25

No kan du prøve nytt norsk spel – heilt gratis

Demoen for plattformspelet Knuckle Jet er tilgjengeleg på Xbox til og med 31. desember.

Knuckle Jet er Rain sitt kommande plattformspel.
Rain

Bergenske Rain er ute med ein demo for det kommande spelet Knuckle Jet.

Ut desember er spelet tilgjengeleg på Xbox Indie Selects Demo Fest, og frå 23. februar til og med 2. mars kjem demoen til Steam Next Fest.

Rain skildrar Knuckle Jet som eit actionfylt plattformspel med 90-talsestetikk sett til Teslagrad-universet. Spelaren tar rolla som sjefen for ein barneheim, der du skal redde dei kidnappa barna frå skurken Tychoon.

Full lansering er planlagd for sommaren 2026.

Gamer.no skreiv nyleg om pengeproblema til Rain, og utviklaren satsar på at Knuckle Jet skal sikre økonomien i åra framover.

Rain vil legge opp til speedrunning-konkurransar i spelet. Dei håpar at spelarane utfordrar kvarandre på å fullføre nivåa på kortast mogleg tid.

Siste fra forsiden