Anmeldelse

Triangle Strategy

Taktikk av beste sort

Triangle Strategy byr på nøyaktig det fans av sjangeren har sakna.

Ein gong i tida var Tactics noko av det beste ein kunne få frå Japan. Ein eigen sjanger vaks fram frå spel som Fire Emblem, Tactics Ogre og Final Fantasy Tactics. Desse spela bydde på utfordrande turbaserte kampar på rutenett der posisjonering og kløktig bruk av angrep og eit mylder av eigenskapar var heilt essensielt for å kome seg gjennom strabasane.

Kvifor sjangeren så godt som døde ut er ikkje godt å seie, sannsynlegvis har det mykje med det konstante jaget etter action og høgt adrenalinnivå å gjere, og det er eigentleg ganske trasig. Alt må ikkje gå i hundre kilometer i timen, og ein kan vitterleg la seg utfordre like mykje av rundebasert kamp som den utfordringa som slår deg midt i trynet når du minst ventar det.

Det er ein grunn til at sjakk framleis er uhyre populært.

Med respekt for fortida

Verdskartet viser kvar konfliktene utspelar seg.
Square Enix

Sånn reint bortsett frå det teite namnet som eg mistenker vil hindre mange i å sjekke ut spelet fordi det er ingenting der som seier «spel meg», er Triangle Strategy kanskje det spelet som dei siste åra har gjeve meg størst tru på at gamle Square Enix framleis finnest.

Først ut er den vanvittig lekre grafikken. Dette er ei vidareføring av 2D-HD-stilen dei eksperimenterte med i Octopath Traveler, men her kjem den for alvor til sin rett. Fugleperspektivet gjer i seg sjølv mykje for å løfte fram detaljar og skape ei heilt herleg stemning. Octopath Traveler framstår litt som prototypen, med Triangle Strategy som det endelege produktet. Den flotte grafikken blir attpåtil hjulpe fram fram av flott musikk og det som for det aller meste er solid skodespel.

Dette spelet handlar derimot utelukkande om to ting. Det handlar om å fortelje ei dramatisk historie om tre riker i stadig konflikt, og det handlar om å la deg bryne deg på tidvis svært utfordrande kampar der du verkeleg må nytte alle verkty spelet gjev deg. Det lukkast nesten maksimalt på begge frontar.

Triangle Strategy fortel ei uvanleg vaksen og engasjerande historie. I staden for å hente sin typiske inspirasjon frå japanske troper om unge menn som er så fantastiske at alle dånar når dei ser dei, kor viktig det er med venskap, og ein haug med idiotiske maskottar og irriterande jenter med pipestemmer, er det absolutt ingenting her som har nokon annan funksjon for å historia enn å dra den vidare.

Fokuset er på konflikta som oppstår i denne verda, og kva dei ulike karakterane må gjere for å navigere den. Det er kløktig utført. Vi følgjer i hovudsak ein person og følgjesvenene hans, men historia er på ingen måte låst. På fleire punkt må du gjere eit drastisk val som sender deg i ein av to retningar, og det er uhyre tydeleg nøyaktig kor mykje desse vala har å seie for resten av spelet.

Det gjer spelet veldig spanande, og det gjer dei ulike vala vanskelege, for ein vil jo sjølvsagt ikkje velje feil, og det er ikkje lett å spå kva utfallet vil bli. Skjønt, feil kan vere positivt her, og sluttproduktet av eit val kan bli minst like spanande om ein vel den vegen som har minst sjanse for suksess.

Kva som skjer i dette spelet kjem av på kva du gjer.
Square Enix

Sjølv med kor god historia er, blir det likevel litt mykje av den. I dei tidlege timar byrja eg å lure på om eg nokon gong skulle få spele, og klokka inn ein time mellom to kampar. Jamt over tek historia svært mykje plass. Det er ikkje alltid like heldig. Om ein berre vil få inn ein liten time med speling her eller der vil du lett ende opp med å måtte ta inn mykje historie før ein får delta, og det kan vere litt surt når alt ein eigentleg vil er å briljere med sine taktiske krefter.

Tenk før du handlar

Triangle Strategy skor seg på nøyaktig same lest som liknande spel. Om du har kjennskap til Square Enix sitt kanskje mest kjende taktikkspel Final Fantasy Tactics, vil du umiddelbart kjenne deg som heime.

Du har ein stadig vaksande stab med soldatar du kan ta med deg i kamp, og alle veks dei i nivå etter kvart som dei handterer fienden. Dei kan alle stige i gradene, oppgraderast, og utrustast med eit par gjenstandar.

Mange av dei viktige vala i dette spelet må gjerast allereie før kampen startar. Kven skal du ha med deg? Kven skal oppgraderast? Kven er nyttige i ulike situasjonar, og kva krigarar byr på gode komboar? Dette er ikkje berre spørsmål som er greit å tenkje over, det kan bety forskjellen på liv og død i seinare slag.

