Feature

God of War og norrøn mytologi

Så presis er God of Wars bruk av norrøn mytologi

Med oppfølgjaren nær tar vi ein kikk på korleis God of War frå 2018 presenterer den norrøne mytologien.

Konseptkunst fra God of War (2018).
Santa Monica Studio

No er God of War Ragnarök rett rundt hjørnet, og glade som vi er i vår kjære norrøne mytologi tenkte vi det var på sin plass å sjå litt på kor godt serien så langt har representert det som er ein stor del av vår felles kulturarv.

Her kjem openberre spoilers, så les vidare på eige ansvar.

LES OGSÅ: God of War-serien rangert fra verst til best »

Dette er gresk for meg

At God of War tok seg stor fridom i korleis det handterte den norrøne mytologien skulle nesten berre mangle der det tok ein spartansk sinnatagg og dytta han inn i ei heilt anna verd, men enkelte ting stakk seg ut ganske så umiddelbart.

Midgardsormen er og blir ein diger orm.
Santa Monica Studio

I God of War er så og seie alle gudane egoistiske og forferdelege folk. Dei tenkjer på seg sjølve, gjer utelukkande det som passar dei, og verst av alle er Odin. Spelet legg ingenting imellom her. Odin er verst. Sjølv om vi aldri møter Odin, så høyrer vi om han, og vi får høyre mykje om alt det grufulle han, gjerne i felleskap med Tor, har funne på.

Joda, det er innafor å seie gudane var egoistiske dritsekkar, men det blir litt enkelt. Gudar, mytologi og folketru er jamt over ein refleksjon av verda dei truande lev i, og norrøn mytologi er ikkje noko unntak. Forskjellen på norrøn mytologi og moderne trusformer er vel i størst grad at ingen prøvar å påstå at desse typane er feilfrie. Norrøne gudar er tvert om svært mennesekelege, med både gode og dårlege kvalitetar, der ein gud kan vere ein representasjon på ei sinssstemniing, eller ein kvalitet. Ta Tor som eit døme, ein ganske hissig fyr som lett kan bli eit bilete på raseri, men likevel er han kanskje den mest populære guden, fordi han er så folkeleg og lett å relatere til.

Mytane om dei norrøne gudane og alle skapningane rundt dei er fulle av historier, og dei fleste gjer fæle ting no og då, men òg gode ting. Ingen er komplett grusome, noko som står litt i kontrast til presentasjonen vi får i God of War.

Det som derimot er svært viktig å hugse på når det kjem til tolkingar av norrøn mytologi, er at det meste går. Kjeldene vi har er få, og nedskrivne lenge etter at kristendomen hadde teke over som utbreidd trusform i Skandinavia. Det er difor sannsynleg at dei fleste av historiene har gått tapt, og dei vi sit igjen med er ikkje nødvendigvis ein korrekt representasjon av forteljingane folk på den tida delte med kvarandre.

Med andre ord er det mykje rom for fri tolking, til glede for nokon, og forarging for andre. I denne teksten går vi djupare inn på nokre av dei mest framtredane elementa i God of War.

Balder, det fagre rasshøl

#IkkjeminBalder
Santa Monica Studio

Den første guden vi møter på i God of War er Balder, og eg må innrømme skepsisen breia seg over kropp og sjel då eg fann ut at den valdelege, uflidde provokatøren skulle forestille Odins fagre son, for her er det lite som minnar om den guden åsatrua fortel om.

I God of War er Balder er sinnatagg som angrip Kratos og tidleg gjer det tydeleg at han ikkje kan døy, og at han ei helle kjenner smerte. Dette er vel òg det einaste som lett kan forklarast ut av den norrøne mytologien.

