Feature

Familien fann trøyst i dataspel då mor blei dødssjuk: – Eit stort tomrom

Kvar gong dei høyrer musikken i dataspelet, kjem tårene.

Mikkjell Lønning

Lara Croft kastar seg ut i vatnet med eit plask, og ein blå stolpe tikkar gradvis nedover etter kvart som oksygenet forsvinn frå lungene hennar.

I dei siste sekunda begynner stolpen å blinke febrilsk.

Då måtte mor skrike.

– Mamma hadde eit veldig karakteristisk hyl. Eit sånt skikkeleg desperat æææ, kvar einaste gong Lara Croft begynte å drukne, som eg og søster mi kunne le oss skakke av, fortel Sebastian Silva Friis (37).

Det latterkicket sit i han når han tenkjer tilbake på tida i Tomb Raider frå 1996. For han spelte mykje saman med mora.

Der andre familiar brukte tida på Yatzee og brettspel i ferien, var det lyden av dataspel som fylte stova deira.

– Eg og søster mi spelte Remaster-versjonen av Tomb Raider her i sommar, og det drog oss rett tilbake. Det var tøft for oss.

SEBASTIAN VAR EITT ÅR DÅ FAR HANS DØYDDE.

Mora blei nøydd til å ta vare på dei fire barna aleine i Chile, og gjorde det beste ho kunne.

Alltid blid, alltid varsam med å vise kor vanskeleg situasjonen eigentleg var.

Sebastian Silva Friis og familien har alltid brukt mykje tid på dataspel.
Mikkjell Lønning

Sebastian hugsar han stal glimt av mora i tårer over å ikkje klare å betale rekningar eller skaffe mat til familien.

– Ho var veldig sterk på mange ulike måtar, men også sårbar og einsam. Mamma var ei kompleks dame. Ho gjorde alt ho kunne for å halde bekymringane vekke frå oss, slik at me kunne ha ein barndom utan den vekta på skuldrene våre.

Same året som Tomb Raider kom ut, fekk mora den første brystkreftdiagnosen.

– EG HADDE ALDRI SETT NOKON SÅ NEDE FØR.

– Det var ei mektig oppleving, seier Sebastian om det første møtet med mora på operasjonssalen.

Han var sju år gammal.

Mikkjell Lønning

Mora måtte gjennom fleire operasjonar og kurar med cellegift. Legane opererte vekk begge brysta hennar og bygde dei opp att med protesar.

Nerveskadar i armane hennar gjorde at ho ikkje kunne jobbe meir.

Familien flytta til Noreg i 2001. Mora fann kjærleiken med ein norsk-chilensk mann, men flytta tilbake i 2009.

Då blei Sebastian og søstera verande igjen.

SEBASTIAN BUR I EIT TØMMERHUS MED KONA OG DOTTERA I PORSGRUNN.

Avstanden til familien heime i Chile er lang, men dei held tett kontakt gjennom sosiale medium.

I 2020 oppdaga legane vekstar i brysta til mor hans. Ho tok det svært tungt.

Sebastian, kona og dottera bur i huset dei arva. Sebastian jobbar for Tesla i same by.
Mikkjell Lønning

Legane opererte vekk svulstane, og meinte det ikkje var noko alvorleg.

I det skjulte hadde brystkreften mutert og spreidd seg gjennom kroppen hennar.

Helsevesenet oppdaga ikkje noko før ho blei sjuk igjen to år seinare.

KONA TIL SEBASTIAN HADDE OGSÅ HATT EIT MINDRE INNGREP i 2020.

Sebastian sleit med å handtere det å vere pårørande for dei, og trur det heng saman med opplevingane rundt sjukdomen til mora, då han var liten.

Spelet Gris skulle bli ei viktig trøyst for han dei komande åra.

Dataspelet Gris opnar med ei syngande jente som står i ei steinhand. Men grunnfjellet slår sprekker, stemma brest og verda kollapsar.

Mikkjell Lønning

Gris er spansk for grå, og skildrar verkelegheita til hovudpersonen i spelet. Noko har skjedd i livet hennar, og fargane har forsvunne frå verda.

Gradvis, steg for steg, kan spelaren hjelpe ho tilbake.

Ein farge om gongen.

Sebastian spelte Gris på Nintendo Switch, og blei fascinert av både musikken og det visuelle i spelet.

