Test

Nvidia RTX 4060

Dette burde aldri vore lansert

Nvidia sitt nye skjermkort er rett og slett ei fornærming mot forbrukaren, meiner me.

Mikkjell Lønning/Gamer.no
1: Test og konklusjon
2: Testdata i 18 ulike spel

Skjermkortmarknaden er ein trist affære for tida. Der butikkhyllene var støvsuga for skjermkort for nokre år sidan, har etterspurnaden gått i kjellaren i 2023.

Prisnivået har likevel ikkje falt på Nvidia sine skjermkort.

Her på berget blir situasjonen endå verre takka vere inflasjon og låg kronekurs, men sjølv amerikanske prisar kan ikkje redde skjermkorta Nvidia har lansert i det siste.

28. juni kjem RTX 4060 i butikkane. xx60-korta er blant dei best selde produkta frå Nvidia, men i dei siste generasjonane har prisnivået auka frå budsjettklasse til mellomklasse.

RTX 4060 lanserer til 4000 kroner.

Skjermkortet skal vere langt meir energieffektivt enn forgjengar RTX 3060, og skal levere kraftigare yting.

Det seier i alle fall Nvidia.

Testane dei baserer marknadsføringa si på, er først og fremst gjort med DLSS. Våre rasterbaserte testar teiknar eit heilt anna bilete enn det Nvidia vil selje kortet med.

Resultata er overraskande svake.

Lite og varmt

Vårt testeksemplar er eit Gigabyte RTX 4060 Windforce OC. Det har ein liten kjølar med to vifter.

RTX 4060 har 3072 CUDA-kjernar, 8 GB DDR6-videominne og ei boostklokkehastigheit på 2460 MHz. Windforce OC-kortet klokkar opp til over 2800 MHz ut av eska.

Kjølardesignet er greitt nok. Det er ikkje Gigabyte sin feil at RTX 4060 er eit svakt produkt, sjølv om viftene ikkje klarar å hindre høge temperaturar.

Gigabyte sin kjølar leverer høge klokkehastigheiter med lite støy, men kortet blir varmare enn det bør.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Denne utgåva av RTX 4060 nådde 81 grader på det meste, og varmepunktet på skjermkortet var då på 101 grader. Snittet under krevjande speling ligg på 78 grader.

Det lovar ikkje godt etter berre nokre dagar med bruk.

Viftene har spunne opp til 80 prosent av maksfart på det meste, då 2800 omdreiingar. Støynivået er minimalt, men temperaturane er for høge for eit skjermkort som ikkje dreg meir enn 128 watt frå veggen under full last.

Skal ikkje vere mogleg

Ytinga er det som fullstendig knekk RTX 4060. Det er naturleg å forvente at eit nytt skjermkort skal tangere forgjengaren som kom ut for over to år sidan.

Men nei. Testane våre viser at RTX 3060 12 GB slår RTX 4060 ved fleire høve.

Gigabyte sine Windforce OC-skjermkort har berre éin straumkontakt.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det skal ikkje gå an. Nvidia har mynta RTX 4060 på speling i 1080p, og der er det i snitt litt kraftigare enn forgjengaren. I 1440p er dei i snitt heilt like, og i 4K er RTX 3060 noko kjappare på grunn av meir minne.

Det verkar openbert at Nvidia brukar DLSS 3-støtte som ei krykke. Nvidia sender alltid ut ein testguide til dei som får vareprøver, og der er nesten alle testane av RTX 4060 gjort med DLSS.

Dei einaste rasterbaserte testane er gjort i spel der RTX 4060 er klart betre enn RTX 3060, men det reflekterer ikkje realitetane med dette kortet.

Litt betre, litt verre

RTX 4060 er klart kraftigare enn RTX 3060 i nokre av dei 18 spela me har testa. Det skil seg positivt ut i desse spela:

  • Assassin's Creed Valhalla. 27 prosent raskare i 1080p, 14 prosent i 1440p og like i 4K
  • Chernobylite Enhanced Edition; 36 prosent raskare i 1080p, 19 prosent i 1440p og 11 prosent i 4K
  • Far Cry 6; 20 prosent raskare i 1080p og 16 prosent i 1440p, men 13 prosent svakare i 4K
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Elles er det jamt over mellom 10 og 15 prosent raskare i fleire andre spel.

Det er litt tynt for eit skjermkort som kjem så mykje seinare til 4000 kroner, men ikkje krise. Som dei aller fleste moderne skjermkort til nokre tusenlappar, gir det god yting i mindre krevjande spel.

Problemet er likevel at det faktisk blir slått av RTX 3060 i spel som CS: GO, Rainbow Six Siege, Overwatch 2 og Rainbow Six Extraction.

