Anmeldelse

Persona 3 Reload

Blankpolert rollespelklassikar

Spelet som sette Persona-serien på kartet er tilbake i ny og lekker drakt.

Persona 3 Reload.
Atlus

Persona 3 er eit spesielt spel for mange. Det er spelet som for mange blei introduksjonen for Persona-universet, og det var spelet som tok ein liten, noko ukjend serie og gav den masseappell. Før årets Persona 3 Reload har vi allerie fått tre ulike utgåver av Persona 3. Vi har sjølvsagt originalen, men på få år kom den utvida versjonen Persona 3: FES, og seinare PSP-versjonen Persona 3 Portable, som i så seint som i fjor blei tilgjengeleg på moderne maskinvare.

Med ei så fersk lansering av spelet i bakspeilet kan ein lure på kva poenget er med å lage enda ein flunkade ny versjon av klassikaren. Det er eit legitimt spørsmål som er lett å svare på. Persona 3 Portable er kort sagt ein ganske kjip versjon av eit flott spel. Kjip fordi den er nedstrippa og forenkla – spesielt på den visuelle fronten – og såleis eit spel som blei litt amputert i overgangen til ein handkonsoll.

Difor er vi no her, med Persona 3 Reload, eit spel som er pynta på og dekorert på så godt som alle stadar der pynt er mogleg å presse inn. Det har tatt noko frå kvar versjon av spelet, og er utan tvil den beste versjonen av spelet, sjølv om nokre av dei største utfordringane til spelet forblir.

Persona?

Persona-serien er ei rekke japanske rollespel som blandar monsterjakt i turbaserte kampar med sosiale skuleliv for unge studentar. Ikkje minst har spela eit stort fokus på Persona-skapningane som er magiske hjelparar som gjev deg krefter i kamp. Det er dette serien heile tida har bygd seg eit publikum på, men det var Persona 3 som verkeleg sementerte mekanikkane som har prega spela sidan. At det er heile 16 år sidan spelet blei lansert på PlayStation 2 er nesten litt vanskeleg å fatte, men at tida er moden for ein ny versjon blir umiddelbart tydeleg.

Det første du vil merke er at spelet er heilt nydeleg. Utviklarane har pressa spelet inn i Persona 5-motoren, og bygd opp både persongalleriet og miljøa dei lev i på ny. Det er lekkert, og spesielt godt likar eg korleis viktige personar blir framheva i forhold til dei stiliserte bakgrunnane og statistane. Hovudpersonane ser fantastiske ut, og er ein perfekt representasjon av stilen til karakterdesigner Shigenori Soejima.

Spelet som gjer skuleliv artig.
Øystein Furevik/Gamer.no

Musikken er òg fornya. Alt er spelt inn på ny, med nye vokalistar der det er nødvendig, og nokre musikalske spor er heilt nye. Akkurat her er eg litt usikker på kva eg eigentleg synest. For all del, det høyrest veldig bra ut, men det er så polert og perfeksjonert at mesteparten av dei herleg baklente lofi-vibbane frå den originale musikken til dels er borte. Dette er uansett ei smakssak. Det er spor eg likar betre no, og sport eg likte betre før, men jamt har komponisten gjort ein strålande jobb. Likte du musikken i Persona 5 kjem du til å elske dette.

Uavhengig av kva versjon av kva musikalske produksjon du skulle like best er låtene utan tvil av suveren kvalitet. Det er sjeldan spel skapar ei så kul stemning som Persona-serien, og mykje av det er musikk som dansar mellom eit mylder av poprelaterte sjangrar med stil.

Suverent kampsystem

Dei aller største og viktigaste endringane i Persona 3 Reload kjem i spelets actionfokuserte del. Du spelar hovudpersonen i ein gjeng tenåringar som jaktar demonar om natta. Kvar natt ved midnatt kjem den mørke timen, og i løpet av denne skjulte timen kan du ta med deg teamet ditt for å utforske det enorme tårnet Tartarus. Her møter du etasje på etasje med nesten identiske nivå som byr på eit knippe fiendar, nokre tapte sjeler, og kanskje ei og anna kiste.

