25

Norsk utviklar vil gjenskape globalt fenomen

Simon (34) håpar å matche Flappy Bird med sitt nye arkadespel til mobil.

Simon Pettersen Nguyen lar seg inspirere av namnebroren frå Vietnam, og håpar på internasjonal suksess.
Privat

Ambisjonane er det lite å seie på.

Simon Pettersen Nguyen frå Sarpsborg startar ei pressemelding med å seie at han vil gjenskape suksessen til Flappy Bird med det gratis arkadespelet Hop Rocket.

Det smått legendariske spelet Flappy Bird blei ein internasjonal suksess, men fordi det var så avhengnadsskapande, valde utviklaren å fjerne heile greia.

Flappy Bird-inspirerte Hop Rocket blei lansert på App Store denne veka.

Første gong

Nguyen har aldri lansert eit spel før. Han har ein IT-jobb i det daglege, og har laga nokre spel på rein hobbybasis tidlegare.

– Spel var grunnen til at eg starta med IT, men det er vanskeleg å kome til eit punkt der ein kan leve av spelutvikling, seier han.

I Hop Rocket er målet å fly ein rakett frå planet til planet så mange gongar som mogleg.

I ei tid der spelutvikling blir stadig meir komplekst i AAA-verda, har Nguyen ein heller forfriskande arbeidsmetode.

Spelet begynte han å lage onsdag kveld. Utviklinga har han brukt «eit par timar» på, seier han.

– Det som tok tid var lanseringa og det å få det ut, seier Nguyen.

– Elendige på innovasjon

– Draumen er at dette skal gå same vegen som Flappy Bird. At ein kan skape noko enkelt som fenger alle aldersgrupper, seier han.

Spelet er enkelt, men også vanskeleg. Fleire av dei andre spela på toppen av App Store er utvikla i same stil, forklarar han.

Nguyen har ikkje spelt noko særleg med Flappy Bird sjølv, innrømmer han. Men han er fascinert av historia bak spelet.

– Eg håper jo at noko tilsvarande kan skje. Suksessoppskrifta er ikkje berre å lage noko som er avhengnadsskapande, vanskeleg å meistre og enkelt, men også å få det til å gå viralt, seier optimisten.

Nguyen trur det aller viktigaste er å skape blest om spelet. Han har kontakta ei rekkje YouTube-profilar og influensarar i Noreg med ein «pitch» rundt spelet.

Han er ikkje overraska over at det er få indiesuksessar å spore frå Noreg. Det store unntaket i det siste er Megabonk, men det er enno ikkje heilt sikkert om utviklaren bak spelet faktisk er norsk.

– Noreg er elendige på innovasjon, seier Nguyen.

Legendestatus

Flappy Bird blei utvikla av vietnamesiske Dong Nguyen og lansert for iPhone i 2013.

Utviklaren brukte nokre få dagar på å lage spelet. Men det var først i 2014 at spelet tok av.

YouTube-profilar som PewDiePie laga innhald på spelet, og Flappy Bird blei ein farsott.

Nguyens avgjerd om å fjerne det ekstremt populære spelet har gjort historia smått legendarisk i spelverda.

Siste fra forsiden