Anmeldelse

Like A Dragon: Infinite Wealth

Galskapen lenge leve

Like a Dragon: Intinite Wealth er eit herleg spel, men ta deg ei pause.

Sjakktrekket til Yakuza: Like a Dragon var å starte det heile med ein introduksjonssekvens som varte i fleire timar og nesten ikkje lot deg spele. Det blei nok i meste laget for mange, men det er jaggu ikkje mykje som har dratt meg inn i eit spel og ei historie med meir brutal slagkraft enn kva dette spelet gjorde.

Oppfølgjaren Like a Dragon: Infinite Wealth gjer nesten det motsette. Det er noko av det tregaste og mest sørgjelege eg har vore med på på svært lang tid. Det er inga akutt konflikt her, du berre følgjer vår ven Ichiban Kasuga nokre dagar på jobben, vandrar rundt i den svære byen vi kjenner godt frå før, tek ei pubrunde saman med gamle vener, handlar litt i butikkar, deltek i eit pinleg forsøk på dating, før vi mottek falske anklager og livet tek ein brå u-sving.

Dramatikk blir det eigentleg lite av, og det er lett å lure på kva som eigentleg har skjedd med denne serien. Rundt kvart hjørne er ei ny bihistorie som strengt tatt ikkje er så interessant. I løpet av dei første kanskje ti eller meir timane er dei fleste bihistoriene berre der for å langsamt og uuthaldeleg introdusere ca tusen ulike kontrollsystem for tusen forskjellige minispel du med få unntak kjem til å bryne deg på ein gong, og aldri gå tilbake.

Det er rart. Aldri før har eg starta eit spel med slik iver, berre for sakte, men sikkert få all motivasjon slipt vekk av eit spel som nesten kastar deg på dør med ein beskjed om å finne noko fornuftig å bruke livet på.

Du sa det, Kasuga, du sa det.
Øystein Furevik/Gamer.no

Berre vent, det blir bra

Eg minnest alle dei som prøvde å få meg til å spele World of Warcraft ved å fortelje meg at det blei bra etter 20 (eller var det 200?) timar. Sorry altså, men om eg må spele eit spel i 20 timar for å ha det moro er det eit mylder av andre ting eg heller kan ta meg til. Infinite Wealth tek ikkje like lang tid for å bli bra, men det tek seg god tid. Så god tid at om dette ikkje var jobben min akkurat no, er det godt mogleg eg hadde lagt det frå meg lenge før det blei moro. Berre det å låse opp jobbsystemet tok meg 20 (!) timar.

Men så snart det er gjort skjer det noko, og eg byrjar å lure på om desse World of Warcraft-folka var inne på noko. Det blir ferre distraksjonar fordi utviklarane no er ferdige med å lesse nye ting på deg, og fokuset blir på det som gjeld; deg, gjengen din, oppdraget ditt.

Det som ventar er eit enormt og omfattande spel fylt til randen med små detaljar. Det er så vanvittig mykje her at å høvle over alt i ein tekst er nesten umogleg. Visst er historia det viktige bindeleddet som held alt saman, men det er så mykje rundt den, så mange små ting og små detaljar som saman skapar ei verd du verkeleg føler du er ein del av.

Den startar kanskje litt tregt denne gong, men det har sine grunnar. Vi resier tilbake til Yokohama nokre år etter hendingane i Yakuza: Like a Dragon, og blir oppdaterte på korleis liva til gamle kjende er no. Dramatikk er det lite av, men vi endar omsider opp på eit fly til Hawaii. Der møter vi nokre gamle kjenningar, og får fleire nye. Forteljinga utviklar seg til å bli stor, ambisiøs, og delt over to land der du skiftar mellom å spele i Japan og på Hawaii med eit persongalleri som er både digert og lett å bli glad i.

Geniet til folka bak desse spela er den imponerande evna dei har til å skape truverdige og likandes folk medan dei vever saman historier som verkeleg får deg til å bry deg om kva som skjer. Infinite Wealth er det mest ambisiøse projektet dei nokon gong har gjort. Det er enormt, og på eit punkt kanskje 60 timar ut i spelet då det kom eit ørlite tilbakeblikk blei eg nesten sjokka over at det var frå same spel, sidan det var så lenge sidan, og så mykje hadde skjedd.

Dans dei til døde!
Øystein Furevik/Gamer.no

Spinnville kampar

Det blir naturlegvis mange slagsmål på reisa, både gjennom herleg regisserte filmsekvensar, men og gjennom det glitrande trubaserte kampsystemet som blei introdusert i Yakuza: Like a Dragon. Det er få endringar å spore her, men vi har fått ei rekke nye jobbar som byr på ein heile haug med bisarre måtar å kjempe mot fiendar på.

