Feature

Spel i februar

Desse spela gler vi oss til i februar

Eit nytt år er i gong, og no blir det frykteleg spanande å sjå om dette året kan bli like spenstig som det førre. Om vi skal måle etter januar er det i alle fall mykje som tyder på at dette kan bli eit saftig år på spelfronten.

Så langt i år har vi kosa oss med det suverene slåstespelet Tekken 8, det uhyre engasjerande rollespelet Like a Dragon: Infinite Wealth og eit lenge etterlengta gjensyn med Prince of Persia i The Lost Crown.

Vi skal derimot ikkje bruke mykje tid på å dvele ved fortida, og ser heller framover mot kva februar har å by på.

Dette rollespelet ser nesten ut som ein levande teiknefilm.
Cygames

Granblue Fantasy Relink

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Windows
Ute: 1. februar

Granblue Fantasy er ein serie best kjend i heimlandet Japan, men i dei seinare år har utviklarane hos Cygames prøvd å utvide publikummet sitt, blant anna ved å gje ut eit lekkert slåstespel og no seinast det store rollespelet Granblue Fantasy Relink.

I dette spelet fartar vi med luftskip frå øy til øy for å jakte monster og løyse utfordringane øybuarane slit med. Vi samlar etter kvart eit stadig større mannskap til skipet vårt, før vi vel kven som er med på eventyr. Kampane skjer i sanntid med eit variert kampsystem der samansetjinga av kven du tek med deg kan låse opp nye angrep.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Granblu Fantasy Relink

Persona 3 er tilbake i god stil.
SEGA

Persona 3 Reload

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/S, Windows
Ute: 2. februar

Persona 3 er spelet som sette Persona-serien på kartet. Opphaveleg lansert på PlayStation 2, er spelet no ute i ei flunkande ny utgåve på moderne konsollar og til og med via Game Pass. Spelet sjonglerer skuleliv og tenåringsdrama med demonjakt og dommedag på ein super måte, og vi har allereie testa nyversjonen:

«Persona 3 Reload er eit spel som har fordelen av å vere ein ny versjon der utviklarane har hatt 16 år på seg til å sjå kva som funka og ikkje. Dei har fiksa på openbare problemområde, men elles er spelet slik vi husgar det, berre i ei nyare drakt. Resultatet er eit sjeldant polert spel der små detaljar betyr utruleg mykje. Den vanvittig gode flyten i kampane demonstrerer at Atlus er blant dei beste i bransjen på denne fronten.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Persona 3 Reload

Litt action må til.
Sony Interactive Entertainment

Helldivers II

Plattform: PlayStation 5, Windows
Ute: 8. februar

Helldivers starta karriæra som eit skytespel i fugleperspektiv, men for den langt meir ambisiøse oppfølgjaren har utviklarane valt å gå for eit spel i tredjeperson, med estetikk inspirert av alt frå Destiny til Starship Troopers. Du går inn i rolla som elitesoldatane Helldivers, viss oppgåve er å spre fred og fridom ved hjelp av digre våpen og store eksplosjonar.

Du kan spele aleine eller saman i grupper på opp til fire spelarar i kampen mot utanomjordiske monster, og med deg har du eit arsenal med våpen som kan utvidast og oppgraderast mellom oppdraga. Om det du har i henda ikkje er nok kan du bestille kraftige bomber som utsslettar heile område. Det kan likevel vere lurt å vere litt forsiktig, for i Helldivers II kan du skade venene dine like fort som fiendane.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Helldivers II

Skip o hoi!
Ubisoft

Skull and Bones

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 16. februar

Ein gong i framtida håpar eg vi får ein dokumentar som forklarar nøyaktig kva som har skjedd under utviklinga av Skull and Bones. Dette piratspelet som starta opp etter at sjøfartsdelane av Assassin's Creed: Black Flag blei svært godt mottekne har hatt ein lang og utfordrande utviklingsprosess. Spelet blei kunngjort heilt tilbake i 2017, med planlagd lansering same haust. Dei skjedde ikkje, men allereie då testa vi det og var svært gira på å spele meir:

