Anmeldelse

Bayonetta Origins: Cereza and the Lost Demon

Eit sjarmerande stykke trolldom

Bayonetta Origins leverer eit veldig annleis, men veldig triveleg eventyr.

Nintendo

For den som ventar eit nytt, glorete eventyr med kommentarar så skarpe at dei glir så gjennom emnet så lett at dei møter stein på andre sida og blir sløve igjen, finn du lite som matar appetitten din i Bayonetta Origins: Cereza and the Lost Demon.

I dette sidespranget frå Platinum Games møter vi igjen deira store galleonsfigur Bayonetta, men i ei heilt anna utgåve. I staden for actionheltinna vi kjenner, møter vi no ei stakkars lita jente som er milevis frå det ballesparkande beistet av ei dame vi møter elles i den populære spelserien. Dette er før sjølvbiletet har blitt bygd opp til sine rettmessige høgder, medan ho er i trening hos ei gammal, utstøtt heks, og draumar om å befri mor si frå fengsel.

Historia er ei enkel reise, og Bayonetta Origins er så nært vi nokon gong kan kome eit interkativt, klassisk eventyr. Forteljarstemma er ei aldrande dame, og kapitla kjem til oss gjennom sider i ei bok som blir bladd om, medan spelet dreg oss inn i ei verd som ser handteikna og levande ut. Det er nydeleg og utruleg sjarmerande, med ein vimsete og trolsk musikk som gjer opplevinga komplett.

Frå ein til to

Kva er det denne mystiske reven vil då?
Nintendo

Vi møter Bayonetta som ei ung jente i heksetrening. Ho må gjere enkle oppgåver for sin mykje eldre mentor, og gjennom desse tek spelet oss gjennom sitt enkle, men tidvis forvirrande kontrollsystem.

Tidleg får Bayonetta i oppgåve å mane fram ein demon, for det er sånt hekser gjer. Dette går litt skeis, og i staden for å hente fram ein demon som buset seg i håret hennar, finn den seg ein heim i kattebamsen Cheshire. Kort tid seinare rotar Bayonetta seg inn ein forboden skog, og som vi alle veit, om du vil ha ein unge til å gjere noko er det berre å gjere det tydeleg at dette er ikkje lov.

Bayonetta Origins er eit spel som har lite til felles med dei andre Bayonetta-spela. Joda, det er ei heks i sentrum, og ho brukar litt magi her og der, men dette er eit sjarmerande eventyr der samarbeid står i fokus. Dette er derimot ikkje samarbeid for to spelarar, i staden har spelet henta ein solid porsjon inspirajson frå Brothers: A Tale of Two Sons, og lar deg styre både Bayonetta, eller Cereza som ho eigentleg heiter, og Cheshire på ei og same tid.

Det byr på sine utfordringar, spesielt i møte med dei slemme vettene som herjar i skogen, men det går seg til, og ein blir vand med det. Utviklarane har gjort ein god jobb i å gje ulike oppgåver til kvar hand. Med den venstre handa styrer du Bayonetta og kastar ut tornemagi som fangar fiendar, og med den høgre handa spring du rundt med den digre kattedemonen Cheshire og bit, glefsar og riv fiendane i bitar.

Ei fortryllande reise

Spelet let deg tilpasse kor utfordrande det skal vere.
Nintendo

Bayonetta Origins tek oss på sett og vis med tilbake til ei svunnen tid. Ei tid då figurane vandra over statiske bakgrunnar med låste kameravinklar. Bayonetta Origins hentar fram igjen denne nesten ignorerte kunstforma, og med stort hell. Det er eit visuelt val som kler spelet perfekt, og har tillete utviklarane å iscenesette introduksjonen av nye landskap og viktige destinasjonar, eller dra blikket til spelaren i riktig retning. Kameravinkelen spelar på lag med den leikne og uttrykksfulle stilen på ein måte som får kvart område til å sjå ut som om det er henta rett ut av ei biletebok.

Det er naturlegvis meir til spelet enn berre ein sjarmerande audiovisuell presentasjon. Noko må ein jo gjere i dette spelet, og fornøyeleg nok er dette spelet like tilgjengeleg som dei andre Bayonetta-spela. Desse spela let deg justere vanskegrada i så stor grad at spelet til slutt nesten spelar seg sjølv, om det er det du søker.

