Feature

PC-analyse av Starfield

De kan så mykje betre enn dette, Bethesda

PC-versjonen av Starfield er skuffande, men heldigvis – for både spelaren og utviklaren – finst det modifikasjonar.

Bethesda

Bethesda-spel blir ein stadig meir sjeldan skatt i spelbransjen. Dei er ein av få utviklarar som kan løfte hype-nivået opp i verdsrommet med nye lanseringar.

Og no er altså Starfield ute, og gjer bokstaveleg talt dette.

Todd Howard har sjølv, saman med store delar av spelpressa, omtalt det som «Skyrim i rommet». Det er eit gigantisk romepos som skal halde oss gåande med innhald fram til neste Elder Scrolls kjem i 2074.

Vår eigen meldar har allereie fått boltra seg i den botnlause sandkassen i nokre veker, og meinte noko av Bethesda-magien har forsvunne med Starfield. Men har Bethesda sin formel om å lansere upolerte spel fulle av feil gått med i same slengen?

Me sjekkar.

Dette er Bethesda, ja

Bethesda har lent tungt på eige spelsamfunn både med The Elder Scrolls- og Fallout-serien. Lanseringane deira har vore eit salig rot på PC, men innan kort tid kom moddarane til med løysingar på det meste, utan at Bethesda trong å løfte ein finger.

Det er allereie over 120 modifikasjonar tilgjengeleg for Starfield på NexusMods. Grafikkmodifikasjonar, fiks for feil, støtte for DLSS, våpen og rustningar, det meste du kan tenke deg.

Teksturarbeidet er i god Bethesda-stil. Her har dei ein del å gå på.

Og det trengst. Det er ingen mangel på småfeil i Starfield, og du kjem til å møte fleire og fleire av dei når du kjem lenger ut i spelet. Figurar som forsvinn, gjenstandar som tilsynelatande får eigen vilje og stikk av når du skal plukke dei opp, kompanjongar som gjer heilt andre ting enn du vil og dialoglinjer som kjem direkte frå det ytre rom.

Lista er lang. Det er ikkje like gale som Skyrim, men så har eg ikkje spelt så mykje av spelet enno.

Det blir garantert meir. Bethesda tenkjer nok framleis at dei kan kome unna med å få spelarane sine til å gjere arbeidet sitt for seg.

Dei aller verste feila frå Skyrim, som kom av høg biletefrekvens, er vekke. Starfield har nemleg ulåst biletefrekvens.

Krev heftig datamaskin

Men kva med ytinga?

Ja, den er ikkje så mykje å skryte av.

Starfield er utan tvil eit vakkert spel, og grafikken er på eit heilt anna nivå enn det me har sett av Elder Scrolls og Fallout, men den visuelle kvaliteten ligg nokre år bak kva konkurrentar som til dømes CD Projekt Red kan få til.

Då er det ganske slapt at spelet køyrer så dårleg som det gjer på høgaste innstillingsnivå. Ultra-nivå er sjeldan vits i å bruke, men her er kvalitetsforskjellane så små at me må få klage litt.

RTX 4090 er det einaste skjermkortet som klarar 60 bilete i sekundet i 4K i byane, og svak prosessoroptimalisering gjer at me knapt når 90 FPS i 1080p med Intel sin flaggskipprosessor Core i9-13900k.

Me har testa RTX 4090, RTX 4070 og RTX 3060 på tvers av nokre ulike område i spelet, som alle leverer mindre enn det ein kan forvente slik grafikken er.

Starfield er rett nok ein AMD-tittel, men eg hadde ikkje AMD-kort tilgjengeleg no. Det er òg grunnen til at det berre støttar oppskaleringsteknologien FSR 2.

DLSS er altså mogleg å få via ein modifikasjon, og gir eit langt betre resultat for biletekvaliteten enn det FSR gjer. Sjølv med oppløysinga på 75 prosent, ser ein til dømes at kantutjamninga blir klart verre i 1080p og 1440p med FSR. Det går, men det er langt frå optimalt.

Bruk desse innstillingane

Tala våre her er henta frå den første, store byen, New Atlantis. Det er der ytinga har vore lågast så langt eg har kome, men det hadde overraska meg om det ikkje kjem verre område etter kvart.

Til dømes ser eg at biletefrekvensen søkk med 10–15 prosent på dei svakare korta når det er natt. Det har nok med at skuggekvalitet er den innstillinga som krev aller mest av skjermkortet.

Det er der me ville starta for å auke biletefrekvensen. Du skal følgje godt med for å sjå dei store forskjellane mellom «ultra» og «high»-innstillingar, som kan løfte biletefrekvensen med alt frå 15 til 25 prosent, alt etter kvar du er.

Me anbefaler å skru av oppskaleringsteknologiane FSR og CAS om du kan, og sette spelet på «High». Slå av motion blur , skru ned partikkelkvalitet og volumetrisk lys til medium og kontaktskuggar til medium.

Då får du best mogleg utsjånad og flest mogleg FPS i same slengen.

Dei anbefalte innstillingane (venstre) våre aukar ytinga med rundt 15 prosent. Ofte er det omtrent umogleg å sjå forskjell.

Innstillingsnivå (4K utan FSR, RTX 4090)Biletefrekvens, snittBiletefrekvens snitt, 1 % low
Ultra6152
High7160
Medium7866
Low8673

PC-fordelar til redninga

Konsollversjonane ser ut til å køyre litt meir stabilt enn PC-utgåva, men dei er til gjengjeld låst til 30 bilete i sekundet.

Volumetrisk lys er ein av innstillingane som gjer mest forskjell på landskapet og bybiletet. Me anbefaler å ha det på medium eller høgare.

PC har òg tilgang til administratorkommandoar frå start. Det å bruke nokre av desse slår av «achievement»-funksjonen, men du kan laste ned ein modifikasjon for å endre dette om du vil.

Alle kommandoane finn du til dømes her hos Eurogamer. Det er mogleg å ha same lagringsfil på Xbox og PC, så du kan i teorien få tak i alt av snacks til figuren din på PC, og deretter spele vidare på Xbox.

Kommandoane opnar blant anna for å endre synsvinkelen i spelet. Det er ikkje mogleg å gjere i innstillingsmenyen. Me saknar òg HDR i spelet.

Ein får berre smørje seg med tolmod, og vente på ein skikkeleg ENB. Det tar neppe lang tid til moddarane har gitt grafikken nytt liv.

Konklusjon

Bethesda er og blir Bethesda.

Ein skulle tru dei ville tatt hintet etter tiår med memes om småfeil i spela deira, men nei. Det er ein myriade av feil i Starfield. Heldigvis er det ikkje like gale som til dømes Skyrim, men det er nok å ta av.

Ytinga er det aller største problemet. Eg har ikkje kome borti småfeil som fullstendig stoppar progresjon i nokon av oppdraga enno, men dropp i biletflyten kan vere svært irriterande.

Nok ein gong satsar dei på at spelarane skal rette opp i det dei ikkje har prioritert.

Me får krysse fingrane for at Bethesda pumpar ut oppdateringar dei neste vekene, men det ser ut til at spelarane må ta saka i eigne hender.

Siste fra forsiden