Feature

Kansellerte spel

Xbox-spela det aldri blei noko av

Fable Legends, Stormlands og Phantom Dust blei alle kansellert.
Lionhead Studios, Obsidian Entertainment, Microsoft, montasje Gamer.no

Ei av dei store baksidene ved spelindustrien er at no og då blir det aldri noko av det spelet du venta på. Kanskje har du venta i fleire år på eit spel som blei kunngjort med store lovnader. Over fleire år har flotte bilete blitt vist, imponerande videoar får håra til å reise seg på ryggen din. Kanskje har du til og med fått prøvd spelet i ein betatest før den brutale beskjeden brått blir formidla: Spelet du har venta på er kansellert. Draumen er over.

Det finnest haugevis med kansellerte spel der ute, til alle plattformer, og i denne artikkelen skal vi gå over nokre av dei mest spanande og trasige spela som skulle ha dukka opp på ein Xbox-konsoll, men i staden gjekk ned i glaumeboka i seksjonen om alt det som kunne ha vore.

Dinosaurane i BC var langt større enn dyra dei var baserte på.
Microsoft

BC

Utviklar: Intrepid Computer Entertainment
Plattform: Xbox

BC var under utvikling hos Intrepid Computer Entertainment, eit satelittstudio under Lionhead Studios. Spelet var så før si tid at det kanskje blei hakket for langt før si tid. I spelet reiste vi tilbake til ei fiktiv fortid der tidlege menneske sprang rundt i ei verd full av enorme og mannevonde dinosaurar.

Rolla di var å styre ein stamme med menneske som utvikla seg og tilegna seg nye eigenskapar utover i spelet. Sjølv om spelet var fullt av dinosaurar var desse mest for potensielle naturkatastrofer å rekne, medan dei verkelege fiendane var nokre apeliknande skapningar.

Det mangla ikkje på ambisjonane, for i dette spelet skulle vi møte ei diger opa verd full av intelligente skapningar som ikkje berre jakta deg rundt, men reagerte på kvarandre, i ein simulasjon av ei anna verd.

Sjølv om mange venta i spaning på dette spelet som på mange måtar er ein forløpar til overlevingsspela som blei så populære mange år seinare, blei BC kansellert i 2004 utan at vi fekk ein god grunn.

Det gjekk ikkje heilt etter planen då Level-5 skulle lage MMO.
Level-5

True Fantasy Live Online

Utviklar: Level-5
Plattform: Xbox

True Fantasy Live Online var eit av Microsofts første store forsøk på å få fotfeste i Japan. Dei hyra inn Level-5, studioet som stod bak det herlege rollespelet Dark Chronicle til å lage eit massivt onlinerollespel. Spelet skulle vere ein del av Microsofts satsing på den komande nettenesta Xbox Live, og ville la deg snakke med andre spelarar via mikrofon.

Ting gjekk derimot ikkje heilt som planlagt. Sjølv om spelet var spelbart og nesten ferdig blei det i 2004 kansellert. Grunnane skal vere mange. Forholdet mellom Microsoft og Level-5 blei stadig dårlegare. Level-5 hadde inga erfaring med å lage slike spel, og sleit med å innfri krava Microsoft stilte. Microsoft blei i tur frustrerte over ein mangel på framgang.

Til slutt havarerte ikkje berre True Fantasy Live Online, men òg forholdet mellom Microsoft og Level-5. Studiosjef Akihiko Hino har gjort det rimeleg klart at dei to selskapa ikkje skildest som venerm og at dei mest sannsynleg aldri vil samarbeide igjen.

Ikonisk bilete frå Star Wars: Knights of the Old Republic.
BioWare

Star Wars: Knights of the Old Republic 3

Utviklar: LucasArts
Plattform: Xbox 360, PC

Eit av dei mest legendariske spela frå den første Xbox-konsollen er Knights of the Old Republic som blei utvikla av BioWare. Spelet fekk ein oppfølgjar frå Obsidian Entertainment, men det mange ikkje veit er at eit tredje spel var under utvikling tidleg på 2000-talet.

Dette spelet blei utvikla av LucasArts sjølve og blei starta opp etter at eit Star Wars MMO for konsoll blei kansellert. Etter kanselleringa blei teamet sett til å lage eit nytt Knights of the Old Republic-spel i staden, slik at mykje av det som allereie var laga kunne på brukt.

