Anmeldelse

Octopath Traveler

Når musikken gjer spelet

Det ferskaste rollespelet frå Square Enix er suveren musikk med eit spel som tilbehør.

Octopath Traveler
Square Enix

Eg lurer på korleis Octopath Traveler hadde blitt motteke om nokon andre hadde laga musikken. Den er distraherande god. Komponist Yasunori Nishiki har skapt den perfekte blandinga mellom gammalt og nytt. Nydelege melodiar kjem som henta rett ut frå det beste Nobuo Uematsu komponerte på 90-talet, og blir blanda med moderne arrangement og lydkvalitet.

Musikken i Octopath Traveler er så god at den nesten tek bort frå resten av spelet. Ikkje bli overraska om du har gløymt å faktisk spele spelet eit stund, fordi du enda opp med å nyte det som sig ut av høgtalarane i staden. Om noko skulle trekke ned dette meisterverket av eit lydspor, er det korleis musikka gjerne blir brukt om att litt for mykje i ulike område og situasjonar. Som stor fan av motiv og tema festa til personar og område, er dette ein ørliten nedtur for meg, men det får gå.

Musikken er nær og tidvis rørande, noko som passar godt til eit spel som byr på eit langt meir intimt møte med persongalleriet enn det mange spel likar å by på. Her er det ikkje kosmiske oppgjær i stjernetåka som er endestasjonen. Spelet byr på personlege forteljingar, og dette er eit frisk pust i eit spel som elles er eit lengselens kyss til ei svunnen tid der pikselgrafikk og trubaserte kampar var dei regjerande meistrane.

Nokre gongar ser spelet ut som ei utbrettsbok.
Square Enix

Fokuset er smalt og på dei små ting. Vi finn ein ung mann som eigentleg berre vil leggje ut på ei reise for å bli ein betre lege. Ei ung dame vil ta hemn over djevlane som drap familien hennar, og ei anna dame skal finne den bortkomne meisteren hennar. Dette er berre tre døme på kva dei individuelle i historiene Octopath Traveler har å by på.

Octopath Traveler byr på åtte ulike karakterar du kan spele som, og åtte forskjellige historier. Du kan spele gjennom alle på ei og same gjennomspeling, og kvar karakter byr forståeleg nok ikkje på lange og innvikla narrativ. I staden får vi fire kapittel per person, og kvart av dei fortel ei god historie, men det er likevel mykje som ikkje heilt sit som det skal med historieforteljinga i Octopath Traveler.

Kven var du igjen?

Historia i Octopath Traveler er både det beste og det kanskje kjipaste med spelet. Vi får gode, interessant historier, men ingen av dei møtast på noko punkt. Dette kunne like fullt ha vore åtte ulike spel. For kvar historie er alle dei andre karakterane berre statistar som hjelper til i kamp. Utover det er det null kommunikasjon mellom personane. Unntaka kjem i form av korte og strengt tatt irrelevante dialogar mellom to personar du skulle ha i gruppa di på eit gitt tidspunkt, og dei er jamt over av typen «jaså, du likar blomar?».

Det trekk samtidig litt ned at kvart kapittel i spelet utspelar seg på nøyaktig same måte. Først hentar du fram verdskartet for å finne ut kvar du kan ta historia vidare. Derifrå teleporterar du til den den aktuelle byen eller den næraste byen du har vitja frå før, og går i gong med å observere ein dialogsekvens der du blir oppdatert på kva problemet er i dag. Deretter snakkar du med folk, plukkar med deg nokre uinteressante sideoppdrag, og handlar i butikkane. Etter dette reiser du ut i villmarka for å drepe monster før du møter eit ekstra sterkt monster, reiser tilbake til byen, og får ein konkluderande dialog.

Kvart kapittel frå start til slutt er basert på nøyaktig same oppskrift, og det blir litt døvt etter kvart. Å spele Octopath Traveler i mange timar i strekk er noko som for meg har vore fysisk utfordrande fordi eg blir lei av repetisjonen.

Kvar karakter har ein eigenskap som kan brukast mot folk. Nokre kan utfordre folk, andre kan etterforske eller oppdrive gjenstandar.
Square Enix

På den andre sida er dette formatet glimrande for å berre plukke opp konsollen, spele ein time eller to, og leggje den frå seg med ei god kjensle av å ha fått noko ut av tida ein har brukt. Akkurat det er ikkje alltid like lett med andre rollespel som gjerne krev langt større tidsinvesteringar for at du skal sitje igjen med ei kjensle av at du har oppnådd noko.

Strigla, men moro

Sjølv om opplevinga kvart kapittel byr på jamt over er lik kvar gong, betyr ikkje det at underhaldninga uteblir. Octopath Traveler byr på eit glimrande kampsystem som i likskap med eit anna Square Enix-rollespel – Bravely Default – tek gamle element, og krydrar dei med noko nytt.

