Feature

The Last of Us Part I – PC

Fantastisk bra når det fungerer

Likevel blir spelet slakta. Kva gjekk gale med lanseringa av ei av tidenes mest etterspurde PC-utgåver?

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Stryk. Det er dommen mange har gitt den rykande ferske PC-versjonen av PlayStation-klassikaren The Last of Us.

Det er nesten ti år sidan spelet først gjorde debut på PlayStation 3. Tysdag kom det til Steam, og dagen etter er eit stort fleirtal av brukaromtalane negative.

Det er ein lei start for ei av tidenes mest etterspurde PC-utgåver. Men det er mykje potensial her. Veldig, veldig mykje potensial.

Naugthy Dog har varsla at dei jobbar med oppdateringar, og sannsynlegvis kjem skjermkortprodusentane med eigne drivarar til spelet etter kvart.

The Last of Us er blitt eit godt døme på kor utruleg krevjande det er å tilpasse konsollspel til PC.

Laaaaang lastetid

Det finst bokstaveleg talt millionar av ulike maskinvarekonfigurasjonar, og ein treng lang tid på å optimalisere for flest mogleg.

Som vanleg er det ein dårleg ide å kjøpe eit PC-spel ved lansering. Det er ein bodskap me gjentar ofte i denne typen artiklar, men som folk har ein tendens til å gløyme.

TAR PUSTEN FRÅ DEG: Nyversjonen på PC ser heilt fantastisk ut. Det er verkeleg synd at spelet har fått ein så blytung start.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Samstundes er ikkje dette ei god nok unnskyldning for kor mange som opplever trøbbel med spelet. Fleire av Sony sine PC-versjonar har vore relativt velpolerte, og det har neppe vore så mange negative reaksjonar som dette.

Eit av hovudproblema i The Last of Us ser ut til å vere knytt til korleis speler lastar inn «shaders». Hos underteikna tok det rundt 30 minutt før spelet var ferdig med dette, og prosessorvifta gjekk bananas frå første stund.

Iron Galaxy (ansvarleg for PC-versjonen) har brukt nokolunde same metode på PC-utgåva av Uncharted, men der tar det ikkje i nærleiken av like lang tid.

Vent med kjøp

Eg starta spelet før innlastinga var ferdig, og merka svært varierande biletefrekvens frå start. Med MSI RTX 4080 Suprim X i maskinen kunne biletefrekvensen hoppe frå 200 på det høgaste til 50 på det lågaste i 1440p.

Dette forsvann heilt då lastinga var ferdig. Det er framleis ein del variasjon alt etter kva type scene spelet teiknar, men biletefrekvensen har vore relativt stabil.

Eg har heller ikkje hatt ein einaste krasj.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Difor må eg innrømme at eg blei ein smule overraska då eg vakna opp onsdag og sjekka fronten vår. I starten hadde eg tenkt å rose The Last of Us opp i himmelen – med fleire viktige unntak.

Det var likevel før eg fekk med meg erfaringane som spelarar har hatt med spelet.

Igjen er me tilbake til kjernen av problemstillinga med PC-utgåver. Sjølv om eg ikkje har trøbbel, har kanskje du det.

Og då veit ein aldri om ein tredjemann får trøbbel når han kjøper spelet. Eg ser det er fleire som opplever store problem med omtrent same maskinvare som det me testar med.

Difor er det berre å vente med kjøp til Iron Galaxy har kome ut med fleire oppdateringar.

Imponerande menyar

Når spelet først fungerer, som det gjer hos meg, er det lite å pirke i. Dei store irritasjonsmomenta, anna enn lastetida og ytinga, har vore effekten som gir støv på skjermen kvar gong du ser på lyskjelder (som du kan slå av), mangel på fullskjermmodus og ei litt rar kjensle i peikaren.

Dette venner ein seg til. Siktinga med mus er noko kronglete når spelet brukar same sikte som på PlayStation, men det er heller ingen dødssynd.

Elles har Iron Galaxy gjort ein fenomenal jobb med å gi oss eit hav av valmoglegheiter i menyane. Det er sjeldan du ser storspel gjere dette så grundig.

MANGE VAL: The Last of Us har ein innstillingsmeny som får grafikknerdar som oss til å dåne.