Vi veit ikkje mykje om dette spelet, men ei historie var skriven, og mange av miljøa, oppdraga og karakterane var designa. Diverre blei dette spelet jobba på under ei utfordrande tid der LucasArts gjekk gjennom store endringar, og spelet enda på hoggestabben.

Konseptvideo frå Cy On.

Cry-On

Utviklar: Mistwalker, Cavia
Plattform: Xbox 360

Etter å ha starta sitt nye utviklarstudio Mistwalker i 2004 kunngjorde Final Fantasy-skapar Hironobu Sakaguchi i 2004 heile fire nye spel. Desse skulle lagast av han og Mistwalker i samarbeid med fleire eksterne selskap som ville stå for brorparten av arbeidet. To av desse blei Xbox 360-rollespela Blue Dragon og Lost Odyssey, men mindre kjende er Nintendo DS-spelet ASH: Archaic Sealed Heat, og det kansellerte Xbox 360-spelet Cry On.

Cry On var noko nytt for Sakaguchi. Der han var mest kjend for turbaserte rollespel skulle dette bli eit actionrollespel. Du skulle ta på deg rolla som den unge jenta Sally, som reiste rundt med ein steingolem. Med på laget var som vanleg komponist Nobuo Uematsu, og vi blei lova eit emosjonelt spel som skulle by på varierte spelmekanikkar der du kunne skifte mellom å kontrollere Sally og golemen hennar.

Spelet blei utvikla saman med Cavia, som på den tida var best kjende for Drakengard og Nier. Etter fire år var det derimot over, og spelet blei kansellert av utgjevar AQ Interactive i 2008. To år seinare stengde Cavia dørene.

Skjermbilete frå Stormlands.
Obsidian Entertainment/Eurogamer

Stormlands

Utviklar: Obsidian Entertainment
Plattform: Xbox One

For dei av oss som har følgt med i timen ei stund var det at Microsoft kjøpte Obsidian ei temmeleg stor overrasking. Ikkje berre fordi Microsoft slukte det meste som var av rollespelstudio på den tida, men òg fordi Obsidian og Microsoft hadde prøva, og feila, å jobbe saman tidlegare.

Stormlands var eit veldig ambisiøst rollespelspel der Microsoft praktisk talt kasta pengar etter Obsidian for å få dei til å gjennomføre alle tenkjelege idear. Ein av dei var å la enorme monster dukke opp i kvar spelar si individuelle verd. Folk som angreip monsteret blei samla i raid for 40 personar, og etterpå ville spelet lage unike videoar til kvar spelar som viste korleis dei deltok i å ta ned monsteret.

Enorme stormar var eit viktig tema i spelet, og dei skulle kunne påverke magiske krefter. Spelet vart jobba på i generasjonsskiftet mellom Unreal 3 og Unreal 4, og sidan ingen av desse heilt passa å bruke, enda Obsidian opp med på bruke sin eigen Dungeon Siege III-motor, noko som gav ekstra utfordringar for dette ambisiøse spelet.

Stormlands skulle bli ein lanseringstittel for Xbox One, og dette la mykje press på Obsidian. Til slutt bestemde Microsofrt seg for å kansellere spelet, noko som enda opp med at Obsidian i 2012 måtte seie opp ei rekke tilsette. Forholdet dei i mellom surna ikkje av den grunn, og seks år seinare kjøpte Microsoft like så godt Obsidian.

Avsløringstrailer for Phantom Dust.

Phantom Dust

Utviklar: Darkside Game Studios
Plattform: Xbox One

Phantom Dust er historia om kor gale det verkeleg kan gå i spelindustrien. Serien starta sitt liv på den originale Xbox-konsollen som eit actionspel med element frå digitale kortspel, og var regissert av skaparen av Sega-serien Panzer Dragoon.

I 2014 prøvde Microsoft å løfte fram serien for eit nytt publikum. Då allierte dei seg med det vesle utviklarstudioet Darkside Game Studios om å lage ein fleirspelar-versjon av Phantom Dust som sikta seg inn på det vaksande esport-samfunnet.

