Anmeldelse

Dragon's Dogma 2

Så nær perfeksjon

Fleire små irritasjonar hindrar Dragon's Dogma 2 frå å nå toppen.

Capcom

Dette har eg venta frykteleg lenge på. Dragon's Dogma frå 2012, samt den utvida versjonen Dragon's Dogma: Dark Arisen ligg høgt oppe på lista over mine favorittspel gjennom tidene. Ingen spel har før eller sidan for meg klart å skape ei så herleg gjenskaping av den gamle Dungeons & Dragons-stemninga der ei gruppe eventyrarar fartar gjennom ukjent audemark, og møter digre, livsfarlege monster.

No er vi då her, 12 år seinare, og får endeleg kaste oss ut i dette igjen. Dei gode nyhenda er at ein vil umiddelbart kjenne seg igjen. Det er strengt tatt det same spelet, med nokre endringar her og der. Det er større, langt meir ambisiøst, men lett å kjenne igjen. Til og med grafikken og fargepaletten er så lik at om du myser og ignorere tolv år med teknologisk utvikling er det heilt likt.

Din første jobb er å lage ein krigar gjennom spelbransjens kanskje beste karakterbygger. Så lagar du ein ny, som er din lakei, eller «pawn» som dei heiter her. I løpet av ferda di kan din pawn reise rundt saman med andre spelarar, medan du kan hyre inn to frå andre spelarar, og på denne måten ser dei og lærer ting som dei kan ta med seg mellom spelarar.

Det er eit finurleg system som her er tatt litt vidare ved at ein pawn kan vise veg til ein destinasjon du kanskje ikkje veit kvar er. Dei pratar saman òg. Veldig moro i starten, slitsamt i lengda sidan dei gjentek dei same strofene i det uendelege.

Det ser fredeleg ut no, berre vent.
Øystein Furevik/Gamer.no

Verda ventar

Alle, både du og lakeiar har ein vocation, eller klasse, og du kan vere krigar, magikar, bogeskytar eller tjuv. Etter kvart låser det seg opp nye klassar, og ein får stadig bryne seg på nye spelestilar, nye våpen, nye måtar å møte fiendane på. Du kan byte fram og tilbake som du vil. Min favoritt akkurat no er ein klasse som virvle rundt seg med ein stav med spisse endar som òg kan bruke magi til å blåse bort fiendar. Det er herleg. Heilt herleg.

Målet med alt dette er eigentleg berre å legge ut på eventyr. Det er eigentleg ikkje noko anna poeng med dette spelet, sjølv om utviklarane gjer eit litt hardare forsøk på å lage ei skikkeleg historie denne gongen, med varierande hell.

Meir om det seinare. Attraksjonen i Dragon's Dogma er å springe rundt i ei diger, mystisk verd der farer kan lure rundt kvart hjørne. Du spring gjennom skog og fjell, speidar inn i det fjerne, og kjempar mot landvegsrøvarar, harpier og goblins. Det blir kveld, alt du ser er lyset frå faklar i det fjerne, og brått høyrer du eit brøl frå noko som openbert er mykje større enn ein puslete goblin. Akkurat denne intensiteten her, lyden frå noko du er usikker på du har høyrt før, er den beste kjensla i verda. Det er intenst, nervepirrande, og i det du speidar feil veg kjem noko og slår deg med ei klubbe bakfrå. Ei diger klubbe, lang som to vaksne menn, og du flyg gjennom lufta før du landar og må bruke fleire sekund på å kome deg på beina.

Frå dette, til å ei stund seinare – etter å ha fyrt laus magi, brukt det du har av angrep, klatra opp på ryggen til beistet og hamra det i auget med sverd – sjå det gå i bakken, er adrenalin og oppfylde draumar på sitt aller beste.

Det er ikkje så enkelt å ta bilete av at du står på ryggen til ein chimera og brukar duospydet ditt som propell.
Øystein Furevik/Gamer.no

Krig tar på

Kvart kamp du hamnar i tek litt meir av deg, og makshelsa synk steg for steg, berre for å gjere det heile meir interessant. Du veit du er sårbar no, veit det så godt. Og innser du har kjempa og vandra gjennom heile natta, for sola er i ferd med å stå opp. Du pustar kanskje letta ut, for om dagen er verda litt tryggare, men så ser du den. Skuggen. Skuggen som glir over deg og fortel deg at du er i trøbbel.

Det er dette som er Dragon's Dogma, det er dette Dragon's Dogma bør vere, og eg skulle så inderleg ynskje det er alt det var. Diverre er ikkje soga om Dragon's Dogma 2 fullt så beint fram og enkel, for det er nokre frustrasjonar her. Den eine er stor, den andre ei samling av mange små.

Den største først. Balansegangen i dette spelet er veldig slitsam. Det er fiendar nesten overalt. Rundt kvar ein sving, under deg, over deg, bak deg. Det går i ett, og den absolutte majoriteten av dei er små fiendar du raskt blir sterk nok til å handtere utan problem. Du kan likevel ikkje springe frå dei, får då kjem ein harpie flygande og slår deg i bakken. Ein hobgoblin slår ein lakei i bakken, og så går alle laus på han. Han blir slått bevisstlaus, og no må du springe langt tilbake for å få han på beina igjen slik at du ikkje mistar han. Gjer du det må du gå med ein mindre lakei heilt til du finn ein portal der du kan hente ein ny.

