Test

MSI RTX 4060 Ti Gaming X Trio

Det går ikkje an å forsvare denne prislappen

Nye skjermkortlanseringar gjer bruktmarknaden stadig meir lukrativ.

Mikkjell Lønning/Gamer.no
1: Konklusjon
2: Testdata frå 18 spel

Nvidia sin Ada Lovelace-arkitektur har blitt ein av dei mest upopulære seriane av skjermkort nokosinne. Mellomklassekorta i 60-serien har blitt slakta av kritikarar – oss inkludert – og no har me fått eit nytt kort på testbenken vår.

Det er ikkje veldig overraskande at karakteren blir låg.

Me fekk ikkje tilsendt RTX 4060 Ti ved lansering, men har fått tak i eit kort frå ein tredjepartsprodusent. Nvidia sin pressekontakt har slutta å svare oss etter dei siste artiklane me har laga.

Nvidia RTX 4060 Ti kjem i to ulike versjonar, enten med 8 GB eller 16 GB videominne. Ingen av dei har blitt godt mottatt på grunn av prisnivået, men det gjeld kanskje spesielt utgåva me testar; den med 8 GB.

MSI RTX 4060 Ti Gaming X Trio kostar i skrivande stund rundt 6000 kroner i norske nettbutikkar.

Habil kjølar

RTX 4060 Ti har 4352 CUDA-kjernar og 8 GB med GDDR6 videominne. Versjonen me testar kjem med ein straumkontakt på åtte pinnar, og skal dra opptil 160 watt frå veggen.

MSI sin kjølar har me testa mange gongar før. Sjølv under full last, der det brukar 160 watt, leverer det låge temperaturar med lite støy.

STILIG: MSI er flinke med design. Kjølaren tar seg godt ut.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

På det meste såg me temperaturar på 67 grader. Skjermkortet klokkar opp til 2850 MHz ut av eska, som er meir enn 200 MHz over det MSI reklamerer med.

Men så er heller ikkje tredjepartsprodusentane problemet med Lovelace-generasjonen.

Skuffande

Det er ytinga som er det store minuset til både RTX 4060 og RTX 4060 Ti. Dei lever rett og slett ikkje opp til prisen.

Vanlegvis forventar ein at nye generasjonar yter litt betre enn klassen over frå førre generasjon – altså at RTX 4060 Ti skal vere betre enn RTX 3070 Ti – til lågare pris, men det er ikkje tilfelle her.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

4060 Ti slit til og med mot RTX 3070. Me har ikkje testa RTX 3070 på den nye testbenken vår, men ser at det stemmer med tidlegare testtal me har, saman med resultata frå andre kritikarar.

Me har køyrt RTX 4060 Ti gjennom 15 ulike spel i 1080p, 1440p og 4K. RTX 4060 Ti leverer høg snittbiletefrekvens då me har med ein del eldre spel, og det er eit marginalt betre kjøp enn RTX 4060, men med desse resultata er det like greitt å kjøpe eit brukt kort frå førre generasjon.

Testane våre her, som du ser i detalj på neste side, viser altså at RTX 3070 Ti er klart kraftigare. Det er framleis mogleg å kjøpe RTX 3070 Ti nytt på nett, og dei billige versjonane er berre nokre hundrelappar dyrare enn dette.

Resultata viser òg at 8 GB videominne er for lite for 4K-speling i nokre av spela våre. Til dømes opplever me dropp ned mot 5 bilete i sekundet i Far Cry 6, men sjølve testruta heldt seg på nokolunde normalt nivå.

For svakt for strålesporing

Forskjellen opp til RTX 3070 Ti er noko mindre i spela me har testa med strålesporing.

Det hjelper dessverre lite. Dette er ikkje eit skjermkort ein bør slå på strålesporing med i nye spel, då biletefrekvensen fell altfor fort under 60.

I sum er det ikkje så mykje å rope hurra for når det kjem til ytinga her. Det er heilt ok, men ikkje meir enn det.

Den einaste grunnen til å kjøpe RTX 4060 Ti er tilgang til Frame Generation og siste generasjon DLSS. Og det er ikkje eit godt nok argument.

Konklusjon

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Testrigg

Ada Lovelace-arkitekturen har vore ein aldri så liten berg-og-dalbane. RTX 4090 var frykteleg dyrt det òg, men utan konkurranse i yting kan ein sette prisen som ein vil. Difor blei skjermkortet ein kritikarsuksess.

Det er verre i mellomklassesjiktet.

RTX 4060 Ti er litt betre enn RTX 4060, men det er dessverre lita trøyst når eldre skjermkort frå både Nvidia og AMD kan gi meir yting for pengane.

Sjølv om du kan spele det aller meste i 1080p og 1440p utan problem med RTX 4060 Ti, er det ingen grunn til å kjøpe dette samanlikna med til dømes forgjengar RTX 3070 Ti.

Me har sett brukte eksemplar av RTX 3080 Ti gå for rundt 5000 kroner for Finn.no nyleg, og då får du 50 prosent høgare yting i 1080p/1440p og nesten dobbelt så høg biletefrekvens i 4K. Sikt deg heller inn på noko slikt.

Tilnærma støyfritt
Låge temperaturar
Høg yting i 1080p og 1440p
Støtte for DLSS 3 og Frame Generation
For svakt for strålesporing
Skuffande yting i forhold til førre generasjon
Altfor dyrt
Lite framtidssikkert med 8 GB videominne
1: Konklusjon
2: Testdata frå 18 spel

Siste fra forsiden