«Frå vakre augneblink på sjøen, med måker som sirklar rundt skipet, det herlege vannet som sprutar rundt ripa, eller røyken frå kanonar som spyttar død, kan det sjå ut som at Skull and Bones gir oss alt det vi elska frå piratdelen i Assassin’s Creed IV: Black Flag – og meir.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Skull and Bones

Neste steg på Final Fantasy VII-ferda går snart av stabelen.
Square Enix

Final Fantasy VII Rebirth

Plattform: PlayStation 5
Ute: 29. februar

Det har allereie gått fire år sidan Square Enix etter lang ventetid endeleg leverte Final Fantasy VII Remake, første del i ein trilogi basert på PlayStation-spelet frå 1997. Spelet tok føre seg hendingane før Cloud, Aerith og resten av gjengen reiser frå Midgar, og slutta akkurat i det verda ligg for deira føter.

Det er her oppfølgjaren Final Fantasy VII Rebirth startar, og det vi har i vente vil by på mykje nytt, og mykje kjent. Spelet er ei vidareføring av mekanikkane introdusert i Remake, men vil plassere spelaren i ei massiv verd du kan utforske i eige tempo. Historia blir sjølvsagt sentral, og det blir svært spanande å sjå i nøyaktig kor stor grad dei kjem til å melke Sephiroth for alt han er verd denne gongen. Vi gjettar mykje.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Final Fantasy VII Rebirth

Foamstars byr på skum til folket.
Square Enix

Spelåret har starta for alvor

Resten av månaden byr på ei solid samling store og små spel. Tidleg i månaden kjem Suicide Squad: Kill the Justice League frå Batman-veteranane hos Rocksteady.

Nokre dagar seinare spelar Square Enix opp til leik med Foamstars, eit skumbasert konkurransespel som ser ut til å vere meir enn berre litt inpsirert av Splatoon. Minst like fargerikt, men kanskje hakket meir valdeleg er animeactionspelet Jujutsu Kaisen: Cursed Clash.

Vidare finn vi ei rekke spel i ulike sjangrar. Islands of Insight lar deg utfordre dei små grå, Ultros handlar ikkje om blekksprutmonsteret frå Final Fantasy-serien, men er eit metroidvania-spel med ganske unik visuell og fargerik stil.

Køyring blir det i Pacific Drive som tek oss med på ei overnaturleg reise inn i mystiske landskap, og om du vil ha meir overnaturlege ting, og kanskje litt action attåt, lanserer Life is Strange-studioet Dontnod Banishers: Ghosts of New Eden. Enda meir uhygge får vi i Sons of the Forest.

Om det er rein skyting du er på jakt etter kan WRATH: Aeon of Ruin vere noko for deg. Dette er eit skytespel bygd på den nesten 20 år gamle Quake-motoren.

WRATH: Aeon of Ruin ser bakover mot 90-talet.
1C Company

Om du heller vil ha litt strategi i sanntid kjem Terminator: Dark Fate – Defiance ut denne månaden. I dette strategispelet skal du samle ein bunke soldatar til krig mot maskinene.

Vi finn òg ein haug med eldre spel som får seg ein ny sjanse i sola. Frå Nintendo kjem Mario vs. Donkey Kong som er ein flunkande ny Switch-versjon av GameBoy Advance-spelet med samne namn. Lara Croft er også tilbake i Tomb Raider I-III Remastered, ein versjon av klassikarane som ivaretar spelmekanikkane frå originalane, men oppgraderer grafikken til å vere akkurat slik du meiner å hugse den var.

For enda meir 90-talsnostalgi kan kanskje Star Wars: Dark Forces Remaster vere ein idè for alle som treng ein påminnar om at Star Wars var bra ein gong. Ein klassikar for alle som var unge på den tida av spelhistoria.

Eit hakket nyare spel som får nyversjon er Brothers: A Tale of Two Sons som kjem i ei ny utgåve ingen visste dei trengde fordi originalen var god nok i seg sjølv.

God speling!

Siste fra forsiden