Eg hugsar framleis mine første steg i Kingdom Come: Deliverance. Eg har spelt mange store rollespel, men få har framstått så ekte, så jordnære, som ein så god representasjon av nokon som faktisk kunne ha skjedd. Det var ikkje utan grunn sjølvsagt. Heile poenget med Kingdom Come: Deliverance var å skape noko som var historisk korrekt, og sjølv om diverse historikarar vil kunne fortelje deg at det sjølvsagt er ting å pirke på, vågar eg deg å finne nokon som har gjort det betre.
Ny vår, ny realisme
Skal eg vere heilt ærleg tok det meg hakket lengre tid å kome skikkeleg i gong med Kingdom Come: Deliverance II enn forgjengaren. Mykje av dette skuldast det eg vil påstå er eit enda større fokus på realisme. Det er nokre år sidan eg spelte Kingdom Come no, og med tanke på alle spela eg har spelt i mellomtida, har mykje gått i gløymeboka. Eg måtte difor gjennom ein prosess for å finne rytmen her, for spelet gjer ikkje ein heilt god jobb i det sjølv.
Starten er solid, der vår gamle ven Henry og hans ven Hans skal levere eit brev for å prøve å unngå krig. Dei blir rana på vegen, og du må gjennom ei heil smørje av herlege karakterar og dårleg forklart opplæring som verkeleg kan få deg til å lure på om spelet fungerar eller ikkje. Historia er fin, byr på både spenning og latter og så elskverdige karakterar at det byrjar å minne om ein film du ynskjer ikkje skal ta slutt. Brått står du der likevel, naken og skiten i ein galge og all den erfaring du bygde deg opp i Kingdom Come: Deliverance er borte.
Det er tid for å starte på nytt, og korleis gjer vi det? Jo, ved å få oss ein jobb. To potensielle oppdrag følgjer, enten kan du gå til møllaren, eller du kan gå til smeden med formål om å gjere ein dags ærleg arbeid slik at du kanskje kan få deg invitert i eit viktig bryllaup for å få fullført den jobben du eigentleg var her for å gjere.
Etter over 15 timar har eg framleis til gode å introdusere meg for møllaren, og eg har kjent håpet svinne hen då eg innsåg at utviklarane no har lage at langt, omstendeleg og dødeleg keisamt minispel ut av det å smi, vel, hestesko. Nei, det er ikkje moro, ja, det tek for lang tid, og ja, vi hadde klart oss heilt fint – betre faktisk – utan.
Kva gjer eg no då?
No er dette berre mine første inntrykk etter omlag 15 timar, men eg synest det er verdt å nemne at eg enno ikkje er ferdig med mitt første skikkelege oppdrag. Vi kan seie det slik; eg blei distrahert. Eg blei distrahert av å gå tur i skogen berre for å møte på ein stakkar som hadde blitt fråstelt alt. Eg blei distrahert av å hjelpe ei gammal mor med å finne dotter si som hadde forsvunne, berre for å ende opp med eit nedgrava lik i skogen, nokre villsvin og eit melodrama eg løyste fint ved å sende ein tosk i fengsel, og ein annan til dei evige jaktmarker.
Eg blei spesielt distrahert av kona til ein jegar som bad meg leite etter ektemannen sin, sjølv om sonen meinte drukkenbolten berre låg full ein plass. Sonen fekk rett. Jegaren låg full i eit tre omringa av ulvar. Eg tok dei ulvane, med livet som innsats, og nær døden bar eg denne fulle tosken først til ein mosegrodd trestokk, så til ei maurtue, deretter til ei bjørk delt i to, før vi til slutt skulle gå mot ei kro, men han ombestemde seg fordi det var for langt, og vi enda opp i leiren hans i staden. På vegen kasta han opp på meg fordi eg var grei nok til å be han om å berre få det ut.
Han bad meg så finne hesten hans, for nokon hadde stelt den. Om eg kunne ta dei bastardane òg, var eg ein knupp. Jaudå, eg gjorde som han sa. Eg sneik meg gjennom graset og knebla eit par bandittar på så klønete vis at eg måtte misbruke spelets framleis like idiotiske lagringssystem (når du må lagre og avslutte kvar gong du skal prøve noko risikabelt er ikkje får ting heilt på stell) opptil fleire gongar. Ein vill kamp mot fleire bandittar langt sterkare enn meg følgde, og med ein eleganse eg ikkje visste eg hadde putta eg piler i både hals og hovud, før sistemann sank om.
Der, i bandittleiren fann eg endeleg pengane eg hadde tørsta etter i timevis. Rustningar, våpen, og ei seng å sove i så eg kunne hente meg inn igjen litt. Livet som eventyrar er blodig hardt.
Konklusjon
Det er forferdeleg mykje som kan seiast om Kingdom Come: Deliverance II, men eg trur det heile kokar ned til at dette lovar å bli eit uhyre frustrerande spel det strengt tatt er umogleg å legge frå seg. Eg klarar det berre ikkje, eg må spele litt til, eg må utforske litt, sjå kva som ligg bak haugen der, finne ut kva som skjer om eg tergar landevegsrøvarar litt.
Svært lite har blitt fiksa sidan det første spelet. Nokre ting har blitt betre, andre verre. Menysystemet er til dømes heilt på bærtur. Det er pent, men tregt, og så stort at det ikkje får plass på skjermen. I staden må eg dytte på analogstikka for å vise essensiell informasjon som kor mykje skade eit sverd gjer.
Legg på litt teknisk krøll, eit spel som brått kan finne på å låse seg på tilfeldige punkt, samt det uføreseielege lagringssystemet som nokre gongar lagrar på viktige punkt, andre gongar ikkje. Eg likar ei utfordring, men å miste ein time med speling fordi tre sterke bandittar brått overraska meg etter lengre tids vandring i skogen framstår beint fram urettferdig.
Det sagt. Eg klarar ikkje leggje dette spelet frå meg. Det er oppslukande og fascinerande i ei verd eg fullt ut kjøper. Med folk eg forstår, skrivne av folk som forstår, og som klarar å mane fram noko eg vil tru vi alle på eitt eller anna vis kan relatere til. Dette er eit av dei spela der alle har si eiga historie å fortelje. Sine eigne opplevingar, sine heilt eigne oppdagingar i eit spel som gjer det viktige riktig. Dette er ikkje eit digert Ubisoft-spel der du blir sliten i hovudet av alle symbola på kartet, alle oppdraga, alle tinga du føler deg forplikta til å gjere. Dette er eventyret der du vandrar inn i skogen, går deg vill og kjem ut på den andre sida med mange nye, fascinerande historier å fortelje.
Kingdom Come: Deliverance II kjem i sal frå PlayStation 5, Xbox Series S/X (testa) og PC 11. februar.