Feature

Digital kjærleik

Fem par om å finne kjærleiken i dataspel: – Magisk

Gløym Tinder. Desse para fann kvarandre i dataspel.

Latteren til ni år gamle Sandra Elise fyller den vesle stova i Sandnes. Ho sit i sofaen, PlayStation-kontrollaren mellom hendene, og ropar mot skjermen der ein trollmann viftar med ein tryllestav.

Mor Victoria Monrad (32) smiler. Ho løftar blikket mot sambuaren, Espen Johansen (36), og tenkjer på tilbake på korleis det blei dei.

For det var ingen sjølvfølge.

Datamaskinen til 19 år gamle Monrad lyste opp jenterommet, refleksjonen av små, fargerike figurar spegla seg i augo hennar.

Det var berre nokre dagar sidan ho hadde blitt med i eit norsk guild i World of Warcraft. Monrad fann motet til å presentere seg og stille nokre spørsmål i chatten.

Ein hjelpsam arendaling var klar ved tastauret.

Mikkjell Lønning

Då guildet lærte at ho var ei jente, blei interessa med eitt større. Dei spurde og grov. Og dei fekk svar.

Arendalingen, som viste seg å vere bror til Johansen, skulle prate mykje med Monrad i dei komande vekene. Det same skulle Johansen.

Då Monrad tok ein tur ned til Sørlandet for å besøke ei venninne, bestemte dei seg for å dra innom Arendal.

Espen Johansen gjorde slik eit inntrykk på henne. Han var så behageleg å vere med.

Det verka perfekt frå første augeblikk.

Mikkjell Lønning

Dei gongane Johansen sitt namn dukka opp på displayet, let ho telefonen ringe så lenge ho klarte. Det sitra og dirra i kroppen, verka feil.

Begge følte på at dei kunne vere nett den dei var med den andre.

Eit halvt år etter det første møtet, var dei sambuarar.

Så begynte magen til Monrad å vekse, og Sandra Elise kom til verda.

Det gjekk slag i slag.

Livet tar dei eitt level om gongen, seier dei.

Dei fekk barn, katt, hus, bil, hund og etter kvart hest. I 2023 gjekk Johansen ned på kne for Monrad, og i løpet av 2024 skal dei bli mann og kone.

– Me har gått frå å ha ei svært avgrensa, samla inntekt i Arendal for 12,5 år sidan, til å ha oppnådd alle måla og draumane våre. Det er ein stor kontrast. Men gaminginteressa blir verande, seier Monrad.

Johansen har ein kompis som fann kone gjennom WoW i Tyrkia, som gifta seg og fekk to barn. Monrad har òg ei venninne som fann kjærasten i WoW, og har to barn saman.
Mikkjell Lønning

Det er dataspel som har kopla dei saman. Og det gjer det framleis. Monrad kan gjerne sitte i kroken av stova, Johansen i sofaen, og drive litt med kvart sitt spel, og likevel dele opplevinga.

Det er kanskje ikkje WoW det går i lenger, men det har ikkje så mykje å seie.

Monrad tenkjer ofte på alle samantreffa, dei som gjorde at det blei henne og Johansen.

At ho sat pålogga akkurat den kvelden, at ho blei med i akkurat det guildet, at ho tilfeldigvis snakka med bror til Johansen, at dei i det heile kom i kontakt.

– Det er så mykje som måtte klaffe. Gaming er ikkje ei plattform du går til for å oppsøke kjærleiken, men når du finn den likevel, følast det utruleg sterkt.

Dei tapte i spelet, men vann i kjærleiken

Dan Olaf Søgård var 17 år gammal då han kom over innlegget til Sophie Heimlund på ei norsk Facebook-gruppe om Fortnite.

Heimlund var på leit etter nokon å spele med. Søgård beit på.

Noko «victory royale» blei det ikkje. Men dei fekk så mykje meir.

Søgård hadde drive med e-sport, og tok spelet blodseriøst. Han var den rake motsetninga av Heimlund. Ho tok det med ro og hang seg opp i heilt andre ting i spelet.

Dan Olaf Søgård (22) og Sophie Heimlund (25) saman med dottera Elina Johanne.
Privat

Det blei fleire og fleire rundar, og etter kvart handla det meir om praten mellom dei enn sjølve spelinga.

– Me tapte heile tida, men ho var så energisk, fann slik ei glede i det som skjedde, fortel Søgård.

Han falt pladask.

Under dei stadig fleire samtalane deira, fekk han med seg at Heimlund var glad i kyllingnuggets frå McDonalds.

Så han la ein slagplan.

