Anmeldelse

Hard West 2

Skriv om den taktiske regelboka

Om XCOM-formelen har blitt for treg for deg, er Hard West 2 ein eksplosiv evolusjon.

Hard West 2.
Ice Code Games

Det finnest ein haug med turbaserte taktikkspel i XCOM-gata å velje mellom, og fleire kjem det, men brorparten av dei har nokre temmeleg grunnleggjande fundament til felles. Du har definitivt eit knippe krigarar, og dei får handlingsrom til å utføre ein – kanskje to – ting per tur. Det er den etablerte standarden, og det skal vel noko til for å snu opp ned på den kanskje?

Hard West 2 gjer akkurat det, snur opp ned på heile sjangeren. I staden for ein tur per figur, tradisjonen tru, kan du her halde på igjen og igjen om du berre drep noko. Drep ein fiende, og du får ein tur til, enda ein fiende, atter ein tur. Det er ingen ende på kor langt du kan gå om du berre drep noko. Dette er blodtørstens spel, og det er heilt fantastisk.

Kva har vi gjort for å fortene dette?

Historia er akkurat passe mørk og dyster.
Øystein Furevik/Gamer.no

Det er lett å tenkje seg at eit taktikkspel vil bli for lett om ein tillet eit system der du får gå og gå om du tek fiendar av dage. Dette kunne ikkje ha vore lengre frå sanninga. Hard West 2 er bygd for å sparke rumpa di. Det er lenge sidan eg har lagra og lasta fram igjen spelet så hyppig som i dette spelet. Det er alltid noko som kan gjerast betre, alltid ein liten feil du berre ikkje kanakseptere. Når ein først får blod på tann er det vanskeleg å sleppe tørsten.

Utgangspunktet er ganske enkelt. Dette er western-versjonen av XCOM. Det byr på ein del overnaturlege element, og vi møter ein djevel ganske tidleg, samt nokre zombier og ein fyr som godt mogleg var i betre humør før han blei gravlagd under eit hus.

Vi får snart kontrollen over ei lita gruppe bastardar som reiser mellom små tettsatder, ein og annan gård, og tek på seg oppdrag og gjer sitt beste for å bli sterkare og meir effektive medan dei spyttar tobakk og ukvemsord som om det stod om livet. Dette er derimot ikkje eit rollespel. Det finnest ingen poeng å fordele og nivå å klatre. I staden kan du utruste kvar krigar med opp til fem kort. Desse har alle bonusar i seg sjølv, men om du samlar kort i til dømes eit par, to par, tre like, ein straight eller fullt hus vil du i tillegg kunne låse opp unike eigenskapar og bonusar for kvar krigar.

Utfordringa er at du kan aldri få alt. Det er alltid noko du må velje bort, og dette blir ein litt bitter motivasjon som får deg til å eksperimentere for å finne den beste kombinasjonen for deg.

Mellom slaga får du ri gjennom villmarka.
Øystein Furevik/Gamer.no

Fantastisk spanande kampar

Korta har ein enkel og viktig funksjon; å ruste deg betre for dei brutale kampane du har i vente. På overflata er ikkje Hard West 2 stort meir enn ein western-versjon av alt som kan krype og gå av taktikk-spel, men det er likevel så mykje meir. Det er så mange kule ting du kan gjere i dette spelet med dei små midlane du har, at eg sjølv mangfaldige timar inn i spelet tok meg i å bli stadig imponert over korleis eg kunne kombinere dei eigenskpane til dei ulike krigarane for enorm destruktive nyting.

Det er Bravado-systemet som er kongen her. Det er dette som held deg gåande igjen og igjen. Drep ein fiende, og karakteren som stod bak bragda får tilbake alle actionpoeng, og kan dermed både flytte på seg og/eller angripe igjne. Dette systemet gjer det mogleg å kome seg gjennom tilsynelatande umoglege utfordringar med klasse og stil. Kanskje går det skeis første gong, tredje gong, til og med fjerde gong, men så brått kjem du på eit triks du har i erme, og det heile løyser seg.

Ved sidan av Bravado-systemet har alle krigarane ein spesiell eigenskap som kan brukast med jamne mellomrom. Heksedama i gruppa kan byte plass med ein fiende eller ven, og kan på den måten snike seg inn bak fiendane, kanskje sdrepe ein av dei for å få Bravado, og deretter ein til. Har fiendane for mykje helse til at du kan ta knekken på dei, har den vandøde gretne gubben eit spesialtriks som tek liv frå alle synlege fiendar. Presten i gruppa kan byte helse med ven eller fiende, og om han er nær døden kan han berre byte helse med ein fiende, drepe den, og så i tillegg få tilbake litt helse per runde. Vidare kan han byte helse med ein ven, drepe ein nye fiende, og spre regenererande helse til heile gruppa.

