Anmeldelse

Yakuza: Like a Dragon

Om du likar rollespel frå landet i aust, har Yakuza: Like a Dragon alt

Det er nesten ikkje til å tru. Kalenderen viser år 2020, og vi får eit flunkande nytt spel i ein gammal serie som går heilt feil veg. Når eg seier feil blir det òg eigentleg litt, vel, feil. Vi snakkar om trendane i tida, nærare bestemt det som har skjedd med japanske rollespel. Ta den største til dømes, Final Fantasy-serien, og sjå korleis den stadig tek fleire steg i retning av action og kampar i sanntid. Sjå rundt deg og finn ei verd som tek eitt og eitt steg lengre bort frå dei klassiske, turbaserte rollespela vi vaks opp med.

Men ikkje Yakuza. Denne serien er ferdig med action den. No er det tid for noko nytt, noko spenstig, og vågalt. så kva er vel då betre enn å byte ut det ein gong Virtua Fighter-inspirerte kampsystemet til fordel for turbaserte kampar og så mange japanske rollespeltroper at ein kan drukne i dei?

Det er ei openbering.

Tei stilt og følg med!

Vår helt, Ichiban Kasuga.

Yakuza-serien bryr seg ikkje om deg. Den bryr seg om seg sjølv. Yakuza: Like a Dragon har ei historie å fortelje, og om det kjem i vegen for kvardagen din, jobb, middag, bleieskift. Synd. Det er ditt problem. Dei første timane med Yakuza: Like a Dragon går med på å sitje pent med kontrollaren i fanget medan historia fyrer opp. Ein og anna gong dultar du bort i analogstikka fordi skjermen har blitt mørkt, og ein, kanskje to, gongar i timen får du lagre spelet, sånn berre for å ha gjort det.

Det går unna i eit fascinerande tempo, og enda meir fascinerande er det korleis dette utviklarstudioet som strengt tatt har levd i skuggen av dei fleste andre japanske utviklarstudio klarar å presentere ei historie som er så bra at til og med kona di som er djupt fanga av Animal Crossing ser opp frå skjermen for å få med seg kva som skjer.

Om ein først skal starte eit spel med fleire timar ustanseleg historieformidling kunne det ikkje ha vore gjort betre. Glimrande dramaturgi, eit overbevisande persongalleri, drama, humor, og ein grafikk som presenterer figurar så overbevisande at ein nesten trur dei er ekte. At spelet for første gong sidan 2006 kjem på engelsk, er eit midlt sjokk, og etter å ha spelt ei rekke Yakuza-spel på japansk kjennest det nesten litt blasfemisk å sjekke ut korleis det er på engelsk.

Frykta forsvinn derimot kjapt, for dette er eit av dei betre oversetjingsprosjekta eg har høyrt på lang tid. Vi møter ein etter kvart tett samanknyta gjeng med hovudpersonar, og skodespelarane får dei verkeleg til å blomstre. At ein god andel skodespelarane er av asiatisk opphav er òg med på å gje spelet eit solid snev av autensitet som berre blomstrar etter kvart som karakterane veks, blir glade i kvarandre, og du i dei. Eg trur på desse folka, dei er overbevisande og ekte, og både gjennom den overhengjande historia, og dei mindre historiene på det personlege plan skapar spelet noko heilt spesielt.

Jaså, du vil gjere noko sjølv?

Når historia dreg i gong er den heilt fantastisk.

Etter dei intense første timane der du knapt får lov til å ta i kontrollaren opnar spelet seg gradvis opp, og vi får ei knallgod historie eg nesten ikkje har lyst til å seie noko om av frykt for å øydeleggje moroa, men mykje skjer. Frå å vere ein tøff Yakuza på toppen, med verda for sine føter, landar du raskt på trynet i grøfta, og ein solid porsjon av spelets tidlege timar går med på å overleve i ein by som ikkje vil ha deg. Allereie her byrjar spelet å vise sitt store problem med å ta ting, seg sjølv inkludert, for alvorleg.

Yakuza: Like a Dragon er ein ny start for serien. Ny hovudperson, nytt kampsystem og nye ting å leike seg med. Ikkje minst byr spelet på Yokohama, ein heilt ny by, og i løpet av dei tidlege timane går mykje tid med på å bli kjend med gatene og dei nye systema spelet byr på.

Vår helt heiter Ichiban Kasuga, og han elskar Dragon Quest. Som i Square Enix sin klassiske rollespelserie vil han vere ein helt, han vil kjempe for dei som ikkje kan kjempe sjølv, og som ein naturleg konsekvens av dette formar heile verda seg rundt hans entusiasme for japanske rollespel. Livet er eit spel, og som i alle rollespel med respekt for seg sjølve er det å byggje opp karakterane uhyre viktig.

Dette gjer ein sjølvsagt ved å levle opp, eller levle opp i livet, om du vil. Metoden for dette er som i alle spel erfaringspoeng, og dei får ein først og fremst frå alle fiendane som vandrar gatelangs i Yokohama. Skjønt, fiendar er kanskje feil ord, her snakkar vi pøblar, sporstfans, vertar, frisørar og alt det som verre er. Er du riktig uheldig kan du møte ein blottar med hentesveis og tvilsame dansesteg.

Syng eing song for verdsfreden.

