I mylderet av spel – og ikkje minst langvarige spelseriar – finnest det alltid noko ein ikkje får med seg. Tida strekk kanskje ikkje til, og det å starte på noko nytt og digert kan vekke eit nivå av ærefrykt som kan vere på grensa til skummelt.
The Legend of Heroes har lenge hatt den rolla for meg. Sjølv om eg har spelt uhorveleg mange japanske rollespel opp gjennom åra, oppdaga eg denne seiren for seint. Eg likar gode historier, og The Legend of Heroes var på grensa til berømt for sine gode historier. Problemet er at i motsetning til Final Fantasy-serien der kvart spel har ei sjølvstendig historie, er dette ikkje tilfelle med The Legend of Heroes. Dette er ein serie som med The Legend of Heroes: Trails in the Sky frå 2004 starta ei historie som framleis pågår den dag i dag.
Å berre hoppe inn i noko slikt kan vere noko som kjem med ein høg terskel, og dette er noko utviklarane sjølv tydegelevis ser, og har lansert ei flunkande ny og modernisert utgåve av spelet som starta historia; Trails in the Sky 1st Chapter.
Jaudå, neidå
Eg har spelt så mange japanske rollespel opp gjennom åra at eg er veldig bevisst på i kor stor grad anime har øydelagd denne sjangeren. Det som ein gong budde på gode, djupe historier kven som helst frå kvar som helst kunne nyte, har stort sett enda opp som fan service. Det er det same kvar gong no. Store auge, pen ungdom, ingen over 30 år finnest nokon stad, helten er alltid populær hos damene, men for naiv til å forstå det. Dialogen er keitete og unaturleg, troper og stereotypar som av ein eller annan grunn må vere med i kvart einaste spel får alt til å framstå som bygd på ei oppskrift.
Skuffa er ikkje ordet eg vil bruke, heller resignert. Du forventar ei god historie, og så får du det same skvipet alle andre spel byr på. Lange samtaler om ingenting, personar så intuitive at dei kan dra løysinga på alle problem ut av rassen sjølv om dei ikkje kjenner ein einaste detalj. Jenter som knapt er tenåringar framført av damer på 50.
Du veit korleis det er, og førsteinntrykker mitt var heller dårleg. Mykje skuldast utan tvil omsetjing. Den er elendig. Japansk kan ikkje omsetjast ord for ord, det må lokaliserast. Setningsstrukturen på japansk gjer seg ikkje på engelsk. Du må ta deg kreativ fridom, elles endar du opp med setningar som dette:
«I'm surprised they had another unexpected setup».
Les den igjen.
Eg er vand med at folk seier «Eg hadde ikkje forventa at du skulle vere her på denne dagen» i staden for «du her?» i japanske omsetjingar, men det må no vere lov å ta inn over seg kva språk ein skal formidle på, eller? Kvifor må «einig» ende opp som «eg må seie meg einig i det utsagnet»?
Ei forakta kunstform
Lokalisering er vanskeleg, det er det ingen tvil om, og vi lev i ei tid der mange fans blir forbanna når noko ikkje er ordrett omsett. Alt anna er agenda og sensur i deira hovud. At ting skal gi meining, vere fordøyeleg, og verdt å konsumere for andre enn blodfansen, og blodfansen aleine, er visst ikkje så viktig for «ekte» fans.
Det er ikkje slik ting fungerer i den verkelege verda. For å gjere lokalisering bra, må den som omset kunne skrive sjølv, kunne tolke, formidle, skape flyt, rytme, engasjement. Du kan ikkje berre køyre det gjennom google translate eller ChatGPT. Nokre gongar må ting skrivast om for at poenget skal kome fram.
Trails in th Sky 1st Chpater har likevel fleire problem enn sjølve lokaliseringa, uavhengig av kulturelt standpunkt.
Alle er den same personen, med det same ansiktet, og den same kroppen. Det einaste som skil dei er kostyma dei går i, kanskje hårfargen, og i spesielle høve, ein bart som fortel deg at du no snakkar med ein godt vaksen person. Det skapar ei falsk verd det er vanskeleg å leve seg inn i. Spesielt når det som openbert er ein feminin tenåring kjem og snakkar med stemma til ein som openbert har drukke whiskey og røykt sigarar i minst 30 år.
Skodespelet er uansett ikkje noko å skryte av. Det er mange flinke folk her, spesielt for dei mindre viktige personane, men 16 år gamle Estelle, den eine av to hovudpersonar, er ein tenåring stemmesett av ei godt vaksen dame som gir sin beste versjon av ung tenåring med vocal fry. Det er helvete på jord, og bror hennar Josgua høyrest berre ut som om han har gjort dette for mange gongar til å bry seg.
Det er mange fleire ting å ta opp. Stemmer som sporadisk er av og på, musikk som sjeldan tilpassar seg situasjonen, og mykje meir, men alt dette er berre overflata på eit spel som innerst inne har mykje godt å by på.
Det blir likar no
Trails in the Sky 1s Chapter byr trass sine utfordringar på ei engasjerande historie. Det er korleis det heile blir fortalt som er problemet. Det blir meir og meir spanande desto nærare slutten du kjem, og eg har genuint lyst til finne ut kva som skjer vidare.
Vi får reise gjennom ei stor og fargerik verd der vi stadig reiser til nye område, møter nye folk, og møter nye utfordringar, gjerne av svært personleg natur. Vi blir kjent med ulike menneske, og sjølv om alt er stappa inn i animestaffashe, er det genuint interessante personar her. Fleire av dei blir med vidare på ferda, før dei kanskje seier adjø ein by eller to seinare, og Estelle og Joshua held fram aleine, før dei kanskje stiftar nye bekjentskap.