Det er så mykje moro å leike seg med i dette spelet at er lett å gløyme mykje av det. Meir enn ein gong har eg bite tenna saman i rein frustrasjon over kor brutal ei utfordring er, berre for å klaske meg sjølv i panna når eg omsider kjem på ei triks som kan brukast.

Bakhaldsangrep

Laughing Deer kan ta beina fatt for å gjere meir skade.
Øystein Furevik/Gamer.no

Eit av desse triksa er rikosjetterande kuler. Er prosentsjansen for å treffe fienden for låg? Sjekk om det er ei tønne, eit skilt eller noko anna av hardt metall i nærleiken og du kan sprette kulene fram og tilbake for å treffe fiendar ein i første omgang skulle tru var ute av rekkevidde.

Den totale pakka med triks du har i ermet resulterer i det som burde vere regelrett overkøyring av fienden. Du er så overmenneskeleg til tider at kjensla av å vere heilt sinnsjuk vellar over deg. Det fine med akkurat dette er at sjølv om meistringskjensa er enorm og ein blir rett og slett kry over kva ein får til, er spelet alltid parart til å slå deg i trynet og jekke deg ned mange hakk.

Som sagt blir det mykje lagring og lasting. Dette er ikkje eit spel der ein lett kan ture fram, og noko av det første muskelminnet fekk memorisert var rask lagring og lasting.

Det kan tidvis bli litt i meste laget, og det er eigentleg her spelet møter veggen. Enkelte scenario er så kompromisslaust brutale at ein kan bli litt matt. Mange kampar er lange, dei går over store kart der du møter mange puljer med fiendar, og dei siste du møter er gjerne dei verste. Det kan bli ei utriveleg utfordring der du aldri veit kva som kjem, og sjølv om kjensla av å meistre desse utfordringane er herleg, er ikkje alltid vegen dit det. Å møte ein gjeng med fiendar som manar fram nye fiendar når du syng på siste verset etter eit langt slag er, vel, eit slag i trynet.

Den harde, ville vesten

Du får til og med jakte tog med hest.
Øystein Furevik/Gamer.no

Mellom alle utfordringane ligg eit nydeleg fortalt eventyr. Dette er ikkje eit spel der historia krev mykje plass, men den ligg der som eit stemningsfult bakteppe.

Historia blir fortalt gjennom teikneseriepanel av grov og mørk stil, og gjev deg ein og annan gong sjansen til å byggje opp relasjonane mellom folka i gruppa di, noko som vidare kan la deg kome lettare ut av enkelte utfordringar. Spelet byr ikkje på moralske utfordringar av nemneverdig natur. Nokre oppdrag har fleire utfall, men som regel betyr det ikkje meir enn at du får eit betre forhold til ein av følgjesvenene dine i staden for ein annan.

Dette har sine fordelar sidan gode forhold kan låse opp nye eigenskapar, men det er ingenting å tape her. Det finnest ikkje eit feil val som øydelegg forhold, og det framstår litt som ein tapt sjanse til å skape litt større bry når val skal takast.

Stemninga rundt historia er strengt tatt ein mykje større og viktigare karakter enn historia i seg sjølv. Visuelt skil ikkje spelet seg ut, men lydbiletet skapar ei herleg og dyster western-stemning. Musikken er akkurat passe skiten og tørr ørkenrock, og skodespelet er truverdig og barskt. Om noko, skulle eg ynskje det var hakket meir skodespel. Det aller meste av teksten er berre tekst der ei stemme av og til kjem inn. Det heile framstår litt halvgjort og kunne ha vore mykje meir.

Det er likevel godt nok til at ein gjerne vil ha meir når det heile er over. Dette er ikkje eit spel som vil halde på deg i mange månader, og eg skulle ynskje det var litt lengre. Ikkje at det er eit kort spel, men når noko er så artig som dette, vil ein gjerne ha meir, ikkje mindre.

Konklusjon

Tek du livet av ein fiende får du ein ny tur.
Øystein Furevik/Gamer.no

Hard West 2 er eit av dei artigaste og mest herleg utfordrande taktikkspela eg har spelt på mange år. Det er ikkje ofte eit taktikkspel oppfordrar deg til noko anna enn å ligge i skjul før du utfører nøye gjennomtenkte attentat, men Hard West 2 får det til. Her er det om å gjere å få til mest mogleg på ei runde, og kunsten å kombinere eigenskapane til karakterane med det høgst engasjerande Bravado-systemet gjer spelet til ei engasjerande oppleving.

Det byr og på ei superb utfordring som tidvis grensar til å bli kanskje litt for superb. Om det er ein ting eg raskt blei litt lei av, så var det konstant lagring og lasting. Enkelte kampar tek mange gongar lengre tid enn dei kanskje burde fordi alt blir gjort eit utal gongar.

Jamt over er uansett Hard West 2 eit herleg og utfordrande spel, som godt kunne ha vore litt lengre.

8
/10
Hard West 2
Hard West 2 er eit herleg og utfordrande spel, som godt kunne ha vore litt lengre.

Siste fra forsiden