Det skulle raskt gå gale. Kort tid etter at utviklinga starta bad Microsoft utviklarane om å inkludere ein einspelarmodus utan å auke budsjettet. Verre blei det då Microsoft kunngjorde spelet på E3 2014 utan å informere utviklarane, og ved å vise ein CGI-trailer som ikkje representerte den visuelle stilen utviklarane hadde gått for.

Som for å strø salt i såra var alle utviklarane under NDA og hadde ikkje lov å snakke om prosjektet. Microsoft heldt fram med å kome med nye krav til prosjektet, og Darkside sette alle sine folk på spelet. I Februar 2015 var det likevel slutt, Microsoft kansellerte spelet, og Darkside blei tvinga til å seie opp alle tilsette og låse døra for godt. Phantom Dust enda i staden opp som ein remaster av originalspelet.

Fable Legends E3 2015-trailer.

Fable Legends

Utviklar: Lionhead Studios
Plattform: Xbox One, PC

Kanselleringa av Fable Legends i 2016 var ikkje berre eit slag i trynet på Fable-fans, men òg på fans av alt Lionhead Studios hadde gjort opp til då. Microsoft kansellerte ikkje berre Fable Legends, men stenge i tillegg dørene hos eit av sine mest ikoniske utviklarstudio.

Historia om Fable Legends er eit krondøme på kva som skjer når eit studio blir pressa til å gjere noko dei ikkje nødvendigvis vil. Lionhead hadde aldri laga fleirspelarspel før, men det var det Microsoft sette dei til å gjere. I staden for å lage Fable 4, blei Lionhead sett til å lage Kinect-eksperimentet Fable: The Journey, før dei gjekk over til eit fleirspelarspel der fire spelarar skal lage ei heltegruppe som kjempar mot ein femte spelar som styrer fiendar og prøvar å knekke heltane.

Konseptet var interessant, og eg var heldig nok til å få spelt det både på E3 og i beta heilt fram til kanselleringa. Det mest tragiske med dette spelet er at sjølv om det ikkje var det Fable-spelet folk ville ha, byrja det verkeleg å ta form i løpet av dei siste månadane det var i utvikling. Det var eit nydeleg spel, men ei flott stemning i ei litt tom verd som berre trengde meir innhald. Slik skulle det derimot ikkje gå, ogMicrosoft gjorde eit grep som øydela mykje godvilje.

I staden for å kansellere prosjektet og setje studioet til å gjere noko anna, som å lage Fable 4, blei heile studioet stengt ned, og ein haug med dyktige folk blei spreidde for alle vindar.

Scalebound Gamescom 2015-trailer.

Scalebound

Utviklar: Platinum Games
Plattform: Xbox One

Mange år etter at det kunne sjå ut til at Microsoft sånn halvvegs hadde gjeve opp ideen om å ta over Japan blei brått Scalebound kunngjort. Eit japansk rollespel utvikla av actionyndlingen Platinum Games var ein idè som fekk hjartet til å banke litt ekstra hardt hos mange.

I spelet tok du på deg rolla som ein ung mann med dårleg haldning og dragekompisen hans. Du ville få utforske er stor og fantairik verd, og kjempe mot fiendar både til fots og frå drageryggen, alt med actionekspertisen til Platinum Games som eit digert salspunkt. Spelet skulle òg by på ein fleirspelarmodus, der fire spelarar kunne rotte seg saman for å utkjempe store slag.

Spelet gjekk under sjangeren isekai. Noko som vil seie at ein person frå vår verd blir sendt inn i ei anna verd. Hovudpersonen var ein kjepphøg kjekkas som sprang rundt med headset og høyrde på trendy musikk medan han kjempa mot folk i sverd og rustning.

Mottakinga blei stadig meir splitta, og spelet såg strengt tatt ikkje ut til å vere heilt der ein forventar eit nesten lanseringsklart spel skal vere. Til slutt blei spelet kansellert i 2017. I ettertid har regissør Hideki Kamiya offentleg fridd til Microsoft om å ta opp igjen arbeidet, men etter at Kamiya slutta i Platinum Games på tampen av 2023 ser det ikkje ut til at mykje håp er igjen for akkurat dette vesle stykket med spelhistorie.

Siste fra forsiden