Men det var først den andre gongen han spelte Gris, at spelet verkeleg rørte han – og gav han noko heilt anna.

SOMMAREN 2022 KOM MORA PÅ BESØK I NOREG, OG FEKK MØTE BARNEBARNET SITT FOR FØRSTE GONGEN.

Nokre månadar seinare blei ho alvorleg sjuk.

Ho fekk kraftige ryggsmerter, blei utmatta og kunne knapt gå. Undersøkingar avslørte at kreftcellene hadde kome inn i ryggrada, skuldra, beina og nyrene.

– Det var veldig surrealistisk. Ho gjekk frå å reise halve verda rundt på eiga hand tre månadar tidlegare, til å bli fullstendig sengeliggande.

Mikkjell Lønning

Det neste året blei helsa hennar gradvis verre. Familien i Noreg opplevde det som ei stor påkjenning.

– Spesielt det å vere så langt unna. Det var det aller tøffaste. Håpløysa av å ikkje kunne gjere noko.

Sebastian har vore saman med kona si i 18 år, og begge to hadde eit svært tett band med mora.

Påska 2023 sat dei alt på vent og bestilte fly til Chile. Heile familien var samla i halvanna veke.

– Det var rart å seie farvel til nokon som framleis var i live.

HAUSTEN KJØPTE SEBASTIAN GRIS TIL PLAYSTATION 5, OG SPELTE DET PÅ NYTT.

– Eg tenkte ikkje over det første gongen eg spelte på Switch. Det har kanskje noko med sinnstilstanden å gjere. Då spelte eg det fordi det var kult, men i 2023 spelte eg det for å leite etter noko.

Når spelaren reiser djupare inn i speluniverset, får verda fargane tilbake. Og i løpet av spelet vil spelaren forstå at hovudpersonen Gris har mista mora si.

Kvar farge representerer eit nytt stadium i psykologen Elizabeth Kübler-Ross sin modell for sorgprosessen.

Gråtonane representerer fornekting, raudt er sinne, grønt er forhandlingsstadiet, blått er depresjon og gult representerer aksept.

Spelet viser også korleis stadia, eller fargane, blør over i kvarandre i ei mølje av følelsar.

Spelet startar med ei verd heilt strippa for fargar, der alt har mista meining for hovudpersonen Gris.
Nomada Studio

Du tar med deg sinnet inn i forhandlingsstadiet, du lærer å meistre det, og bruker det du lærer til å hjelpe deg tilbake mot ein slags normaltilstand. Slik kan du konfrontere sorga.

– Eg anbefalte spelet til søster mi òg. Ho sa ho hata meg for det, då ho innsåg kva det handla om mot slutten. Me fekk nok begge den same aha-opplevinga.

Sebastian meiner spelet var hjelp i å sleppe ut nokre av dei innestengde følelsane hans.

– DET FOKUSERTE NOKO AV SORGA.

– Dette er veldig vanskelege følelsar, og spelet gav oss ein måte å sette tankane på noko.

Det er ingen dialog i Gris. Historia blir fortald gjennom vakre illustrasjonar, spelinga, sterk symbolisme og rørande musikk.

– Det drar fram så mange følelsar. Spelet trefte meg på mange ulike måtar, og visuelt ser det ut som ei måleri, seier Sebastian.

Dei blå nivåa symboliserer depresjon, der Gris dykkar djupare og djupare ned i eiga sorg, fram til ho kjem opp på overflata igjen.
Nomada Studio

– Gris fascinerer meg i korleis det seier så mykje utan å bruke ord. Me menneske har mykje i oss me ikkje forstår, og det er ikkje alltid ord er nødvendig. Slike spel kan hjelpe oss til å bli kjend med oss sjølve, meiner han.

Spel som Gris, Rime, Spiritfarer og That Dragon, Cancer tar alle for seg sorg på ulike, interaktive måtar.

GRIS BLEI TIL RUNDT FARGANE, IKKJE SORG.

Det fortel Nomada Studio-regissør Conrad Roset til Gamer.no. Han seier at Sebastian og familiens historie gjer djupt inntrykk.

Tanken var å lage eit svært minimalistisk spel, der fargane kom til, litt og litt. Ideen om forteljinga kom først nokre månadar inn i utviklinga.