Det er veldig masete, og for å illustrere kva eg meiner her kan eg dra fram nokre tal eg fant då eg på eit punkt sjekka loggen i spelet. Då hadde eg spelt i rundt 40 timar og drepe omlag 2000 fiendar. 600 av dei var goblins, det var fleire hundre av assorterte småkryp som firfisler, bandittar etc, men berre tolv cyclopsar, som er det vanlegaste av dei store beista. Tolv. Vi snakkar kanskje 30-40 digre beist totalt sett. I løpet av 40 timar. Av 2000 fiendar.

Einauga banditt i mørkret.
Øystein Furevik/Gamer.no

Det er veldig synd, for spelet er eigentleg knakande godt, med ei verd og eit kart som ikkje fyller seg opp med blinkande ikon som skrik «kom hit for faen!», men i staden lar deg sjå deg rundt og gå mot det som ser spanande ut. Det er så ufyseleg intenst når du spring rundt og utforskar, kjem over ei grotte som viser seg å vere eit digert kompleks med skjulte skattar og nye våpen og kanskje møter nokre farlege fiendar. Eg vil ha meir av det, mindre fyllstoff som berre er der for å nekte meg å puste.

Det er ikkje over

Masete fiendar er diverre ikkje den einaste staden der spelet kjem litt i vegen for seg sjølv. Noko av det første som skjer i Dragon's Dogma 2 er at du blir sendt til spelets største by, og så blir du overlessa med oppdrag, samt beskjeden om at tida går, så pass på å gjere ting før det er for seint.

Kjensla av å måtte gjere desse oppdraga kjem naturlegvis kjapt, for ein vil jo ikkje gå glipp av noko. Diverre byr denne tidlege delen av spelet på ei lang rekke oppdrag som byr på noko heilt anna enn kva dette actionfokuserte rollespelet elles legg opp til. Oppdrag der du skal gå fram og tilbake mellom folk og stadar for å prate, sjå, vente, gjerne over lange avstandar i eit spel der du knapt nokon gong får sjansen til å teleportere.

Vi møter oppdrag der du skal snike deg inn i bygningar i eit spel utan snikesystem, men med dumme fiendar som enten ikkje ser deg før du bankar på skallen deira, eller luktar du er der så fort du opnar døra og møter deg med eit hoppspark. Oppdrag der du får beskjed om at dette tar tid så kom tilbake seinare, så gå din veg og finn på noko anna. Det er keisamt. Fryktleg keisamt, og heldigvis høyrer den overveldande majoriteten av slike oppdrag til ein liten del av spelet, men den er stor nok til at mitt inntrykk av Dragon's Dogma 2 fekk seg ein tidleg og brutal knekk.

Det er jamt over mange små irritasjonar i spelet. Mange små ting, inkludert tekniske småkryp som her og der gjer livet berre litt surare. I den store samanheng er det ikkje mykje, men det er nok til at det må nemnast. Kva skjer når tre firfisler brått dukkar opp midt på bytorget? Kvifor er det mogleg å skade allierte NPC-ar i ein hektisk kamp slik at dei går laus på meg og set eit oppdrag i fare? Kvifor må lakeiane mine fortelje meg at forskjellige kombinasjonar av ressursar skapar forksjellige resultat for femtande gong i dag?

Dekk!
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

Eg skal innrømme eg fantaserte ein del om kor bra dette spelet kunne kome til å bli. Eg er så glad i Dragon's Dogma at eg har spelt det fleire gongar, på fleire plattformer, og det er like moro kvar gong.

Heldigvis innfrir Dragon's Dogma 2 på dei fleste og viktigaste punkta. Utforskinga er ein draum. Å springe rundt i den store verda, finne skjulte grotter, møte livsfarlege fiendar, og omsider nå eit leirbål der ein kan hente seg inn att og bli klar for ein ny dag er ein rytmisk dans eg aldri blir lei av. Å kjempe ned digre, farlege monster med eit kjapt, allsidig og underhaldande kampsystem som er om lag så langt borte frå Soulslike som det er mogleg å kome, er herleg.

Eg skulle berre ynskje heile spelet var like bra som desse stundene. Eg skulle ynskje utviklarane hadde droppa kjipe, keisame oppdrag som gjer meg utolmodig fordi eg berre vil ut og jakte igjen. Eg skulle ynskje eg slapp drepe 100 små dustar for kvar diger jævel.

Det sagt, eg tenker ikkje på noko anna. Irritasjonane er der, det er ikkje til å kome bort frå, men dei gneg mest fordi dei tek bort frå den heilt fantastiske kjerna. Dragon's Dogma 2 kunne med små grep ha vore ein kandidat for årets beste spel.

Vi testa Dragon's Dogma 2 på Xbox Series X, spelet sleppast til PlayStation 5, Xbox Series X/S og PC 22. mars.

8
/10
Dragon's Dogma 2
Eit herleg spel med nokre av dei villaste kampane i bransjen.

Siste fra forsiden