Det er ikkje alltid så lett å stikke seg ut. I ei verd der alle med ein laptop kan lage eit spel endar vi opp med så mange spel at det skal godt gjerast å bli lagt merke til. Eit unikt ytre kjem såleis godt, med, og om det er eitt spel denne hausten så har eit unikt ytre, er det bybyggaren Town to City, som no er ute i Early Access.
Denne elskverdig bybyggaren ser ved første augekast ut som enda eit pikselspel, men så feil kan ein ta. Dette er ikkje pikslar, det er voklsar, og millionar av små, firkanta boksar bygg opp heile denne koselege og nesten kriminelt sjarmerande verda.
Stilen er kanskje ikkje heilt ny, sidan utviklarane har nytta den før i togspelet Station to Station, men stikk seg ut, det gjer den.
Skru opp, takk
Det kanskje aller viktigaste du kan gjere før du spelar dette spelet er å makse ut alle grafikkinnstillingar. Town to City ser strengt tatt ikkje ut om ikkje oppløysinga er maksa, og alt av lys og djupnefilter er på topp. Utan desse tinga ser det ut som om nokon har kasta opp vaselin på skjermen etter ein fuktig kveld på byen, men med alt på, er det som å få eit vindauge inn i eit levande diorama der små hus, tre og samfunn sakte blir til.
Mange spel handlar om hinder. Du får eit hinder, du må kome deg forbi hinderet, og store delar av poenget er å kjenne meistring over å klare noko nytt. Dette er ikkje ein stor faktor i Town to City. I dette spelet skal du først og fremst kose deg med å bygge opp eit samfunn. Du startar i det små, med ein veg og nokre hus, men kjapt må du ha nokre boder som sel mat, og eit varehus som kan levere mat til og frå bodene.
Det blir stadig meir komplekst, men i løpet av timane vi har brukt har det ikkje blitt veldig komplekst. Dette er ikkje Cities, eller Anno, eller ein gong The Settlers. Her kan du berre måle på plass ein veg, plassere hus langs den så fritt som du vil, og med toget kjem stadig nye familiar du sjølv plasserer i eitt av stadig fleire hus.
Tempoet er sakte, og om det blir for sakte kan du skru det opp litt, men det er tydeleg at det ikkje er meininga å overvelde spelaren. I staden får vi veldig gradvis nye ting å forholde oss til. Først vil folk berre ha eit hus, men etter kvart vil dei ha hus omringa av blomar, eller omringa av skog, medan andre igjen vil ha rikeleg med gatelys.
Slapp av, kos deg litt
Etter kvart som ein spelar får ein som i andre bybyggarar tak i nye bygningar, og nye dekorasjonar til å pynte med. Det meste får du via eit forskingspanel der du låser opp stadig nye ting. Det blir stadig fleire val, men kompleksiteten ser ikkje ut til å utvikle seg særleg.
Jobben din blir like mykje å pynte rundt husa, som å bygge husa, og det er eit sterkt estetisk fokus her. Du skal ta det med ro, gjere det fint, og nyte resultatet av arbeidet.
Sjølv ikkje når ein etter kvart får oppgradere frå grend til landsby, og frå landsby til by blir det mykje meir å halde styr på. Du får litt fleire forretningar, moglegheita for å lage hus i to etasjar, og ein og annan ny spesialbygning, men det kjem ikkje i nærleiken av å bli mykje å halde styr på. I staden får du fokusere på å bygge byen slik du vil. Lage nye vegar, plante nye hus og tre, og om du treng fleire forretningar sidan det blir mykje folk, får du enkle beskjedar som er lette å følgje.
Etter kvart vil du låse opp nye område, og i Town to City kan du ha fleire samfunn gåande samstundes. Eitt samfunn er kanskje først og fremst for at folk skal bu, medan eit anna har fokus på produksjon. Der kan du til dømes produsere vin og korn.
Det du lagar kan og brukast mellom landsbyane. Produser maten ein stad, og slik at bebuarane ein annan stad kan dra nytte av den.
Konklusjon
Vi har ikkje sett alt Town to City har å by på, men den smakebiten vi har fått var god. Dette er eit kosespel. Eit spel der du kan slenge beina på bordet og slappe av litt, med eit spel som er veldig behageleg. Det er pent og sjarmerande å sjå på, og det er sett til eit fint lybilete med fransk musikk der akustisk gitar, piano og trekkspel er framtredande element.
Det er lite som tyder på at dette vil bli eit spel der heile produksjonskabalar kan gå i oppløysing om du gjer ting feil. Har du for mange folk i hus med tanke på kor mange som sel mat får du umiddelbart beskjed, og kan kjapt klikke deg fram til å setje fleire i arbeid.
Town to City er eit lettvindt spel. Eit spel som forenklar kompliserte ting og gjer dei handterbare for kven som helst. Det vi sit igjen med er kosen. Ei fornøyeleg oppleving der ein ser sitt søte, vesle samfunn bli større og større.
Town to City er ute i Early Access no.