– Eg slengde i veg ei melding rett før valentinsdagen i 2019. Kunne eg ta toget til Kristiansand og møte ho for nuggets på senteret?

Og slik blei det. Nokre månadar seinare var dei saman, og hausten 2019 flytta dei inn med kvarandre i Kristiansand.

Nokre år seinare fekk Søgård ei stilling på ein gamingkafé for barn og unge i Flekkefjord. Dei flytta dit saman, blei forlova og i fjor sommar kom vesle Elina Johanne til verda.

Dottera har gjort kvardagen hakket travlare, men dei finn framleis tid til å spele.

Privat

– Det er eit draumescenario. Ein høyrer jo om dei som seier dei er besteven med partnaren sin, men har ulike interesser. Eg syns det er magisk å dele spel med Sophie.

I fjor såg dei Major-turneringa i Counter-Strike saman. Det er slike ting dei likar å gjere i lag.

– Det er utruleg stas å kunne dele.

Ungdommane på kafeen syns sjølvsagt det er kult at dei fann kvarandre i Fortnite, for det er nettopp Fortnite det går i på kafeen.

– Forhold, slik som det me har, skildrar kor sosialt speling eigentleg er, seier Søgård.

– Ei så utruleg stor verd å vere i

Stine Lise Sundli (33) var ein «restoration shaman», og hadde ikkje veksla så mykje som eit ord med «balance druiden» Fredrik Klokkernes (31) dei første åtte månadane.

Dei var medlem av det same, norske guildet i World of Warcraft.

Det var på raid det skjedde. Som det så ofte gjer.

Raidet var ferdig i 24-tida, og dei to nordmennene begynte å prate om laust og fast. Dei viste kvarandre løyndomar i spelet, ting andre ikkje visste om. Fortalde om liva sine.

Før dei visste ordet av det, skein dagslyset inn gjennom gardinene.

Klokkernes var så snill, tenkte Sundli. Han gøymte seg litt vekk i kulissane i spelet, var ikkje den som stakk seg fram.

Så var han så lett å snakke med. Det var ein flyt i samtalane, ein som dei ikkje fann med nokon andre.

Vekene og månadane gjekk. Stadig oftare var det dei to som fann saman på Mumble for å snakke natta gjennom, og tonen blei varmare, meir flørtande.

Sundli, som budde i Orkdal, kjøpte flybillett til Bergen. Utan retur.

Nervane var altomfattande før det første møtet. Dei kjende kvarandre så godt, tenkte dei, men dei hadde jo aldri sett kvarandre anna enn på kamera.

Men dei trong ikkje vere nervøse.

For alt var enkelt.

– Det gjekk så bra. Eg blei der i to månadar, så flaug me opp og ned for å treffe kvarandre det neste året, fortel Sundli.

Fredrik Klokkernes og Stine Lise Sundli første gong dei møtte kvarandre.
Privat

Kjærleiksgudane må ha skjønt at det skulle bli dei to, for tilfeldigvis ville utleigaren til Sundli pusse opp, samtidig som utleigaren til Klokkernes skulle selje.

Kunne dei ikkje like godt flytte saman?

No er det ti år sidan dei først begynte å chatte i World of Warcraft. Dei har budd i knøttsmå, tronge leilegheiter i Trøndelag, og har til slutt kjøpt seg hus i Orkdal.

Der jobbar Sundli som IT-konsulent i kommunen, mens Klokkereide er heime med den snart eitt år gamle dottera deira, Luna.

Klokkernes og Sundli si første jul med barn.
Privat

– Så artig og spennande, seier folk når dei fortel om korleis dei møttest.

– Viss du ikkje har spelt, veit du ikkje korleis dette fungerer. Folk trur ein sit der aleine i kjellaren, men så er det ei så utruleg stor verd å vere i og oppleve, seier Sundli.

World of Warcraft speler dei framleis saman. Det har dei gjort heile vegen.

– Det betyr veldig mykje å ha ei felles interesse som dette. Så har me begge våre spel me trivst med på sida, men World of Warcraft kjem me alltid til å dele.

Helvete, Voss, Tilted Towers og Sortland

Marc Tomas Pearson (30) drog frå Voss til Sortland i Nord-Noreg, og kom aldri tilbake.

Han hadde funne sin Victoria Therese.

Dei kom i kontakt på TikTok, der Pearson spurde den komande kona om ho ville spele med han.

Og sjølvsagt ville ho det.

Privat

Victoria Therese Pearson (41) fann tonen med Marc i Diablo og Fortnite. Kjennskap blei til venskap. Kleine, tomme frasar blei til djupe samtalar.