Ein av dei tinga eg set mest pris på med Triangle Strategy er at det er umiddelbart utfordrande. Dette er ikkje eit av dei spela som gjev deg ein haug med verkty for å løyse utfordringar som aldri dukkar opp. Dette spelet er laga for å teste metodane dine, og det vil bety at ein og annan gong vil alle krigarane døy. På dette punktet skil spelet seg derimot frå enkelte konkurrentar. Det er inga straff for å tape ein kamp her. Tvert om. Skulle du miste alt du har, er det berre å prøve på ny, med alle gjenstandar returnert og all innsanka erfaring inntakt.

Enkelte puristar på «slå meg hardt»-fronten vil nok fnyse av dette, men strengt tatt skal det ikkje meir til for å få skikkeleg pryl enn å skru opp vanskegrada eitt eller to hakk.

2D-HD-stilen har blitt så godt som perfeksjonert i Triangle Strategy.
Square Enix

Herleg taktikk på gamlemåten

Kampane i Triangle Strategy er absolutt spelets høgdepunkt. Dei er utfordrande, engasjerande, og så fulle av variasjon at du verkeleg føler kvar karakter speler ei vital rolle. Ei dame sit på ryggen av ei ørn og kan lande på hustak for å regne piler på fienden. Ein annan spring fram med skjold og hånar fienden så dei først og fremst går på han. Ei annan kan skjule seg kvar som helst, og angripe to gongar kvar tur. Sistnemnde er spesielt nyttig når ein utnyttar spelets flanke- og bakhaldssystem. Snik du deg opp bak nokon får du aumitatisk kritisk angrep, og om to krigarar står på kva si side av ein fiende, vil den eines angrep få den andre til å delta.

Desse essensielle elementa blir i tillegg forsterka av eit nivådesign som verkeleg briljerer. Ein må heile tida ta inn over seg kvar ein er, det nærliggjande terrenget, og planleggje fleire trekk framover for å ha størst mogleg sjanse for å overmanne fienden.

Kombinert med at alle karakterane har tydeleg definerte bruksområde som gjev deg ei kjensle av at nesten alle er heilt essensielle for best mogleg utfall av eit slag, har du ein ekstremt vinnande formel.

Eg har ofte blitt sitjande lenge og fundert over kva neste trekk skal vere. Skal eg prøve å lande bogeskytaren på eit tak? Skal eg prøve å lokke fiendar inn i større grupper slik at eg kan bruke områdemagi, sjølv om eg då må risikere at lokkematen blir pepra med fleire angrep enn den tåler? Det er mykje å tenkje på, og det at spelet utfordrar dei små grå på denne måten gjer det lett å ville berre ta ein kamp til.

Alle karakterane har unike eigenskapar og spelar ei eiga rolle i kampane.
Square Enix

Det er her spelets store fokus på historie verkeleg bryt opp og øydelegg litt. Kampane er for engasjerande til at det er så få av dei. Riktignok har du ein leir der du kan ta del i nokre treningskampar, men det er likevel ikkje nok. Det spelar inga rolle kor god historia er, og at den blir betre desto lenger ut i spelet vi kjem, eg vil kjempe meir. Eg vil ha meir gameplay, men det framstår som låst bak ein vegg av lange dialogar du ikkje veit enden på. Sjølvsagt kan ein hoppe over dei, men eg vil jo ikkje det heller, historia er jo interessant, og eg vil ha alt den byr på, men hei! Meir gameplay!

Det er ein litt snodig og uheldig balanse der vi har to svært solide komponentar som er nesten like mykje i strid med kvarandre som du er med fiendane.

Konklusjon

Triangle Strategy er ein triumf. Det er eit vakkert og stemningsfullt spel som byr på både ei skikkeleg engasjerande historie, og gameplay som berre får deg til å ville ha meir. Dei taktiske kampane i fantastiske nivå fulle av utfordringar byr på haugevis med utfordringar, og med ei lang rekke unike karakterar får du aldri kjensla av at nokon av dei er overflødige. Alle er nyttige, og alle har ein viktig funksjon, spørsmålet er om du klarar å setje saman den mest effektive troppen for eit gitt slag.

Rundt alt dette ligg ei historie om krig og politiske intriger der hovudpersonane for ein gongs skuld hamnar litt i bakgrunnen og mest av alt fungerer som brikker i eit konfliktfylt spel. Det er eit herleg avbrekk som tillet spelet å fortelje ei spanande historie utan å drukne i irrelevant mellommenneskeleg vissvass. Historia tek likevel litt for mykje plass, og det hadde vore fint med kanskje hakket fleire kampar mellom dei lange historiesekvensane.

Jamt over er dette likevel eit flott spel som forhåpentlegvis er starten på ein ny vår for Tactics-sjangeren.

8
/10
Triangle Strategy
Eit flott spel som forhåpentlegvis er starten på ein ny vår for Tactics-sjangeren.

Siste fra forsiden