Årsrekneskapen for Bergen-utviklaren Rain AS blei til slutt offentleg denne veka.
Omsetninga er redusert frå 9,6 millionar i 2023, til 3,2 millionar i 2024. Selskapet sit igjen med eit underskott på 4,6 millionar og har tapt eigenkapitalen sin.
Eigenkapitalen er no tre millionar i minus.
– Det foreligger en vesentlig usikkerhet som kan skape tvil av betydning om selskapets evne til forsatt drift, skriv revisor i årsrekneskapen.
Svakare salstal enn forventa
Rain lanserte spelet Girl Genius: Eventyr i slottet Heterodyne hausten 2023. Salet har ikkje gått som planlagd.
Åndsverket er skrive ned til kroner 0 i rekneskapen. Selskapet lanserte også Teslagrad 2 og Teslagrad Remastered same år.
Sidan har Rain jobba med utviklinga av spelet Knuckle Jet, og håpar at dette skal redde selskapet.
Norsk filminstitutt har gitt dei 6,5 millionar kroner i støtte til utviklinga.
Planen er å lansere spelet sommaren 2026.
– Prosjektet er selskapets viktigaste satsing og forventast å kunne gi betydelege framtidige inntekter, skriv styret i rekneskapen.
Trur på 2026
Tilskotta sikrar pengestraumen fram til lanseringa. Mesteparten av tilskottet frå NFI kom no i vår, då dei fekk tildelt fire millionar kroner.
Rain skal inngå ein avtale med ein utgivar innan kort tid, og forventar forskotsbetaling av inntekter på spelet gjennom avtalen.
På bakgrunn av dette meiner styret at det er grunnlag for å drive selskapet vidare.
Rain var registrert med 13 tilsette per sommaren 2025.
Knuckle Jet er eit kommande actionplattformspel i Teslagrad-universet, og det er lagt ut ein kort teaser for spelet på Steam.