Kampsystemet i Octopath Traveler er tradisjonelt og turbasert, men likevel kjapt og kastar ikkje bort tida di. Er du i siget kan du få unna fiendane på rekordtid. For å kome sigrande gjennom kampane handlar alt om å finne fiendens svake sider. Kvar fiende kan ha alt frå eitt til fleire element eller våpen det er svakt mot, og ved å finne og utnytte desse, kan du bryte ned forsvaret for å svimeslå fienden. Eit godt tips er å starte spelet med trollmannen Cyrus, sidan han er den einaste som kan finne ut kva fiendar er svake mot utan å prøve seg fram metodisk.

I korte trekk er det dette spelet handlar om. Møt ein fiende, angrip den med det den ikkje toler, og kom sigrande ut. Det er eit ekstremt enkelt system, men det blir gjort svært engasjerande ved eit poengsystem som let karakterane byggje opp styrka på angrep ved å spare opp poeng kvar runde. Om du skal bruke desse poenga for å svimeslå fienden raskt, eller for å få større styrke på angrepa når han allereie er svimeslått er noko ein heile tida må ha i bakhovudet.

Sidan svake punkt er eit vitalt element i kampane seier det seg sjølv at fornuftig samansetning av kven som er med i følgjet er essensielt. Du kan til ei kvar tid ha med deg fire krigarar, og alle desse kan etter kvart ta seg ein sekundær jobb. Ein krigar kan vere magikar på si, og på denne måten kan du sørgje for at du er førebudd på alt spelet skulle kaste mot deg.

Ny og gammal teknologi møtast i fager blanding.
Square Enix

Retro i HD

Sjølv om historie og gamplay gjerne er elementa som får deg til å bli, er det ofte det visuelle som først inviterer deg inn. Det folk flest reagerte mest på då Octopath Traveler først blei avslørt var den spesielle grafikken som blandar 16-bits grafikk med 3D på ein måte som lar todimensjonale figurar vandre rundt i landskap som nesten ser ut som ei utbrettsbok.

Tidvis er det slåande vakkert. Når dei rette fargane blir kombinerte med rette miljø og superb lyssetjing, slik enkelte skogar demonsterer på nydeleg vis, er Octopath Traveler eit ufatteleg vakkert spel som nesten ser uverkeleg ut. Andre område er ikkje like pene, for så seie det mildt, og ser mest ut som det grelle utfallet av kva som skjer om ein prøvar å tvinge teksturar inn på former som ikkje passar.

Kontrasten mellom det vakre og det stygge kan vere stor, men heldigvis er det stort sett det vakre som vinn. Skjønt, denne grafikkforma har ein annan pris òg. Det er ikkje alltid like lett å sjå kvar det er mogleg å gå, sidan teksturar og former no og då kan gli litt over i kvarandre.

Det er likevel ingen tvil om at spelet levert noko heilt spesielt, og dette blir ekstra tydeleg gjennom dei mange kampane du tek del i. Kreativ overflod renn praktisk talt ut av skjermen. Kvar du enn går finn vi mosterdesign i verdsklasen, og sjølv om fleire av monstra nok er hjulpne av at pikselgrafikk tvingar oss til å bruke fantasien litt, har det fleire gongar slått meg at noko svært viktig har gått tapt i den generelle overgangen til 3D.

Konklusjon

Skjolda til fiendane viser kor mange angrep dei toler mot svake punkt.
Square Enix

Octopath Traveler er ikkje det rollespelet eg hadde håpa på. Det er bra, tidvis svært bra, men toppane blir aldri høge nok. Dei åtte forteljingane vi får ta del i er alle spanande og gode, men formatet dei blir presenterte i er litt for stivt, det blir for repetitivt, og det blir raskt keisamt å spele dette spelet i meir enn eit par timar. Du kan hoppe gjennom historiesekvensar om du vil, men for meg som har ein jobb å gjere var det naturlegvis aldri eit alternativ.

Vi sit uansett igjen med eit fornøyeleg og spanande spel, som ikkje minst byr på fantastisk musikk. Om utviklarane kan klare å lage ei historie som ikkje berre byr på interessant personar, men samtidig ein overordna struktur der alle personane til slutt må stå saman mot eitt eller anna (som ikkje er ein kosmisk gud, takk), trur eg vi kan ha noko suverent på gang.

Enn så lenge får vi ta til takke med eit skikkeleg triveleg spel eg gjerne spelar i eit par timar no og då.

7
/10
Octopath Traveler
Eit fornøyeleg og spanande spel, som ikkje minst byr på fantastisk musikk.

Siste fra forsiden