Spelet har støtte for både skalering av oppløysing, DLSS og FSR. Det lar deg blant anna låse opp biletefrekvensen fullstendig og justere synsvinkel, som gjer at PC-versjonen allereie er milevis betre enn konsollutgåva.

Menyane har snacks som statistikk for yting og eigne innstillingar for ultrabreie skjermar, men det er grafikkinnstillingane som tar kaka.

Viktige innstillingar som teiknedistanse, skuggar, lys og teksturkvalitet er delt opp i ein heil haug med underinnstillingar.

Få spel, om nokon, har gått så grundig til verks for å gi deg verktøy til å skreddarsy lyssettinga i verda for å få best mogleg yting og høgast mogleg kvalitet.

Slåande vakkert

Detaljrikdomen i menyane smittar over til sjølve spelopplevinga. Me var svært imponerte over nyutgåva av The Last of Us då det kom til konsoll i fjor, og det er ut til at alle endringane er med til PC-versjonen.

Det er ufatteleg at eit spel frå 2013 kan sjå ut som dette. Her og der får ein auge på nokre teksturar dei har gløymt å pusse opp, men jamt over er The Last of Us slåande vakkert.

FULLTREFFAR: For eit lys! For ein utsikt! For ei stemning!
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Eg har aldri brukt fotomodusen i eit spel så ofte som dette. Det skjer stadig at eg må stoppe opp for å fange lyset som leikar på ansiktet til ein av figurane i eit skjermbilete.

Det er kjekt at historieforteljinga framleis treff hjartemusklane like presist som før, sjølv rett etter å ha sett serien, men det er ikkje difor eg kjem til å spele gjennom heile dette.

Det er det grafikken som får æra for. Spesielt filmsekvensane, som no er teikna i spelmotoren, held eit skyhøgt nivå.

Dårleg optimalisering

Krasjing og yting er altså grunnane til å ikkje kjøpe spelet så langt. Og her er det ein del som skurrar.

Sjølv om prosessorvifta mi gjekk som ein flymotor under lastinga, brukar spelet omtrent ikkje prosessoren i det heile. Til og med i 1080p er prosessorbruken på omtrent null.

Ein skulle tru at dette ville endra seg med å skru ned oppløysinga eller innstillingsnivå, der ein flyttar flaskehalsen over på prosessoren, men nei.

Det er skjermkortet som gjer absolutt alt av arbeidet. Videominnebruken klatrar opp mot 15 GB til tider med alt på maks. Eg syns ikkje alltid ein skal forvente å kunne klare å køyre alt nytt på ultra (ultra er stort sett alltid unødvendig krevjande), men dette er altså på RTX 4080 og RTX 4090.

Benchmarkinga vår viser òg at den øvre terskelen for biletefrekvens er låg i 1080p. Det heng sannsynlegvis saman med at spelet fullstendig ignorerer prosessoren vår.

Så veit me at Sony har lansert andre PC-versjonar som køyrer frykteleg mykje betre enn dette. Med andre ord er det ein lang veg å gå med optimaliseringa her.

Konklusjon

The Last of Us Part I har eit enormt potensial på PC. Den audiovisuelle opplevinga er fantastisk når ho først fungerer, men det er førebels for altfor mykje rusk til å bruke 600 kroner på dette.

Testrigg

Utviklaren må utnytte prosessoren langt betre, og må ta grep for å endre korleis dei lastar inn shaders.

Det kan hende du er heldig og treff blink med den korrekte maskinvarekonfigurasjonen, slik eg har gjort, men det er ikkje noko å satse på enno.

Me kan berre spekulere i kva utviklarane tenkte då dei utsette spelet med to veker. Det er vanskeleg å forstå kvifor dei ikkje tok seg betre tid når dei først utsette spelet likevel, og uansett lanserte det etter sesongavslutninga av HBO-serien.

Mi oppmoding til deg, kjære lesar, er difor å vente nokre månadar. Nett slik Iron Galaxy òg burde gjort.

Medium til venstre, Ultra til høgre. Spelet tar seg godt ut sjølv på lågare innstillingsnivå, då med betydeleg høgare FPS.

High til venstre, Ultra til høgre.
Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »

Siste fra forsiden