Balder var den beste, han var den vakraste, godaste, og alle elska han. Så høgt elska alle han, at då Balder hadde ein vond draum om å døy, sprang Frigg – mor hans – verda over for å overtale kvart menneske, kvar gud, jotne, kvar levande skapning og kvar ein stein om å aldri såre han. Det gjekk dei med på, og såleis er det ingenting som kan skade Balder. Vel, nesten ingenting, som vi får erfare både i mytologien og spelet. Med det i tankane er det ikkje så rart fyren vi møter i God of War er litt ekstra kjekkas der han spring rundt og skryt eller syt over at han ikkje føler noko som helst.

Problemet er berre at alle jobben Frigg gjorde har ei bakside. Joda, ingen kan skade Balder, men no føler han ingenting heller. Eg likar idden bak dette. At magien Frigg kasta på Balder hadde ei bakside som øydela livet hans, men eg har litt vanskelegare for å svelje at den venaste, fagraste og snillaste guden har enda opp som dette.

LES OGSÅ: Tilbakeblikk på heile God of War-serien »

Frøya, eller var det Frigg?

Hadde vikingar tattoveringar?
Santa Monica Studio

Dei som kjenner si norrøne tru veit godt at det er Frigg – kona til Odin – ikkje Frøya som er mor til Balder, og historia om korleis ho overtalte alt og alle bortsett frå ei lita busk til å aldri skade den fagre sonen sin er blant dei best kjende forteljingane frå den norrøne mytologien.

I God of War er det Frøya som har gjort dette, for Frøya og Frigg er ein og same person. Det blir forklart at alle dei gode kvalitetane til Frøya blir attesterte til den fiktive figuren Frigg, gjennom Odins endelause vondskap. Frøya og Odin var i God of War ein gong eit ektepar, men den tid er no langt forbi.

Så er spørsmålet om dette stemmer med mytane. Vel, Frøya og Frigg kan ha vore ein og same person, berre med ulike namn som har oppstått på ulike tidspunkt i historia. Frigg var som kjent gift med Odin, men Frøya var ei tid gift med Od, ein gud med eit namn mistenksamt likt Odin, og som mange meiner var Odin. Var dei same person? Kven veit, men det som er sikkert er at slingringsmonnet er stort nok til å gjere God of War-tolkinga plausibel.

Hakket vanskelegare blir det med andre kvalitetar. Frigg var æse, Frøya var vane, to ulike grupperingar av dei norrøne gudane. I tillegg var ikkje Frøya berre kjent for å vere den mektigaste seidkvinna, ho var òg den vakraste og fagraste kjærleiksgudinna, noko som ikkje kjem fram i God of War. Borte er òg hennar to kattar, og i staden får vi ei enorm skjelpadde som kanskje er litt malplassert i det norrøne verdsbiletet.

Utviklarane har gjort ein ganske god jobb her. Dei har teke to ulike personar med definitive trådar mellom seg, og skapt ein ørliten konspirasjon som absolutt er truverdig når vi ser på korleis historia endrar seg alt etter kven som fortel den.

Godt jobba Santa Monica.

LES OGSÅ: Høstens største spill lever opp til forventningene – her er vårt førsteinntrykk av God of War Ragnarôk »

Loke

Er ikkje denne karen litt ung til å vere pappa til tre, mor til ein?
Santa Monica Studio

Loke er pappaen til Midgardsormen. Dette er nok til at eg er litt usikker på korleis eg skal tolke tidslinja i God of War. Har du runda God of War veit du at Atreus viser seg å vere Loke, men sidan Loke er far til ikkje berre Midgardsormen, men også Fenris, og ikkje minst Hel, skapar det mange spørsmålsteikn. Sistnemnde er ei utfordring sidan Kratos og Aterus reiser til Hel(heim), ein stad som ikkje får sitt namn før etter at Hel blir sett til å styre det.

Det er mange spørsmål her, men det største er vel om vi i nokon av spela får sjå Loke gjere seg om til hoppe og bli mor til Sleipnir.

