Blightstone er eit eit taktisk roguelite spel der vi tek med oss eit knippe krigarar ut på tur, og ser kor lenge vi held ut før vi må gjere heile greia på ny.
Ideen er på ingen måte ny, og det er strengt tatt ikkje gjennomføringa heller, men det er nok gode idear her til at ein fort blir planta framfor skjermen i time, etter time, etter time.
Konseptet er såre enkelt. Du startar ei gjennomspeling der du tek med deg tre krigarar og bryner deg på den eine kampen etter den andre. Kvar dag får du bryne deg på ei handfull hendingar der du vel kvar du vil gå ved å klikke på noder på eit kart. Når natta kjem får krigarane endeleg hente seg inn at. Då slår ein leir, slikkar sår, og førebur seg på neste dag.
Alt kostar. Å fikse sår krev mjød, mat, eller urter, medan den livsviktige varmen frå bålet krev ved. Ressursar ein får ved å vinne kampar.
Presisjonskrigføring
Blightstone er eit taktisk spel blotta for historie. Det er ei lita bakgrunnsforteljing her om at du må frakte ein krystall, men det er ikkje dette spelet bryr seg om å bruke tid på. I staden får vi gjerne korte dialogar før kampane startar, og no og då får du prøve å snakke deg ut av ting før kampen går i gong.
I kampane har du med deg tre krigarar som alle har ein av fleire ulike roller. Vi møter druider, jegarar, trollmenn, prestar og ein soldat som slår alt med nevane sine, og utviklarane har gjort ein knakande god jobb i å gjere kvar rolle så spesifisert at ein har vanskeleg med å byte dei ut til fordel for andre.
Soldaten kan til dømes springe mot fiendar og slå dei inn i kvarandre for ekstra skade. Eventuelt kan han plukke opp ein fiende og kaste den på ein annan. Jegaren kan på si side skyte piler, legge ut feller, eller pusse bikkja si på fiendane, medan trollmannen kan skyte magi som kan rikosjere mellom fiendar.
Du kan òg bruke terrenget til stor fordel. Tre, bygningar og tønner kan brukast for å rikosjere magi eller kasta fiendar, og om ein skyt elektrisk magi på fiendar som står i vatn vi angrepet som på tørr grunn berre vil skade ein fiende, treffe alle saman. Vidare finnest det eksplosivar som kan detonerast, og giftige biller som sprer gugga si overalt når dei døyr.
Alltid noko nytt
Etter kvar kamp får du løn for strevet, og det varierer kor stor den er. Nokre gongar får du berre litt ressursar du kan bruke for å førebu deg på neste dag, eller du får nytt utstyr og oppgraderingar. Kva du får er ganske tilfeldig, noko som kjapt sørger for at kvar gjennomspeling blir ei eiga oppleving.
Du kan få utstyr som gir meir helse, større skade, fleire typar skade som til dømes eld eller blødande sår som gir sårar fienden kvar tur, og mykje meir. Vidare kan krigarane få oppgraderingar som lar dei gå lengre, vere meir treffsikre, og ikkje minst gi meir skade. Alt dette nullstiller seg etter kvar gjennomspeling, og ein må då starte på ny.
Det er likevel visse permanente forbetringar. Sjølv om alt utstyr og alle krigaroppgraderingar forsvinn ved vegs ende, vil krystallen du fraktar med deg få permanente oppgraderingar.
Desse kan vere alt frå å gi meir helse til krigarane dine, skade til fiendar på slutten av kvar tur, til eigne angrep og evna til å vekke døde krigarar frå dei døde. Du blir altså kontinuerleg hakket mektigare slik at du har større sjanse for å overleve lengre. Det er eit mylder av både passive og aktive eigenskapar som alle hjelper deg med å kome eit stykke lengre kvar gong.
Konklusjon
Blightstone er eit fornøyeleg og engasjerande taktikkspel der du har akkurat passe mange ting å halde styr på. Du har aldri meir enn fire eventyrarar med deg i kamp, og rollene deira er spesialiserte og nyttige. Det er mykje rom for å leike seg med korleis dei ulike angrepa deira, og det er fascinerande å sjå kor stor effekt små grep kan ha.
Spesielt godt likar eg kor mange forskjellige eigenskapar som finnest for kvar helt. Dei har alle dei same, faste ferdigheitene dei startar kvar gjennomspeling med, men dei låser opp unike ferdigheiter og utstyr som i stor grad kan forme korleis du spelar vidare. Kva du får er tilfeldig, og der soldaten ein gong får blinde alle fiendane framfor seg på ei gjennomspeling, kan han den neste få evna til å drikke mjød midt i ein kamp for å få tilbake helse.
Kampane er korte, taktiske og tidvis krevjande, noko som gjer det moro å spele om att medan ein sakte bygger opp det totale maktnivået. Med ein artig visuell stil, og stemningsfull musikk sit det meste der det skal når Blightstone no tek turen ut i Early Access.
I månadane som kjem lovar utviklarane fleire heltar, fraksjonar av fiendar, samt nytt utstyr.
Blightstone lanserast på Steam Early Access 20. januar.