Sjølv om dette kanskje ikkje er min kopp te, ser eg absolutt appellen ved det i eit spel som dette. Bayonetta Origins er ikkje det eg på nokon måte vil kalle eit vanskeleg spel, men det er eit spel som kan vere eit fint eventyr for alle aldrar, og då er det fint å kunne justere bort utfordringa ved kampane slik at det er tilgjengeleg for absolutt alle.

Kampane er uansett berre ein liten del av dette spelet. Det meste av tida vil gå med på å finne vegen vidare. Cereza er for det meste ganske hjeleplaus bortsett frå eitt og anna høve der ho kan nytte magien sin, og må stort sett ha hjelp frå Cheshire.

Tidvis er Bayonetta Origins heilt magisk.
Nintendo

Saman må dei opne dører, gjerne barriærer, og løyse ei lang rekke små utfordringar og hinder. Det er ikkje utfordrande, men det er underhaldande, og mange gongar svært kreativt. Nokre gongar må Cheshire bruke den lange tunga si for å dra vogner slik at Bayonetta kan klatre på dei. Andre gongar må han bruke vekta si til å knuse stein, og ein annan gong må han inn i eit digert hamsterhjul der du må flytte han fram og tilbake for å heve og senke ulike platå Cereza må vandre over for å nå målstreken.

Det er leikent og moro på ein måte vi ser litt for lite av for tida.

På toppen av dette ligg eit ørlite snev av Metroidvania-inspirasjon. Etter kvart som du reiser lengre inn i skogen vil du plukke opp ein haug med bær og andre godsaker som let deg oppgradere Cereza og Cheshire. I tillegg vil du ved vise punkt i spelet låse opp nye former til Cheshire. Der han først er berre ein sint demonkattebamse, blir han etter kvart ein demonkattebamse som kan ta på seg ulike elementformer som tre og stein. Med desse nye eigenskapane kan du reise tilbake til tidlegare område og opne nye vegar, samt finne skjulte skattar.

Når spelet vaknar

Her og der må Cereza og Cheshire gjere to ting samstundes.
Nintendo

Meir enn noko er det herleg brakt til live. Cheshire er animert og lydsett på ein måte som får beistet nesten til å storme ut av skjermen og inn i fantasien din. Den er så levande og vill at det er vanskeleg å ikkje få lyst til å risikere handa si ved å klappe den. Cereza er det perfekte motstykke, ei unge jente som sakte finn motet, har eit snev av den personen ho kjem til å bli, men må lene seg på brutaliteten til demonkattebamsen sin for å overleve.

I tillegg fortel musikken ei engasjerande historie heilt på eiga hand. Delar av den er nesten mistenksamt lik mykje av musikken i The Legend of Zelda: Breath of the Wild. Små trallar på pianoet er bakteppet for mykje rart, og det var så likt at eg måtte sjekke om det var same komponist, noko det ikkje var.

Det meste av musikken er som den perfekte forlenging av det visuelle. Vi får samspel mellom piano og klarinett, eit og anna forvirdd instrument med ekko som dalar inn i det fjerne, og modeulerte instrument som vekker akkurat passe mengd uhygge.

Konklusjon

Det er ikkje alltid så lett å vere stor, feit, demonbamsekatt.
Nintendo

Bayonetta Origins: Cereza and the Lost Demon er ikkje eit spel eg såg kome, men eg er glad for at det er her. Det er eit fornøydeleg eventyr som byter ut utfordring og timing av angrep med gleda over å utforske nye område. Kvart steg du tar tek deg nærare ein ny og fantasifull stad som byr på noko nytt å sjå og gjere.

Spelet har ein god balanse mellom kampar der kattedemonbamsen Cheshire får glefse frå seg, og praktiske oppgåver der du må bruke både Cereza og Cheshire for å opne opp vegen vidare. Du må aldri tenke lenge for å finne vegen vidare, og det er ikkje til å nekte for at spelet godt kunne ha gjeve oss hakket større problem å bryne oss på, men det blir eigentleg flisespikkeri.

Bayonetta Origins: Cereza and the Lost Demon er eit sjarmerande og underhaldande eventyr vel verdt tida.

Bayonetta Origins: Cereza and the Lost Demon er ute til Nintendo Switch.

8
/10

Siste fra forsiden