For å halde oversikt over alle desse krypa som slentrar gatelangs både natt og dag hentar Yakuza: Like a Dragon inspirasjon frå Pokémons Pokédex, og gjev oss vår eigen Sujidex der vi får full oversikt over alle sosiale avvik vi har møtt, og kvar vi kan finne dei.

Om du er ein av dei som meiner turbaserte kampar er trege og avlegs, er Yakuza: Like a Dragon spelet som beviser at meininga di er feil. Dette spelet tek meir inspirasjon frå Persona 5 i oppbygging enn til dømes gamle Final Fantasy, og resultatet er eit uhyre kjapt og elegenat kampsystem som sørgjer for at ting aldri står heilt stille. Du kan sjølvsagt ta deg all den tid du treng for å finne ut kva du skal bruke ein tur på, men ingen står heilt i ro under ein kamp, sjølv om det er din tur vil fiendane dine vandre rundt og sørge for at eit angrep som treff fleire fiendar samtidig handlar like mykje om timing som om strategisk planlegging.

Vi får og ein haug med eigenskapar og angrep basert på spelets heilt fantastiske jobbsystem. Her finn vi ikkje krigar, magikar og prest, nei langt der ifrå. Om du vil vere krigar blir du bodyguard og brukar din flammande katana til å gjere kål på fiendane, ein etter ein. Treng du ein lege kan du få ein av venene dine til å bli musikar som kan vandre rundt med ein kassegitar og synge om å gje freden ein sjanse for å få opp helsa, eller syngje songar om indre smerte for å vel, påføre fiendane indre smerte.

Det stoppar heller ikkje der. Du kan bli ein lettkledd stripper/dominatrix-kombo som dansar for å sparke livskiten ut av ei gruppe fiendar, eller førfører dei med kyss og uanstendige forslag. Vidare finn vi bygningsarbeidar, breakdanser, kokk og mykje anna som verkeleg er med på å gjere Yakuza: Like a Dragon til noko heilt for seg sjølv.

Kampane er kjappe og underhaldande.

Alt byen byr på

Men det stoppar ikkje der. Kasuga har i tillegg til direkte kamprelaterte stats ein serie med eigenskapar som er unike for han, og spelar på korleis han fungerer mentalt. Kor snill han er, kor tøff eller kor stilig med meir er parameter du sjølv kan byggje opp og som vil få innverknad på ei rekke felt i spelet. Desse blir ikkje bygd opp ved å gå i kamp, i staden løftar desse seg ved å blant mykje anna lese noko relatert til kva du vil forbetre, eller gjere ulike val gjennom dialogar som dukkar opp.

Rundt omkring i Yokohama finn vi også ei rekke fasilitetar som hjelper deg med å byggje opp Kasugas mentalitet. Du kan kaste dart, spele mahjong eller shogi, gå på kino for å utfordre deg på eit intenst minispel om å halde seg vaken, eller du kan gjere det enkelt og berre gå på skulen for å ta eit kurs i alt som skjer i verda.

Moglegheitene er ikkje berre mange, dei er overveldande, og det blir stadig strødd på meir for deg å gjere. Du kan gå på klubbar og restaurantar for å forebu deg på neste kamp, delta i Dragon Kart for å få tilfredstilt behovet for kartkøyring, eller du kan ta del i bedriftssimulatoren der du skal kjøpe og drifte stadig fleire bedrifter i eit mål om å tene mest mogleg pengar.

Som du kanskje skjønar er det lett å gå seg vill i Yakuza: Like a Dragon. Det er eit spel der det er uforsvarleg lett å spore av fordi du berre skal gjere den eine tingen der, og når du endeleg klarar å lausrive deg frå den dukkar det opp noko nytt. Om det så er eit av eit mylder av sideoppdrag i alle tenkjelege former.

Konklusjon

Yakuza, eit spel for vaksne born.

Det er lenge sidan eg har kosa meg så mykje med eit spel. Som regel i løpet av ei gjennomspeling møter eg eit eller fleire punkt som irriterer, provoserer og får meg til å tenkje at dette, det gidd eg ikkje akkurat no, før eg slår av og prøvar igjen neste dag.

Ikkje Yakuza: Like a Dragon. Dette spelet er ein fryd å spele. Skulle du bli metta på noko, er det alltid noko anna som ventar på å ta merksemda di, og når du er ferdig med det er appetitten på plass igjen for det du eigentleg dreiv på med. Spelet bugnar så over av ting å gjere, både viktige og uviktige at det ikkje gjer noko om du ikkje diggar alt, du har ikkje tid til alt uansett, og det er alltid noko anna som ventar på deg.

Men mest av alt er dette eit fantastisk godt samansnikra japansk rollespel. Det byr på alt du kunne ynskje frå sjangeren. Ei glimrande historie, eit fantastisk persongalleri, eit engasjerande kampsystem, samt ein heil haug med minispel og diverse dill dall du kan bruke tida di på.

Yakuza: Like a Dragon er den perfekte inngangsportal. Både for deg som er litt nysgjerrig på Yakuza-serien, men og for deg som enno ikkje har oppdaga kor fantastiske japanske rollespel kan vere. Til alle som allereie veit det, dette må du ikkje gå glipp av.

9
/10
Yakuza: Like A Dragon
Det er lenge sidan eg har kosa meg så mykje med eit spel.

Siste fra forsiden