Det blir veldig spanande å sjå korleis God of War Ragnarök handterer karakteren Loke. I norrøn mytologi er Loke katalysatoren for nesten alt som skjer, og utan han hadde det nesten ikkje vore noko igjen av mange av historiene vi kjenner til. Det er han som skapar trøbbel for æsene i Åsgard, men det er òg han som fiksar problema igjen, gong på gong.

Magne og Mode

Sønene til Tor dukkar opp som eit ublidt hinder på ferda til Kratos og son, og desse to føyer seg ganske lett inn i rekka av dritsekkar frå Åsgard, slik God of War presenterer dei i alle fall. Kven Magne og Mode var er det umogleg å seie, det finnest lite nedskrive om dei, og det einaste vi veit om dei i vaksen alder er at dei vil overleve Ragnarok og reise til Idavollen der dei som framleis lev etter at verda har gått under skal leve.

Det blir kanskje litt vanskeleg etter at Kratos drap Magne, og Atreus i guderus drap Mode.

Mime

I God of War har Mime flytta inn i eit tre.
Santa Monica Studio

Mime, det kloke hovudet er i form ganske lett gjenkjenneleg i God of War, men historia bak er det litt verre med. Det finnest ingen sagn som fortel om korleis Odin tok auget til Mime, ei eller at Mime fora Odin i med soppdrikk som fekk allfaderen til å hallusinere så mykje at han plukka ut sitt eige auge. Alt dette er påfunn frå skribentane bak spelet.

I mytane var Odin på konstant og ustoppeleg jakt etter meir kunnskap og visdom, og han ofra villeg auget sitt for å drikke frå kunnskapsbrønnen til Mime, slik at han kunne lære enda meir.

Odin var ikkje sint på Mime, og låste han definitivt ikkje fast i eit tre slik at han etter kvart enda opp med å be Kratos om å hogge hovudet av han.

Det var i stadne Vanane som kappa hovudet av Mime, og Odin tok vare på det og det fekk status som orakel.

Brokk og Sindre

Brokk og Sindre er to av dei aller best kjende dvergane frå norrøn mytologi, og God of War presenterer dei som to kranglefantar som på eitt tidspunkt rauk uklar, og ikkje har snakka saman sidan.

Akkurat dette er nok eit påfunn frå utviklarane som sprøytar litt nyttig humor inn i eit elles dramatungt spel, sjølv om det er basert på ein viss mytologisk kontekst. Dvergar er ikkje akkurat kjende for å vere blide, men stolte, sinte folk som ikkje gjer noko gratis. Norrøne dvergar har nok vore ein stor inspirasjon for Tolkien då han skapte sine. Dei er gretne, lev under jorda, lagar flotte ting, og er stor sett berre menn.

Det er eit par detaljar ved dvergane i God of War som er verdt å sjå nærare på. Først har vi hudfargen til Brokk, som er blå. Sjølv om dette får si forklaring i spelet, skal ein ikkje sjå bort frå at ideen kom frå korleis orda for svart og blått glei litt over i bruk i det norrøne språket, og korleis noko som var svart, kunne bli skildra som blått.

Dette sender oss ganske praktisk over i punkt nummer to. I norrøn mytologi blir dvergar stort sett også kalla svartalvar. Igjen med fargen svart, og korleis den kanskje er blå, eller omvendt.

God of War kompliserer derimot dette litt ekstra ved å instrodusere svartalvane som ein heilt eigen rase ved sidan lysalvane, Det er absolutt rom i mytologien for å definere svartalvar og dvergar som to ulike ting, sjølv om dei fleste er rimeleg einige om at dvergar og svartalvar er ei og same greie.

Når du har blåmåndag kvar dag.
Santa Monica Studio

Bifrost

I God of War er bifrost ein magisk duppedings som kan brukast for å reise mellom dei ni rika om ein fyller den med lys frå Alfheim.

Det er frykteleg lite her som stemmer med mytologien, bortsett frå at Bifrost blei brukt for reisande. Bifrost var ingen dings, men ei diger bru som knyta saman Midgard og Åsgard, og guden Heimdall vakta den. I våre dagar er brua betre kjend som regnbogen.

