25
Anmeldelse

LEGO Voyagers

Så søtt at det ikkje er til å halde ut

Nokre spel handlar berre om å ha det fint saman med nokon du er glad i.

Øystein Furevik
Spillredaktør

Med LEGO Star Wars frå 2005 blei – brått, hardt og brutalt malen for korleis LEGO-spel skulle vere – fastlåst. Med kontroll over ein eller fleire LEGO-figurar kunne ein reise rundt i kjende og kjære populærkulturelle verder, i LEGO-form. Det er ein formel som har etablert seg så hardt at det nesten har vore umogleg å finne på noko anna, men med LEGO Builders frå 2021 gjorde Light Brick Studio nettopp det.

Med LEGO Voyagers tek dei fundamentet frå LEGO Builders, og skapar noko nytt, vakkert og utruleg fint. Dette er eit spel for to, det kan ikkje spelast aleine, og det er noko av det mest sjarmerande og koselege eg nokon gong har vore borti.

Det er kanskje ikkje eit langt spel, men det er eit spel som fyller alle sine timar med smil, latter og kos.

Det er nesten for pent til å vere eit spel.
Øystein Furevik/Gamer.no

Saman på tur

Eventyret startar på ei lita øy, og umiddelbart blir det tydeleg kor utruleg pent LEGO Voyagers er. Det er slik LEGO-spel burde sjå ut. Det er stemningsfullt og enkelt, med ei lyssetjinga som nesten får det heile til å sjå ut som LEGO-diorama nokon har bygd, i staden for ineraktive område. Alle element er bygd opp av brikker, og det er som å leike med ekte LEGO-klossar.

Her møter vi to små brikker. Ei raud, og ei blå, og det er desse spelarane styrer. Vi rullar dei bortover landskapet, opp på større brikker, langs knottar, og hoppar frå gjenstand til gjenstand. Med eit knappetrykk kan vi lage små, syngande lydar som får smilet fram.

Moglegheitene dine er få, og det er ei av spelets sterkaste sider. Det er lett å kome i gong med, og kven som helst kan spele det. Du får få forklaringar, og byrjar berre å rulle, finn ut kva dei ulike knappane gjer, og møter snart brikker du kan flytte på, setje saman, og forme nye vegar vidare.

Spelet handlar berre om å kome seg framover, men det byr òg på ei rekke praktiske utfordringar.

Opplæringa er like minimalistisk som resten av spelet.
Øystein Furevik/Gamer.no

Bygg med måte

No og då vil du finne lause brikker som ligg strødd på bakken, og då veit du at ei utfordring ventar. Du kan plukke opp alle du ser, og ende opp som eit langt tårn av LEGO som veltar bortover for å kome fram. Du kan bruke brikkene til å bygge ramper, bruer, og det situasjonen måtte krevje, men i riktig akrobatiske situasjonar kan du rulle det lange LEGO-tårnet opp på høgder som elles er uoppnåelege.

Det blir fort ei lattermild oppleving, for det er eit spel som har rom for mykje tøys og tull, og medan ein prøvar å finne ei løysing kan ting gå veldig gale på humoristisk vis. Det er ein type barnleg glede ved ette spelet ein sjeldan får oppleve som vaksen, og er med på å gjere dette spelet til ei perfekt hyggestund for både store og små.

Nøkkelen til suksessen er at dette er eit spel laga for folk som vil kose seg litt i lag. Gjere noko som kan skape fine minne. Det er eit spel med mange hinder og praktiske utfordringar der du må finne ut kva du skal gjere, men det er aldri for vanskeleg, og ein peikar på skjermen og kjem med forslag.

Det er akkurat passe utfordrande til at ein må studere området, sjå seg litt rundt, men ikkje sitje fast lenge. Dette spelet handlar om magien som oppstår når ein gjer noko i lag, ikkje om kor smart du må vere for å finne ut korleis du kjem vidare

Å vere to om å styre ein rakett er ikkje berre berre.
Øystein Furevik/Gamer.no

Alltid saman

Samarbeid er uhyre viktig, og det kan vere så enkelt som at ein må halde oppe døra for den andre. Nokre gongar finn vi trampoliner ein må samarbeide om å bruke, der den eine får den andre til å fly, før den andre så må bygge ei bru for den første.

Andre gongar må ein samhandle som om ein var ein og same person.

Eit godt døme på det er eit punkt midtvegs i spelet der ein brått må farte rundt i ein båt. Då må begge styre kvar si side av båten, og det kan by på mykje rot, men godt, morosamt rot. Båten må lastast med brikker som så må brukast for å kome seg til nye område og låse opp nye dører.

I ei liknande hending køyrer ein rundt i ein bil for å samle brikker som deretter må knusast for å lage togskinner. Spelet er fullt av desse små, isolerte utfordringane som både kan vere større og mindre av natur.

Samstundes klarar likevel spelet å fortelje ei historie. Desse bitte små LEGO-brikkene er så sjarmerande at ein blir reint glad i dei.

Å spele LEGO Voyagers er som å leike.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

LEGO Voyagers er ikkje eit langt spel, og kan rundast på kanskje fem-seks timar, om ikkje mindre. Det er kanskje ikkje eit spel ein tenkjer ein skal spele om att heller, men om ein gjer det, er det vanskeleg å stoppe. Det er så leikent, så barnsleg og så fint at eg verkeleg er glad eg har spelt det. Det er eit spel som gav meg fine timar med mine kjære, og ei oppleving eg ikkje ville ha vore utan.

Det er eit roleg spel. Eit spel som stoppar livet litt, lar deg slappe av, og berre nyte noko kjekt utan å måtte tenke på utfordringar, helsepoeng, liv, og alle farar som eit spel måtte by på.

Sjølv om det kan spelast over nett, er LEGO Voyagers eit spel laga for sofakroken, og det er der det bør spelast. Eit kort, fint eventyr for to.

LEGO Voyagers er ute no for PlayStation 4, PlayStation 5, Switch, Xbox Series S/X (testa) og Windows.

0
LEGO Voyagers
Det finaste samarbeidsspelet på lang tid.

Siste fra forsiden