Kommentar

Nintendo Switch 2

Tannlaust førsteinntrykk

Nintendo viser oss nøyaktig korleis ein ikkje skal avduke ein ny konsoll.

Den store innovatøren Nintendo har i alle år vore ei drivkraft i industrien der dei både har funne på nye og geniale måtar å spele på, samt steila heilt i det som nesten kan kallast ein permanent trassalder.

Det var Nintendo som gjorde analogstikka til allemansseige med lanseringa av Nintendo 64, men det var òg Nintendo som nekta å gje slepp på kassettane og tapte i kampen mot nykomaren Sony PlayStation.

Det var Nintendo som innoverte med nye knappar og kontrollarformer, samt trådlause kontrollarar, men insisterte på mini-CDar og såg GameCube miste enda meir terreng for rivalen PlayStation 2.

Det var eit noko skadeskote Nintendo som gav blanke i alt og alle etter fleire år med nedturar (det er ein grunn til at vi er få som hugsar Virtual Boy), og gav oss Wii. Wii var noko heilt nytt, noko banebrytande, og gjorde speling til noko for alle, og ikkje berre for unge. Nintendo-konsollen gjorde med Wii sitt inntog på uvanlege arenaer som gamleheimar der pensjonistar kom seg opp av godstolen for å spele tennis og golf. Som takk for det, selde Nintendo over 100 millionar konsollar.

Wii U feila medan Nintendo var på topp.
Nintendo

Så gale kan det gå

Etter Wii kom Wii U, ein flunkande ny og langt betre konsoll med same funksjonalitet som Wii pluss ein kontrollar med innebygd skjerm. Ein fantastisk konsoll eg har hatt mykje moro med, men ein konsoll mange berre trudde var ein kontrollar til den gamle Wii-en. Den blei ein gedigen fiasko, og er så langt estimert til å ha selt i underkant av 14 millionar eksemplar.

«Kva vil du fram til Øystein, din sure gamle grinebitar?» Det sit du kanskje der og tenkjer.

Jo, eg tenkjer på torsdagens store avsløring. Eg tenkjer på korleis Nintendo etter dagar og veker med lekkasjar og rykte omsider avslørte kva som har i vente.

LES OGSÅ: Her er Nintendo Switch 2 »

Eg tenkjer på at Nintendo etter sin nest mest vellukka konsoll gjennom tidene – Nintendo DS er hakket kvassare – igjen ser ut til å ha inntatt den arrogante posisjonen der dei trur dei ikkje kan trå feil.

Eg tenkjer på ein flunkande ny konsoll du lett kunne lurt meg til å tru berre var ein ny og litt forbetra versjon av åtte år gamle Nintendo Switch. Er den pen? Javisst. Den er flott den, og henda mine pustar letta ut over at det heile no er større i format, og forhåpentlegvis meir komfortabelt, men er det nok?

Er dette det beste Nintendo har å by på akkurat no?
Øystein Furevik/Gamer.no

Spela bestemmer

Nintendo hadde eigentleg berre ein jobb. Dei måtte vise oss kvifor vi skal kjøpe ein Nintendo Switch 2. Kva er det med akkurat denne nye konsollen som gjer at vi alle skal setje vår gamle Switch på hylla, og spytte ut med fleire tusen kroner for ein ny? Kvifor skal foreldre kjøpe denne til ungane som allereie har ein frå før?

Alt vi trengde var eit glimt. Ein liten snutt, eit lite skjermbilete. Ein gneist, noko som inspirerte oss. Det kunne vart i ti sekund, eller to, eller kanskje berre eitt. Eg hadde tatt i mot eitt enkelt skjermbilete. Eg hadde tatt kva som helst, så lenge første respons var «Ja! No snakkar vi!». Så lenge vi fekk sjå noko som lova ei framtid utan spel som sleit med å få plass på maskina dei køyrer på.

Kva fekk vi? Nokre sekund med eit Mario Kart du kunne lurt meg til å tru var ei ny bane til Mario Kart 8 Deluxe, eit elleve år gammalt spel. Det var alt.

Alt Nintendo trengde å by på var noko lekkert frå eit nytt Nintendo-spel. Noko som viser det store løftet alle håpar på. Tenk deg kor effektivt det hadde vore om vi berre fekk sjå føta til Link som vandre ut i svaiande gras med ein horisont i det fjerne. Det treng ikkje vere eit ekte spel ein gong, er det pent og effektivt nok så går jungeltelegrafen av seg sjølv.

I staden sit det fleire som meg og kjenner litt på ei småuggen kjensle av at historia kan vere i ferd med å gjenta seg. Det viser seg at eg er langt frå den einaste. Mottakinga denne kunngjeringa har fått har mildt sagt vore blanda. Aksjekursen gjekk ned heile 7,2 prosent etter avsløringa.

Nintendo Switch 2 ser bra ut, det skal den ha.
Nintendo

Blir det Nintendos år?

Med mange lekkasjar og avsløringar i det siste er det godt mogleg Nintendo såg seg pressa inn i eit hjørne, og måtte gjere noko. Kanskje blei planen deira øydelagd, og alt eigentleg skulle vere hemmeleg fram til 2. april som er datoen då vi omsider skal få sjå, høyre og vite meir.

Det er deira eigen feil. Dei burde ha sett alle lekkasjane den siste tida kom frå lang avstand, og planlagt deretter.

At ein er skuffa over ei kjip avsløring er i og for seg ikkje ein negativ ting. Vi blir skuffa fordi vi bryr oss. Fordi Nintendo for mange av oss har vore med på reisa heilt sidan vi var små og for første gong tok i ein handkontrollar. Foreldre og besteforeldre viser neste generasjon heltane og figurane dei vaks opp med. Nintendo er noko heilt unikt.

Vi forventar det beste frå Nintendo, og ei så tafatt avsløring vekker ikkje tillit. Eg er no mindre spent på Switch 2 enn eg var då eg stod opp torsdag morgon. Eg håpar likevel Nintendo no tek ein Donkey Kong og hamrar hardt på brystkassa 2. april. Med imponerande nye spel, og kanskje nokre døme på korleis Switch 2 køyrer Switch-titlar betre, kan dei blende oss alle.

Men den blendinga burde ha skjedd i går, ikkje om to og ein halv månad. Nintendo er ikkje for store til å gå på trynet. Dei har gjort det fleire gongar før. Ein treng meir enn arroganse for å kome på førsteplass.

Ledige stillinger

Siste fra forsiden