25
Anmeldelse

Cthulhu: The Cosmic Abyss

Helvete under havet

Eit seigt, utriveleg eventyr om alt det fæle som gøymer seg i djupet.

Nacon

H.P. Lovecraft er ein av eit knippe forfattarar frå tidleg 1900-tal som har fått enormt mykje å seie for populærkulturen i mangfaldige tiår. Hans kosmiske grøss, der skjulte monster og uhyggelege skapningar skjuler seg bak okkulte ritual og parallelle univers, har fungert som inspirasjon for filmar, teikneseriar, rollespel og ikkje minst dataspel i ei årrekke.

Sist ut er Cthulhu: The Cosmic Abyss, eit spel som endrar tidsepoke frå den vande 1920-tals settinga, til fordel for eit byks fram i tid, til år 2053.

Rikingen Andrew Marsh leiar ein ekspedisjon ned i havdjupet for å finne noko. Nøyaktig kva er blant mysteria du må finne ut av sjølv, men ein triveleg søndagstur i parken, det er det ikkje.

Haha, ja du kan jo tru det.
Øystein Furevik/Gamer.no

Ned i mørkret

Cthulhu: The Cosmic Abyss er ei detektivhistorie med okkulte, heslege element. Du spelar Noah, ein man innhyra for å finne ut kva som har skjedd med ein forsvunnen djuphavsekspedisjon. Saman med ein kunstig intelligens blir det di oppgåve å finne ut kva i alle dagar som har skjedd, medan du navigerer galskap, og kampen for å ivareta ditt eige ve og vel.

Herifrå blir det stadig fleire mysterium, ting å finne svare på, og nifse hendingar å finne ut av.

Det Cthulhu: The Cosmic Abyss ikkje er, er eit actionfylt grøssarspel fullt av farar som lurer rundt vart hjørne, gjerne med formål om å skremme deg. Dette spelet er meir som å setje seg rundt bordet og spele Call of Cthulhu, berre for ein einsleg spelar.

Du vandrar sakte rundt, studerer alle område, og leitar etter spor. Du er sjeldan i fare, og det er i staden synet av det som har skjedd her, og spørsmåla hendingane vekker, som skapar ubehag.

Til å hjelpe deg med å finne svar har du eit veldig viktig verkty i form av ein sonar. Når du finn ein gjenstand, til dømes eit dokumenthefte, kan du analysere det. Denne analysen gir deg sonarfrekvensen for dokument, og med sonaren kan du då finne alle andre dokument i nærleiken. Det same gjeld alt du finn i spelet. Finn du blodspor kan du legge dei til i sonaren, finn du merkelege objekt, kan du legge dei til i sonaren, og den blir eit heilt essensielt verkty for å finne fram i spelet.

Kva gale kan vel skje her nede då?
Øystein Furevik/Gamer.no

Utfordrande hjernetrim

Dette er eit spel som forventar at du tenkjer sjølv. Det er ikkje alltid lagt fram i klartekst kva du skal gjere med det du finn. Dette er noko som skin igjennom via spelets vanskegrad. Der andre spel gir meir helse og mindre skade, byr dette spelets enklare vanskegrad på eit hintsystem, der din kunstige intelligens kan gi deg tips om kva du skal gjere vidare.

Sjølv desse tipsa kan nokre gongar vere så pass diffuse at ein teknisk sett likevel må finne ut av det meste sjølv.

Formelen fungerer for at aller meste heilt suverent. Cthulhu: The Cosmic Abyss er eit spel som osar av stemning, mykje takka vere den dystre og dunkle musikken som har ein fascinerande tendens til å sige inn akkurat på rett tidspunkt.

Vidare har utviklarane skapt ei spanande verd. Det er ikkje store område du reiser til, men dei er fulle av utfordringar, og du vil bruke mykje tid på å vandre fram og tilbake, finne nye spor, kome lengre i å forstå gamle spor, og sakte og metodiske jobbe deg vidare. Eit døme på dette er korleis du kjem til eit område med svære steinheller med mystiske inskribsjonar du i utgangspunktet ikkje forstår. I tur og orden finn du ein død PC, finn batteri til PC-en, og der finn informasjon av oversetjingar.

For å løyse utfordringa komplett må du inn i velvet, ei oversikt der alle dine spor er samla. Her må ein kople saman spørsmål med potensielle svar for å finne løysingar som kan hjelpe deg vidare, og såleis til dømes lære seg å oversetje eldgamle tekstar. Eller finne ut kva okkulte objekt eigentleg skal brukast til

Dette er eit spel for dei som er ok med å ta seg god tid, sjølv om det ikkje er eit spel som dreg ut.

Denn karen har ein veldig lang, veldig dårleg dag.
Øystein Furevik/Gamer.no

Ein teknisk nedtur

Det Cthulhu: The Cosmic Abyss tapar mest på er at det framstår veldig uferdig. For det meste går ting greit, men fleire gongar har eg møtt irriterande, rare eller fullstendig øydeleggjande tekniske feil.

Lenge var opplæringsinstruksjonar klistra til skjermen og nekta å gå vekk. Visuelle feil har dukka opp med jamne mellomrom, ikon i inventaret viser feil objekt, eller fundamentale kontrollmekanismar har slutta å fungere når du treng dei som mest.

Verst var då eg hamna i eit basseng, og klatrefunksjonen slutta å fungere. Eg kunne ikkje kome meg ut, og dette var før ei oppdatering som gjorde det mogleg å ta omstart på eit kapittel. Omstart av spelet, reboote konsollen, ny installasjon. Ingenting fungerte, og eg måtte vente i fleire dagar på ei oppdatering før eg kunne kome meg vidare.

Det er frykteleg trasig. Cthulhu: The Cosmic Abyss er eit svært underhaldande spel, men det er plaga med tekniske feil.

Skal du finne vegen vidare må du gjere litt detektivarbeid.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

Om du vil bryne deg på eit Cthulhu-eventyr som skapar god, uhyggeleg stemning, men som ikkje nødvendigvis skremmer deg til sengeveting, er Cthulhu: The Cosmic Abyss ei framifrå oppleving.

Det er eit spel med gode idear, herleg stemning, og spanande utfordringar som krev at du tenker, i staden for å handle raskt. Sjeldan har eg vore like gripen av å gå rundt og leite meg fram etter svar, analysere data, og prøve å finne ei kopling mellom dei ulike tinga eg har oppdaga.

Diverre er det ikkje eit heilt ferdig spel, og det burde ha fått seg litt meir tid i omnen. Cthulhu: The Cosmic Abyss er difor ei soleklar anbefaling, spesielt for Cthulhu-fans, men vent gjerne nokre veker til utviklarane har fått luka ut det meste av krøll i systemet.

Cthulhu: The Cosmic Abyss er ute no på PlayStation 5, Xbox Series S/X (testa) og Windows.

0
Cthulhu: The Cosmic Abyss
Stemningsfult, men uferdig.

Siste fra forsiden