Om utviklarane har lukkast med ein ting, er det å skape kjensla av å vere på reise. Då eg omsider nådde slutten og tenkte tilbake var eg overraska over kor mykje eg hadde gjort og sett. Dette er ein skarp kontrast til mange andre spel i 50-timars klassen som gjerne får små ting til å vare i ti timar.
Strukturen er enkel. Joshua og Estelle er med i ein organisasjon som løyser problem for folk. Dei er som eit alternativ til statsmaktene, og dei legg ut på ei ferd som stadig sender dei på nye oppdrag. Vi reiser frå den eine byen til den andre, omringa av store område som byr på eit mylder av fiendar og ting å plukke opp.
Kvar by tilbyr alt av fasilitetar ein eventyrar treng. Har får du handle, oppgradere oppdrag, ta på deg tidsfordriv i form av «gå dit og tilbake igjen»-oppdrag, samt drive historia vidare. Kvar by har òg eit laug der du kan gå for å levere inn fullførte oppdrag, samt plukke med deg nye.
Spreke kampar
Det er strengt tatt på vegen den store moroa skjer. Det blir mykje kamp i dette spelet, og om du bit lett på alt som rører seg kan det bli i meste laget. Eg fann tidleg ut at det ikkje er noko poeng i å ta alle fiendar. Alt du oppnår med det er å bli mett. I staden er det betre å utelukkande fokusere på dei store og farlege fiendane, samt dei må du ta som del av historia.
Erfaingspoenga er smart fordelt i spelet, og gir mest til den som er lengst frå nivået til fienden. Når du kjem høgt opp får du altså knapt noko, og det er langt meir moro i å kjempe mot ein vanskeleg fiende og få bøttevis med erfaringspoeng etterpå, enn å kaste bort tid på å ta alt du ser.
Kampsystemet i Trails in the Sky 1st Chapter er todelt. Du kan hamre laus på fiendane i sanntid for å få ein fordel, før du går vidare i turbaserte kampar der du går fram meir taktisk. Det er her den verkelege moroa ligg. Utviklarane har skapt eit system som er fullt av moglegheiter i både korleis du handterer kvar enkelt kamp, men òg korleis du planlegg for dei gjennom oppbygging av rollefigurar.
Kvar rollefigur har primært tre val på ein gitt tur; å ta eit enkelt angrep, å bruke unike eigenskapar for den aktuelle figuren, eller bruke magi lært gjennom spesielle steinar alle kan utrustast med. Dette skapar ein interessant dans der du må variere kva du gjer, men du får ikkje alltid gjort det du vil. Posisjonering er kjempeviktig, og kan få enormt mykje å seie, med angrep som treff alle i strak line, innanfor sirkel, eller andre geometriske former.
Alt som blir gjort bygger opp opp ein teljar som lar figurane utføre samarbeidsangrep som oppfølging på noko ein av dei har gjort.
På toppen av dette kjem eit artig fokus på å stele bonusar. Du har konstant oversikt over kven som har tur når, og på den oversikta vil du òg sjå ulike bonusar som til dømes at figuren på sin tur vil få helsepoeng, handlingspoeng eller kritiske angrep, klarar du å utføre eit godt nok angrep på ein som har bonusar, vil dei bonusane bli overført til angriparen, og dette skapar ein dragkamp om kraftige fordelar. Det du kan ta, kan fienden ta tilbake.
Hugs òg at du kan setje opp farten på alt i spelet, noko som minimerer irritasjon som kan oppstå av både lange utforsking, samtaler og lange, lange panoreringar.
Konklusjon
Eg har lett for å tru at Trails in the Sky 1st Chapter er starten på noko stort. Dette er likevel ein treg start. Det er eit spel du må ha tolmod for å nyte, for det er ingen her som har hastverk. Vi blir kjent med ei verd, folka i den, og etter kvart som vi ser slutten, er det store hendingar som ventar på sine konsekvensar når 2nd Chapter omsider dukkar opp. Eg har spelt 50 timar med førebuing.
Trails in the Sky 1st Chapter gir oss ei god historie, og den er absolutt engasjerande og spanande, men det til tross for korleis den er pakka inn. Dette er animetull på sitt aller verste, med stereotypar på rekke og rad, ei verd befolka av tenåringar, og lettvindt, naiv dialog. Det blir ikkje betre av ei omsetjing som er alt for bokstavleg, og presenterer spelet i eit tungvindt, tåpeleg språk ingen som har hatt meir enn to timar engelsk på skulen bør akseptere.
Det er veldig synd, for det øydelegg flyten i historia. Det øydelegg mange stunder som sikkert er gode på originalspråket, og det er litt fascinerande å sjå korleis alt blir hakket betre om ein slår om til japansk tale. Det er ikkje fullt så keitete å lese tørre, firkanta omsetjingar som det er å høyre folk uttale dei.
Verda vi spelar i er derimot fargerik og spanande. Kampane er stor moro, og eg kosar meg når eg skal kjempe mot dei mektige fiendane som prøvar å øydelegge dagen for alle andre.
Likevel, dette er eit spel for spesielt interesserte. Eg ser fram til fortsetjinga, men om du synest anime stort sett er teit vil du ikkje finne noko av verdi her.
Trails in the Skyt 1st Chapter er ute på Nintendo Switch, Nintendo Switch 2, PlayStation 5 (testa) og Steam.