon som kjempar mot både deg og fienden din, sånn berre for å skape litt ekstra kaos på slagmarka. Spelet kan spelast aleine eller saman med andre, og ser absolutt ut til å kunne by på noko ganske anna for Minecraft-fans.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Minecraft Legends »

The MageSeeker: A League of Legends Story

Ingenting er så gale at litt pikselgrafikk ikkje kan fikse det.
Riot Forge

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Nintendo Switch, Windows
Ute: 18. april

The Mageseeker handlar om Sylas, ein av dei mange heltane frå populære League of Legends. I Dette spelet skal vi ikkje spele mot og med andre spelarar, men i staden ta føre oss historia til denne mektige krigaren. Spelet startar med at Sylas må bryte seg ut av fengsel. Med hemn som mål må du hjelpe Sylas med å samle stadig fleire følgjarar når han etter kvart blir leiar for ein revolusjon som kan snu opp ned på maktbalansen.

Spelet blir eit actionspel med stort fokus på dei unike eigenskapane til Sylas. Med lenkene han ein gong var fengsla med kan han stele trolldom frå fiendane, og i essensene sende angrepa deira i retur. Eventuelt kan han denge laus på dei med nevane, eller hente frå eit stadig vaksande arsenal med magiske angrep.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på The Mageseeker: A League of Legends Story »

Dead Island 2

Sånn går det om du ventar med tannpussen like lenge som vi har venta på Dead Island 2.
Deep Silver

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 21. april

Etter den opphavelege planen skulle Dead Island 2 ut til spelarane i 2015. Slik gjekk det openbert ikkje. Åtte år har gått, og i løpet av den tida har spelet byta utviklar, medan det på eitt tidspunkt ikkje ein gong hadde nokon utviklar. Etter mykje fram og tilbake dukka spelet opp igjen på seinsommaren i fjor, og fekk med det ny lanseringsdato, blei utsett igjen på hausten, før det til slutt blei framskunda med ei veke. Vi får tru dei er sikre i si sak no, desse utviklarane.

Om spelet blir like spanande som historia bak har vi i alle fall ein godbit i vente. Det som er sikkert er at dette blir enda eit spel med mange blodtørstige zombier. I spelet får vi reise til Los Angeles der vi kan velje mellom seks spelbare karakterar. Byen skal bli ei gedigen sandkasse full av moglegheiter, våpen og utfordringar. Vi får krysse fingrane for at den lange utviklingstida var verdt det.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Dead Island 2 »

The Last Case of Benedict Fox

The Last Case of Benedict Fox ser ut til å by på eit mystisk og lekkert eventyr.
Rogue Games

Plattform: Xbox Series S/X, Windows
Ute: 27. april

I dette eventyret med Metroidvania-element skal du ta på deg rolla som detektiven Benedict Fox for å løyse nokre mystiske mord. Saman med ein demonkompanjong kan han gå inn i minna til avdøde folk for å utforske dei, og finne spor som peikar mot kva som eigentleg har skjedd. Etter kvart som spelet går sin gang vil han lære nye eigenskapar, og spelet vil samla sett by på både utforsking, problemløysing og ikkje minst nokre kampar her og der.

Spelet hentar myke inspirasjon frå skriveria til H.P. Lovecraft, noir-filmar og jazzmusikk, noko som burde kunne bli ein svært passande og ikkje minst uhyggeleg kombo. Spelet byr òg på ein temmeleg slåande visuell stil, og ser ut til å kunne bli ein skikkeleg fest for sansane.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på The Last Case of Benedict Fox »

Star Wars Jedi: Survivor

Cal er klar for nye eventyr.
EA

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 28. april

Sjølv om Star Wars kanskje ikkje har heilt den same statusen no som det hadde før Disney tok over, er det framleis mange som ventar med glupsk appetitt på nye Star Wars-spel. Star Wars Jedi: Fallen Order frå 2019 blei i alle fall ein stor nok suksess til at vi måtte få ein oppfølgjar, og denne månaden er det endeleg klart for nye eventyr med Cal.

I Jedi Survivor prøvar Cal å sleppe unna imperiet, og med seg på laget har han nye vener som blir med og hjelper til i kamp. Som det første spelet i serien kan vi naturlegvis vente oss mange kampar med lyssabel og bruk av krafta, krydra med litt lett problemløysing mellom slaga. Historia vil få eit solid fokus, og fleire av figurane frå det første spelet er med på reisa vidare.

­Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Star Wars Jedi: Survivor »

Mykje rart i vente

Stray Blade by på fargerik rollespelaction.
505 Games

April ser ut til å bli ein høgst variert månad med mykje rart, og ikkje minst sært i vente. Vi kan til dømes nemne at Pokèmon-inspirerte Cassette Beasts kjem ut av Early Access. Her du skal kunne samle inn heile 14400 kasett-monster. Vidare finn vi det sideskrollande Metroidvania-spelet Curse of the Sea Rats der du skal spele rolla som piratrotter.

Neste på lista er Road 96: Mile 0, eit spel om venskap og musikk der vi møter to svært ulike vener som må navigere seg gjennom ulike meiningar og konfliktene som kan oppstå av dei. Meet Your Maker blir noko heilt anna. I dette post-apokalyptiske spelet skal vi bygge og raide i eit spel der kvart nivå er designa av andre spelarar.

Everspace 2 byr på enda ein tur ut i rommet, medan Tron: Identity er ei visuell novelle som tek oss med tilbake til den digitale verda anno tidleg 80-tal. God of Rock spelar opp til kampsportdans i ein kompinasjon av rytmespel og slåssing. Meir slåssing blir det i Stray Blade, eit actionrollespel i eit fargerikt univers.

Advance Wars 1+2: Re-Boot Camp byr på månadens dose taktikkmoro.
Nintendo

Dei resterande spela på lista vår denne månaden er alle spel som har vore ute før i ei eller anna form. Ghostwire: Tokyo frå i fjor kjem til Xbox og Game Pass denne månaden, medan Nintendo Switch-rollespelet Live A Live kjem til PC og PlayStation.

Det sideskrollande PlayStation 2-rollespelet GrimGrimoire kjem òg tilbake denne månaden i form av GrimGrimoire OnceMore. Meir blir det også når Mega Man Battle Network Legacy Collection samlar alle dei ti Mega Man Battle Network-spela i ei pakke.

Før vi gjer oss er det absolutt på sin plass å ta med at Advance Wars-serien endeleg kjem tilbake med nyversjonar av dei to første spela i samlepakka Advance Wars 1+2: Re-Boot Camp.

Siste fra forsiden