Alle har sine individuelle jobbklassar som berre dei kan ha, men vi finn i tillegg ein haug med jobbar alle kan velje mellom. Det som er litt synd akkurat her er at mannfolka har langt meir å velje mellom enn damene. Jobbklassar er delt på kjønn, og eg kan forstå det til ei viss grad, men i eit spel der du kan møte småfeite pervoar innsmurte med glidemiddel ser eg ingen logisk grunn til at ein mann ikkje kan vere hula-danser, eller ei dame vere cowboy.

Ei av styrkene til kampane er alt rommet for strategi som finnest her. Ved å posisjonere deg riktig kan du sparke ein fiende inn i andre fiendar for å utløyse kjedereaksjonar der fiendar ramlar over og skadar kvarande. Gjenstandar som brennbare tønner kan plukkast opp for å setje fyr på fienden, og om ein slesk fiende har gjort deg forkjøla, kan du angripe andre fiendar for å spre smitten.

Det er fullt av små, artige og smarte detaljar her som du oppdagar ved å spele mykje, og det er eit spel som aldri heilt sluttar å gi.

Om du blir lei av å springe kan du alltids ta ein sånn.
Øystein Furevik/Gamer.no

Utmattande digert

Yakuza-spela har alltid vore så krydra med aktivitetar å ta del i at dei fort kan ende opp med å ta mesteparten av tida di. Det er få som klarar, sjølv om dei prøvar, å gå hardt gjennom historia utan å la seg hefte med distraksjonar. Det er nesten umogleg, ikkje berre fordi det er så mange av dei, men òg fordi mange av dei er veldig moro.

Her finn ein alt frå kjende fritidssyslar som golf og baseball til majong og ein tur på strippeklubb. Vi finn haugar med folk som treng hjelp av ulikt slag, Crazy Taxi-inspirert pizzaleveranse, matservering, blikkbokssamling og ei heil Pokèmon-inspirert greie der du skal samle krigarar til bruk i ein eigen konkurranse, berre for å nemne det eg kjem på akkurat no.

I Infinite Wealth får vi i tillegg ei heil øy der målet er å byggje opp ein feriedestinasjon. Du må rydde den for søppel, nedkjempe sleppe Washbucklers som brukar øya som dumpeplass for søppel, og kjøpe nye bygningar og aktivitetar for å få folk til å kome på besøk. Eg trur eg mista nesten ti timar der før eg innsåg at dette hadde eg verkeleg ikkje tid til.

Poenget er, det er vanvittige mengder med innhald i dette spelet som har ingenting med sjølve historia å gjere. Eg har ikkje ein gong gått inn på korleis du byggjer tettare band til reisefølgjet ditt ved å høyre på praten dei i mellom, og kome med eit godt råd no og då, eller alt fokuset du kjem til å ha på å byggje betre våpen til folka dine.

Om du lurer på kva Yakuza-serien handlar om oppsummerer dette biletet det heile veldig greit.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

Det er litt vanskeleg å heilt setje fingeren på kva eg eigentleg tenkjer om Like A Dragon: Infinite Wealth. Akkurat no elskar eg det, men det tok nokre timar. Eg meiner å hugse eg på nokre tidspunkt sukka svært høgt, frustrert over å bli tvinga inn i enda ein intetsigande dialog med ein bikarakter som berre ville ha meg til å gjere noko så teit som å fotografere pervoar på gatene i Hawaii.

Det er litt synd. Førsteinntrykk er for mange alt, og ein treg start kan gjere uoppretteleg skade på eit spel. Balansegangen i spelet kunne og burde ha vore mykje betre. Utviklarane kastar litt for mykje på deg litt for fort, og du får ikkje heilt tid til å puste, eller bli skikkeleg engasjert av historia. Det er for mange ufrivillige pauser på vegen.

Når timane har gått unna og ein endeleg er verkeleg investert, viser derimot spelet alle styrkene denne serien er kjend for. Det har ei ufatteleg sjarmerande verd, mange artige aktivitetar og elemnt å utforske, og eit mylder av ein ting til-ting ein skal gjere før det er midt på natt og ein innser dette gjekk litt over styr.

Best av alt er likevel, som vanleg, den kanonsterke historia som har rulla og gått i snart 20 år. Det er imponerande, og Like a Dragon: Infinite Wealth er både eit eksplosivt spel som held fram med å dra serien i nye retningar, men og eit nostalgisk tilbakeblikk som tek seg tid til å oppsummere kva som har skjedd i løpet av alle desse åra. For nykomarar er det eit spinnvilt første steg inn i ei ny verd, men for veteranar vil eg tru dette spelet kan tvinge fram ein klump i halsen.

Like A Dragon: Infinite Wealth slippes 26. januar til PlayStation 5 (testa), PlayStation 4, Xbox Series X/S, Xbox One og PC.

8
/10
Like a Dragon: Infinite Wealth
Ei altomslukande reise i den kriminell underverda.

Siste fra forsiden