I originalen blei det veldig monotont i lengda og det blir det diverre framleis, men det er større visuell og strukturell variasjon på etasjane no. I originalen fekk ein raskt kjensla av å spele det same nivået tjue gongar på rappen, og denne kjensla tek det hakket lengre å opparbeide no. Mest av alt er dette fordi kampsystemet er fleirfaldige mange gongar betre enn det var før.

Av og til går det ikkje heilt din veg.
Øystein Furevik/Gamer.no

For det første er du no fri til å styre alle medlemma i gruppa di på fire sjølv i staden for å berre sitje og sjå på og håpe dei skulle gjere noko klokt, sjølv om du framleis kan gjere det om det er meir din stil. Utover dette har det blitt lagt inn fleire funksjonar for å få opp farta på ting.

Eit nøkkelelement i Persona-spela, og Shin Megami Tensei-spela dei er ein del av, er korleis det å angripe fiendens svake punkt – eller få inn eit kritisk slag – gir deg ein tur til. Slik er det no òg, men moglegheita for å utnytte det er mykje større no. Med eit knappetrypp kan du finne fram angrepet fienden er svak mot, og om du allereie har fått inn eit slikt angrep kan du gi turen til ein annan karakter om nødvendig. Det gjer kampane uhyre kjappe, og utforskinga av Tartarus mykje kjekkare.

Tilbake til skulebenken

Mellom øktene i Tartarus er det færre endringar å spore, mykje fordi det ikkje er like nødvendig. Rytmen er som før. Du startar dagen med å gå på skulen, og får kanskje anledning til å svare på eit spørsmål i timen før du er fri til å sjonglere aktivitetar på ettermiddagen. Då kan du pleie sosiale band eller delta på aktivitetar som bygger opp personkarakteristikkane dine, og når desse veks, veks òg moglegheitene dine og nye dører opnast.

Spelet byr på mange små justeringar både over og under panseret som er med på å gjere den totale opplevinga betre. Alt er meir tilgjengeleg, meir oversiktleg og enklare å ha med å gjere. Trass dette er det likevel litt utmattande å halde på med i lengda. Ein kan lett ende opp i ein litt passiv modus der ein klatrar gjennom Tartarus i timevis, men er det eigentleg moro? I periodar er det det, men i lengda kjenner eg at eg akkurat som i originalen blir litt metta av det heile.

Ein blir riktig nok hekta, det er ingen tvil om det. Spelet er ei tredemølle av små ting som aleine ikkje tar lang tid, men som samansett blir temmeleg omfattande. Eg skal berre gå gjennom ein dag til på skulen, snakke med ho, snakke med han, eller studere litt for å vere klar til eksamen. Skal berre ein liten tur i Tartarus, ein kamp til, ein etasje til.

Det er moro, men det blir rett og slett litt for mykje av det same, og det er litt for lite variasjon. Nyare spel i serien har gjort ein god jobb på dette feltet, med fleire ting å gjere, og ei større kjensle av at historia går framover.

Å bruke tid på vener er viktig.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

Persona 3 Reload er kort og godt eit veldig elegant spel. Det er eit spel som har fordelen av å vere ein ny versjon der utviklarane har hatt 16 år på seg til å sjå kva som funka og ikkje. Dei har fiksa på openbare problemområde, men elles er spelet slik vi husgar det, berre i ei nyare drakt. Resultatet er eit sjeldant polert spel der små detaljar betyr utruleg mykje. Den vanvittig gode flyten i kampane demonstrerer at Atlus er blant dei beste i bransjen på denne fronten.

Kontrasten til det avslappa skulelivet du brukar tida på mellom øktene i Tartarus er nesten absurd, men like fullt eit av dei store trekkplastera. Det er ein genial formel dette her, der du jaktar monster om natta og roar det heile ned på dagtid.

Dette er utvilsamt den beste versjonen av spelet, sjølv om nokon kanskje vil sakne innhald frå Persona 3 FES eller Persona 3 Portable som ikkje er med. Det er totalopplevinga som gjeld, og den har aldri vore betre.

Persona 3 Reload slippes 2. februar til PlayStation 5, PlayStation 4, Xbox One, Xbox Series X/S (testa), og Windows.

8
/10
Persona 3 Reload
Den suverent beste versjonen av rollespelklassikaren.

Siste fra forsiden