Stil og form

Har du lyst til å lære meir om norrøn mytologi? Ta ein kikk på desse bøkene:

Norrøne Guder av Johan Egerkrans

Norrøn Religion av Gro Steinsland

Norrøne Guder og Myter av Lars Magnar Enoksen

Valhall av Peter Madsen

The Witch's Heart av Genevieve Grnichec

The Gospel of Loki av Joanne M. Harris

God of War glir ganske godt inn i rekka av moderne produksjonar som tek på seg ei kappe av norrøn mytologi og vikingtid utan å heilt bry seg så alt for mykje med kva vi eigentleg veit om denne tida. Reint estetisk er det veldig lite i God of War som stemmer overeins med noko som helst. Vi finn nokre hus som glir inn ganske greitt, nokre runer som eigentleg var brukt lenge før vikingtida, og mange rock 'n roll-vikingar som går kledde i ting mest sannsynleg ingen vikingar nokon gong hadde sett.

Først og fremst må vi snakke om tattoveringar. Eg skal ikkje nekte for at denne stilen popularisert av seriar som Vikings treff meg midt i hjarterota, men historisk korrekt er det ikkje. I realiteten finnest det berre ei skriftleg kjelde på at vikingar tattoverte seg. Arabaren Ibn Fadlan reiste frå Bagdad til Volga, og der skildra han vikingar som hadde bilete på kroppen.

Tattoveringsnåler har derimot blitt funne i Skandinavia frå bronsealder av, så heilt usannsynleg er det ikkje.

Mykje av ariktekturen vi ser rundt Kratos og Atreus er òg ganske tvilsam frå eit norrønt perspektiv. Jamt over minnar den eigentleg meir om det vi har sett i tidlegare God of War-spel, men kanskje er dette eit bevisst trekk for å kople saman ulike panteon.

Vegvisir

Dette er ikkje eit norrønt symbol.
Norse-mythology.org

Symbolet Vegvisir dukkar opp både her og der i God of War, og gjerne på dører. Ikkje så rart sidan symbolet er meint å hjelpe reisande med å finne vegen gjennom dårleg vér.

Dette er litt pinleg, og med all jobben utviklarane bak God of War har lagt inn, er dette nesten litt sjokkerande. Symbolet ser unekteleg fint og norrønt ut, og mange assosierer det med vikingtida, men det har absolutt ingenting med vikingtida å gjere.

Vegvisir dukka først opp i islandsk litteratur på 1800-talet, lenge etter at vikingtida var over. For å gjere vondt verre har det mest sannsynleg kristeleg opphav. Ikkje akkurat autentisk vikingkultur der altså.

Godt og blanda

God of War tek seg stor fridom i historia det fortel, men som norrøn mytologi-entusiast er eg veldig godt nøgd med jobben Santa Monica har gjort. Dei har ikkje berre laga eit spel og dytta inn karikaturar av norrøne gudar. Dei har verkeleg lest seg opp og funne detaljar og historier som dei har brukt for å skru saman ei historie. Så og seie alt dei har gjort kan du finne belegg for i mytologien, sjølv om det ikkje nødvendigvis stemmer heilt overeins med forteljingane vi kjenner.

Det er vinnaren som skriv historiebøkene, og det kan sjå ut til at det er denne mentaliteten forfattarane bak God of War har tatt med seg inn i prosjektet. Kva om mytane vi kjenner ikkje er heile sanninga? Kva om det berre er ei side av saka? Det er ein artig vri som byr på mykje rom for både kreativ fridom.

Oppfølgjaren er rett rundt hjørnet og det blir uhyre spanande å sjå korleis frøa utviklarane sådde for fire år sidan vil spire og gro i oppfølgjaren.

LES KOMMENTAR: – Hvorfor skal man bry seg om hudfargen på en oppdiktet figur?

Siste fra forsiden