Desse spela ser alle ut til å like 3000-serien godt, men det balanserer ut dei nyare spela (dei i lista over) som likar større cache som det RTX 4060 har.

Du kan sjå korleis snittet fordeler seg utover tre ulike oppløysingar her:

Forgjengaren er altså i snitt raskare i 1440p og 4K. Det vil bikke i RTX 4060 sin favør med grei margin om me tar ut Overwatch 2, CS: GO og Rainbow Six-spela, men det ville blitt feil.

Minnestrev

Det er ufatteleg at Nvidia kan lansere eit skjermkort som tidvis blir utklassa av forgjengaren sin.

Spelvalet vil påverke dette betydeleg, men me har brukt desse spela på dei fleste Lovelace-testane våre.

Så veit me at 3060 Ti er klart raskare enn RTX 4060 i dei spela der me har data frå 3060 Ti – og det testdata frå ein eldre testbenk. Du kan for tida kjøpe RTX 3060 Ti for nettopp 4000 kroner, slik som dette.

Bakplata er av metall, og gir meir premiumkjensle enn det ein forventar av basismodellar som denne.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Eg er uansett skeptisk til å kjøpe skjermkort med åtte GB videominne no. RTX 4060 går nemleg tomt for minne i både Cyberpunk 2077 og Far Cry 6 i 4K.

Det taklar 1080p utan problem, men til dømes Call of Duty: Modern Warfare II varslar meg om at eg har for lite videominne sjølv i 1080p.

Dette vil berre bli eit større og større problem etter kvart som det kjem nye og meir krevjande spel.

Strålesporingscomeback

RTX 4060 har størst fordel mot RTX 3060 når ein slår på strålesporing. Forgjengaren har heller ikkje støtte for DLSS 3, som du kjem til å kunne bruke i fleire og fleire spel framover.

Eg anbefaler å kjøpe 4000-serien nettopp for DLSS 3-støtte, men RTX 4060 er ikkje noko ein bør handle med det første.

Eg spår heftige rabattar på desse. Nettbutikkane kjem til å sitte igjen med store lagerbehaldningar når Black Week og nyttårssalet kjem.

Testane med strålesporing viser at RTX 4060 er 15–16 prosent kjappare enn RTX 3060 i 1080p og 1440p, men omtrent like i 4K. Då er det nok minnet som speler inn igjen:

Totalt sett er det vanskeleg å anbefale nokon som helst å kjøpe RTX 4060. Du kan få store hopp i yting om du sit på RTX 2060 eller GTX 1060, men då kan du like greitt kjøpe RTX 3060 Ti eller vente på sal.

Frame Generation kan bli eit klart fortrinn for 4000-serien, men det fungerer ikkje godt nok enno til å vere eit trekkplaster aleine.

Det er heller ikkje stor hjelp i at RTX 4060 er kraftigare enn RTX 3060 i strålesporing. Reduksjonen i bileteflyten er uansett så stor med strålesporing at det ikkje er verd å bruke.

Konklusjon

RTX 4060 er rett og slett ei fornærming mot forbrukaren. Nvidia burde aldri lansert eit skjermkort som er så svakt i forhold til forgjengaren sin.

Det er vanleg å forvente å få 20–30 prosent høgare yting i neste generasjon til same pris. Nvidia har redusert straumforbruket, men bommar fullstendig på ytinga.

Dette er svakt og dårleg.

Testrigg

Eg må understreke at – isolert sett – er det ikkje noko å seie på ytinga til RTX 4060 i 1080p. I snitt får me 150 FPS i våre testar på ultra-innstillingar, men det positive inntrykket bleiknar med ein gong me ser på andre produkt i marknaden.

I skrivande stund har Proshop eit RTX 3060 Ti frå Inno3d til 4000 kroner. Du kan til og med finne det betydeleg kraftigare RTX 3070 Ti på bruktmarknaden til 3500–4000 kroner, og dei har mange gode år i seg enno.

Her må me som forbrukarar stemme med lommeboka. RTX 4060 er for svakt, har for lite minne og kostar for mykje.

Me legg oss ein stykke over rein strykkarakter her, nemleg fordi produktet fungerer som det skal. Ei (kraftig) prisjustering er det som skal til for å løfte karakteren. Og helst burde dette vore eit RTX 4050 Ti, ikkje eit RTX 4060.

Prøv igjen, Nvidia.

Grei yting i 1080p
Lågt straumforbruk
Støysvakt
Støtte for DLSS 3, Frame Generation, NVENC og andre kjekke teknologiar
Varmt
Slått av to år eldre forgjengar i fleire spel
Lite framtidssikkert med 8 GB videominne
Slapp yting når ein brukar strålesporing
1: Test og konklusjon
2: Testdata i 18 ulike spel

Siste fra forsiden