– Me leita etter tema som passa med konseptet om progresjon, og det var då ideen om sorgprosessen dukka opp, fortel regissør Roset.

Då blei det naturleg å kople fargane med dei fem stadia.

Målet var aldri å lære spelarane om sorg, men heller å få spelaren til å føle noko og reflektere over sine eigne opplevingar.

Det ville dei gjere gjennom kunst; måling, musikk og forteljing.

NOMADA HAR FÅTT HUNDREVIS AV MELDINGAR FRÅ SPELARAR SOM HAR BRUKT GRIS I VANSKELEGE TIDER.

– Det er heilt utruleg, seier Roset.

Dei hadde aldri trudd at spelarar skulle bruke Gris i eigne sorgprosessar, heller ikkje at Gris skulle få ein slik verknad på liva til så mange av spelarane.

– Det er dette eg er mest stolt over, seier Roset.

Dataspelet Gris har fått betydning for menneske verda rundt.
Nomada Studio

Tilbakemeldingane handlar om alt frå å miste nære slektningar og kjæledyr til å jobbe seg gjennom depresjon.

– Me har det beste spelsamfunnet det går an å få, eit fullt av empati og følsemd. Det er me veldig takksame for, spesielt i ei tid der internettet er så fullt av hat.

Roset trur dei kunne fortald den same historia i andre medium enn dataspel, men understrekar at dataspel har ein unik karakteristikk med rot i den første læreforma me har i livet; det å leike.

– Interaktiviteten i dataspel lar spelarane aktivt delta i historia, ikkje berre oppleve den. Det skapar eit djupare emosjonelt band, for spelarane er direkte involvert i figurens reise. Slik blir utforskinga av sorg meir personleg og verknadsfullt.

ROSET TRUR DATASPEL KAN VERE TERAPEUTISK.

– Spel kan vere eit nyttig verktøy i å takle sorg gjennom å utforske kjenslene våre, å gi trøyst og for å fostre empati.

Dataspel er også nyttig for andre utfordringar i livet, meiner Roset.

– Det kan handle om angst, sosiale ferdigheiter, eller noko så enkelt som keisemd. Spel kan hjelpe spelarane med å ta eit steg unna psykisk smerte i ei stund, som gir både ein distraksjon og ein måte å konfrontere kjensler på ei meir handterleg måte, seier Roset.

Han viser til at det er godt dokumentert at dataspel har positive verknadar på liva våre, slik som andre typar kunst og underhaldning har.

– Spela er både ein måte å bli betre kjend med oss sjølve og andre kulturar på, det er ein måte å halde kontakt med andre og ein måte å utforske eigne kjensler på, seier spelregissør Roset.

I OKTOBER 2023 GJEKK MORA TIL SEBASTIAN BORT.

– Det var veldig mange følelsar. Eg blei tvangssjukmeld av legen min i tre veker, for eg hadde ikkje klart å prosessere det skikkeleg, fortel Sebastian.

– Det er eit stort tomrom etter ho. Eg syns det har vore vanskeleg, ikkje å fylle, men å forsone seg med det. Nokre dagar er jo verre enn andre.

Mikkjell Lønning

Av og til dukkar det opp varsel på telefonen med minnekavalkadar, og han ser bilde av mora og dottera hans som leika og herja saman i stova.

– Det er fine minne, men også så utruleg trist.

For Sebastian blei speling ei av måtane å finne trøyst på etter at mora døydde.

– Spel, musikk, filmar og bøker er ikkje berre rømmingsvegar. Dei kan også vere kraftige verkemiddel for å uttrykke og prosessere følelsane våre på, meiner Sebastian.

Tårene kjem når han og søstera høyrer musikken frå Gris.

– Spelet blei ein mektig måte å handtere sorga på. Det var ein del av prosessen vår, seier Sebastian.

Dette er siste artikkel i vår serie om bruk av dataspel som støtte i vanskelege periodar.

Les også artiklane våre om Rune som lever med kroniske smerter, Mathias som blei avhengig av WoW, Nikolai som sleit med sjølvmordstankar, Michelle og Espen som mista barnet sitt, Kamilla som heidrar far gjennom videoane sine, Kai som mista faren og Mia som kjempa seg ut av rusavhengigheit.

Ledige stillinger

Siste fra forsiden