Feature

Er Assassin's Creed ein god turguide?

Kan Assassin's Creed redde feriestemninga?

Me drog til Hellas med Ubisoft-spelet som hjelpemiddel.

Ubisoft

Eg hadde gått på ein smell.

Panikken kom rundt 24 timar før eg skulle på eit fly til Athen. Eg har alltid hatt lyst til å utforske den greske hovudstaden, og eg har ikkje hatt ein skikkeleg ferie sidan 2019.

Problemet var berre at eg hadde lova at eg skulle stille som turguide.

I eit forsøk på å dempe budsjettoverskridinga ein smule, foreslo eg til reisefølget at eg heller kunne lese meg ekstra opp på nokre av attraksjonane i sentrum. Og slik sleppe ein tusing eller to for innhyring av guide.

Då eg presenterte forslaget, var det openbert at reisefølget ikkje hadde tru at eg faktisk kom til å bruke tid på historieleksa.

Det hadde eg heller ikkje gjort.

Eg har ikkje kjend på denne typen stress sidan veka før eksamenar på universitetet som eg las altfor lite til. Då var løysinga konting, men det var openbert ikkje ei moglegheit denne gongen.

Reiseforsikringa hadde heller ingen klausul for refusjon av billettar for å unngå «kva var det eg sa»-kommentarar.

I min desperasjon støvsuga eg både Netflix, HBO, Disney og Amazon Prime etter dokumentarar om gresk historie. Utan det store hellet. YouTube var det meir hjelp i, men eg er trass alt speljournalist.

Kunne dataspel redde meg frå knipa?

LES OGSÅ: Vår anmeldelse av Assassin's Creed Odyssey »

Eldprøve

Interaktivitet er eit svært effektivt verktøy for kjapp læring.

Det er heller ikkje mangel på spel sett til den greske antikken. Dessverre hadde eg ikkje tid til å runde dei ørten ulike God of War-spela igjen, men det slo meg at Assassin’s Creed òg har vore innom grekarland.

Akropolis, byborga i Athen, i Assassin's Creed.

Kunne det vere noko?

Eg har ikkje spelt gjennom eit Assassin’s Creed-spel sidan Brotherhood, og har heller ikkje rørt Odyssey. Ubisoft si oppskrift for opne verder er dørgande keisam, spør du meg. Det freista ikkje nemneverdig dagen før avreisa, og etter litt googling såg eg at det ville ta meg ei æve å kome til Athen.

Men. Ubisoft har utvikla eigne læreopplevingar basert på fleire av dei siste spela. Både hovudspela dei siste åra og historieopplevingane har blitt hylla av historikarar for å gi eit unikt innblikk i korleis livet var i gamle sivilisasjonar.

Me i Gamer har aldri skrive meldingar av Discovery Tour-utvidingane til Assassin's Creed, og eg er slik sett i ein unik posisjon til å verkeleg sette spelet frå Hellas på ein eldprøve.

Ville halvannan time i Discovery Tour: Ancient Greece gjere meg til ein kapabel guide for ei omvising på Akropolis?

LES OGSÅ: Så presis er God of Wars bruk av norrøn mytologi »

Historielærarens våte draum

Discovery Tour: Ancient Greece startar, passeleg nok, nettopp ved Akropolis i Athen.

Eg blir tatt med på ei vandring gjennom området av Aspasia, ein kjenning av Athens fremste statsmann (og opphavsmann til Parthenon) på den tida, Perikles.

Discovery Tour plasserer deg først i rolla som Kassandra, nett som i Odyssey, men denne gongen er du turist og historiestudent, ikkje snikmordar.

OMVISNING: Aspasia viser deg rundt.

Formidlinga vekslar mellom filmsekvensar der kameraet svevar over Akropolis, samtalar med figurar på staden og utforsking til fots. På kvart interessepunkt kan du klikke deg inn for å dykke ned i historiske kjelder.

Du får òg sjå korleis staden ser ut i dag.

Det er liten tvil om at eg ville lagt vekk historieboka om eg kunne oppleve dette på skulen.

Underverk

Etter rundt tjue minutt i Akropolis utfordrar Aspasia meg med spørsmål om kva eg har lært.

Discovery Tour sine omvisingar handlar ikkje berre om stadar, men òg politikk, kultur, religion og det daglege livet til borgarane.

Eg vandrar rundt i det eldgamle Hellas i ei stund, og tar dei mest relevante omvisingane frå Athen.

To døgn seinare står eg her sjølv. Steinblokkene i fortifikasjonane og portane til Akropolis, propyleane, tårnar framfor meg.

Det er sprøtt å tenke på at menneske kunne bygge dette for tusenvis av år sidan.

Kassandra nyt utsikta mot propyleane.
Mikkjell Lønning/Gamer.no
Festningsverket har sett betre dagar.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Nokre britiske turistar får tilsnakk for å ta på ei marmorsøyle – rett under eit skilt om at det same ikkje er lov.

Eg prøver meg på nokre setningar til reisefølget om korleis portane blei bygd rett etter Parthenon stod ferdig, med ein merknad om at arbeidet her tok slutt på grunn av krigen mot Sparta.

Nett slik Aspasia hadde lært meg.

Tjuvar og støv

I skuggen av Parthenon – no dekka av stillas – fortel eg om korleis den ikoniske bygningen blei brukt for tusenvis av år sidan.

Støv og sand stikk mot huda som nåler i novembervinden. Eg prøver å mane fram eit bilete i hovudet mitt av korleis det såg ut inni frå spelet.

Den kolossale bronsestatuen av Atene, velvet som romma heile rikdomen til byen.

Parthenon, fargelagd, ca. 430 før kristus.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Parthenon ein del år seinare.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Litt flygoogling har lært meg at mange av skulpturane frå Parthenon står på British Museum, fortel eg.

Ein engelskmann stakk av med dei på 1800-talet, visstnok med løyve frå grekarane, meiner britane sjølv. Greske myndigheiter vil veldig gjerne ha gjenstandane tilbake, men har førebels ikkje fått hjelp av den tidlegare kolonimakta.

Eg motstår freistinga til å ta dette på engelsk i lytteavstand frå britane som igjen har fått tilsnakk av ein guide for å gå over eit gjerde.

Meiningslaus stein

Det er først nede på agoraen, den gamle marknadsplassen og livsnerven i oldtidas Athen, at minnet sviktar meg.

Aspasia sine leksjonar sit ikkje heilt godt nok, kanskje fordi eg tenkte mest på kva eg skulle pakke då eg sprinta gjennom området med Kassandra.

Vinden ruskar i lauva på oliventre langs stien mellom gamle statuar, ruinar og forvitra marmorsøyler.

Akropolis på kveldstid.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Her og no, for meg, er dette berre nokre støvete steinhaugar.

Hadde eg hatt tid til endå litt meir Discovery Tour, hadde eg sikkert visst kva det var og fått uendeleg mykje meir ut av å spasere gjennom området.

Å lese frå ein infoplakat (og dei er få her) ligg ganske mange hakk lenger nede på den pedagogiske skalaen for min del.

Eg pleier alltid å tenke at eg skal lese meg grundig opp på historia til landa eg reiser til i forkant. Men eg gjer det sjeldan.

No veit eg – i alle fall viss eg skal til Egypt eller England med det første – at Assassin's Creed er neste stopp.

Denne gongen ser eg fram til historieleksa.

Siste fra forsiden