Når dei døydde i spelet, og hadde eit augeblikk, brukte dei tida til å snakke om alt rundt, kven dei var, kven dei ville vere og kva som skjedde i kvardagen.

Det tok ikkje lange tida før samtalane – og ikkje spelinga – var det dei kom tilbake for.

Victoria hugsar korleis ho beit seg merke i den mørke, røffe røysta hans. Den kunne ho høyre på i timevis.

Ingen av dei var eigentleg på utkikk etter noko forhold. Men Marc var så hyggeleg og snill, ikkje minst kjekk, også var dei så like, hadde så mange av dei same interessene.

Og etter kvart tok samtalane ein annan vri. Dei blei flørtande. Pirrande.

Frå første gongen dei kontakta kvarandre, til Marc Tomas Pearson sto på dørterskelen til Victoria, gjekk det knapt to månadar.

– Me tenkte at me skulle spele med opne kort. Møtast, sjå om det funkar. Det gjorde det så til dei grader, seier ho.

Vinteren etter var dei mann og kvinne, gift på alteret.

Privat

Victoria har spelt sidan ho var 15 år gammal. Det var Diablo 2 som lokka ho til tastaturet første gongen, mens for Marc var det Call of Duty og World of Warcraft som førte han inn på spelerommet.

I leilegheita deira på Sortland, held tradisjonen fram.

For når middagsrestane er rydda vekk frå kjøkkenbordet, og oppvasken tatt, er det ikkje middagskvil og tv som ventar. Det er heller ein spurt inn på gamingrommet for å ta på headsettet, slå på PC-en og fyre opp ein ny runde.

– Me speler saman dagleg. Livet er bra, seier Victoria.

Lutfattige studentar brukte alle pengane på å treffe kvarandre

Ikkje alle forhold kan lande på beina over natta.

Erlend Aunan (29) og Molly Wadstål (28) var 14 og 13 år gamle første gongen vegane deira kryssa.

The Burning Crusade var nett kome ut til World of Warcraft, og Aunan hugsar at begge to var del av same guild.

Aunan og bror hans hadde augo på Guild Master-tittelen, men den var det Wadstål som stod i vegen for.

Der starta det for han.

Privat

Wadstål hugsar at hen trong hjelp på eit oppdrag, og spurde ein tilfeldig paladin om hjelp. Og der var Aunan.

Kven har rett?

Tja, kven bryr seg.

Wadstål budde i alle fall i Kalmar i Sverige, og Aunan i Trondheim.

I fem år snakka dei med kvarandre, av og på, på og av. Nokre periodar mykje, andre periodar mindre.

Eitt og anna hjarte og kyss dukka opp i meldingane, og slik utvikla det seg til eit slags forhold likevel.

Ei veke då foreldra til Aunan skulle vekk, såg dei sitt til å møtast på ekte.

Dei var nok forbi stadiet der dei frykta at den andre var ein 40 år gammal kjellarbu, men det er jo alltid ein risiko i slike situasjonar.

Det kjende begge to litt på.

Dei var unge og usikre.

Aunan gav Wadstål ein klem då hen landa på Værnes. Begge følte den andre tok det med slåande ro, og kjende seg sjølv heilt ute av det.

Saman tok dei bussen inn til byen. Dei hugsar hjartet banke og pulsen hamre.

Wadstål ville så gjerne halde handa til Aunan, men det blei berre med tanken. Hen nistira lengtande på handa gjennom heile turen, utan å klare å finne motet.

Blikkontakt blei det lite av den første stunda. Men den kleine stemninga smelta gradvis vekk, og dei fann kvarandre.

Alt endra seg.

Dei lengta tilbake etter det korte møtet i Trondheim.

Dei var begge lutfattige studentar. I løpet av dei tre neste åra gjekk alle pengane deira til å finansiere turar, for å møte kvarandre.

Så, i 2016, søkte Wadstål seg til Universitet i Oslo for å ta ein mastergrad i arkeologi. Der kunne hen finne ein parleilegheit saman med Aunan, som utdanna seg til å bli kjemikar.

Privat

– Me hadde kanskje vore saman i totalt to veker i løpet av dei åra. Plutseleg budde me saman. Det var veldig surrealistisk, seier Wadstål.

– Der og då var det ein absurd idé for oss.

I dag er situasjonen ein ganske annan. Dei har budd saman i fleire år, og har selskap av to kattar som luskar rundt i leilegheita i Oslo.

På kveldane set dei seg ned for å spele World of Warcraft Classic, og kjenner på noko av nostalgien rundt spelet som kopla dei saman i utgangspunktet.

Og i 2025 blir det bryllaup.

Siste fra forsiden