Kvar bidige månad kjem ein bunke spel som fell utanfor, mellom, eller gjennom alle stolane. Av ein eller annan grunn får ikkje gode og dårlege spel den merksemda dei kanskje fortener. Difor introduserer vi Øysteins nisjehjørne, der underteikna på månadleg basis tek føre seg eitt eller fleire utanforspel frå månaden som gjekk.
Deck of Haunts
Plattform: Windows
Når sosiopaten spelar The Sims.
Deck of Haunts er eit kortspel som blandar kortspel og tilfeldige trekk med klassiske Dungeon Keeper. Som sistnemnde byr spelet på fleire rom som aller er kopla opp mot eit hjarte. Døyr hjartet døyr du, og det er din jobb å sørge for at det ikkje skjer.
Jobben er enkel, du er eit hus, eit heimsøkt og mannevondt hus som kvar natt blir utforska av stadig hissigare folk. Det startar i det små, med ein eller to stakkarar på feilspor, men etter kvart dukkar både politimenn og prestar opp, og alle har sine unike eigenskapar som kan vere til hjelp eller verk for deg.
Spelet syklar mellom dag og natt. Om dagen for du bygge nye rom, flytte på rom, bygge spesielle rom som kan gjere folk redde, skade dei, eller fange dei i stummande mørke. Om natta kjem gjestane, og då trekk du kort du brukar for å ta knekken på dei. Dei vandrar stadig nærare hjartet, og du må skremme dei til dei får panikk, eller skade dei nok til at dei døyr. Døde folk er derimot noko som får folk til å flykte frå huset, og om dei kjem seg ut, vil neste natt bli vanskelegare.
Deck of Haunts er eitt av desse små spela som blir digre. Eg enda opp med å sitje fengsla til skjermen ein heil dag då eg først starta det. Det har denne enkle, men herlege "ei økt til"-mentaliteten. Det kan vere skikkeleg utfordrande å finne ut korleis ein skal bygge huset best for å kome seg gjennom dei 28 døgna spelet legg opp til.
Ting kan gå veldig skeis om ein byggjer berre litt feil, og det er ein veldig artig prosess å finne ut av den ultimate byggjeplanen. Spelet kunne nytt godt av litt ekstra innhald, fleire modusar og utfordringar, sidan det visnar litt når du først har funne nøkkelen. Om du er på jakt etter eit kortare spel som ikkje et opp all tida di, er Deck of Haunts likevel eit glimrande alternativ.
7/10
Nice Day for Fishing
Plattform: PlayStation 5, Nintendo Switch (testa), Windows
Den New Zealandske nerdehumorgjengen Viva La Dirt League slepp sitt første spel.
Med mindre du har levd i ei nerdekulturell boble dei siste åra, veit du mest sannsynleg kven Viva La Dirt League er. Denne gjengen har laga nerdeinspirert humor you Youtube i ei årrekke no, og er kanskje mest kjende for sitt fantasy-univers Azerim. I dette fiktive MMO-et møter vi kvitlauksbonden Greg, smeden Bogder, og ikkje minst fiskaren Baelin.
Det er nettopp Baelin vi møter i Nice Day for Fishing. Alle spelarane har blitt kasta ut av Azerim, og NPCen Baelin har no blitt ein helt som må hjelpe alle dei andre stakkarane i den vesle byen Honeywood med å kome seg levande gjennom kvardagen.
Det som følgjer er ein kavalkade av troper og parodiar på det meste som kan kritiserast med dataspel. Baelin fiskar stadig tøffare fisk på stadig djupare vatn, hentar hammaren til Bogder frå den nærliggjande brønnen annankvar dag, og må høyre på sytinga til patetiske Frank som blir avskydd av eigen familie.
Det er eit fornøyeleg lite spel som aldri blir veldig ambisiøst, men utviklarane kunne godt å slått litt hardare på stortromma. Når ein lagar eit Viva La Dirt League-tematert spel, hadde det skada å fått skodespelarane til å lese inn alle linjene sine i staden for korte strofer? Eg trur det ville ha gjort mykje for opplevinga. Det blir òg hakket mykje fram og tilbake av typen "vi treng ved, gå til skogen på andre sida av verda, der snakkar du med smeden som då treng noko du må tilbake heilt hit for å hente".
Eg skjønar det er ein parodi, men kom an. Det blir ein parodi på seg sjølv. Viva La Dirt LEague har gjort ei karriære ut av å gjere narr av dårleg og lat speldesign, og så gjer dei nøyaktig det same sjølv.
Spel heller Dave the Diver.
5/10
Cauldron
Plattform: Windows
Spelet for den som berre vil bli best.
Kva er dette?
Det var ikkje mine første tankar, det var mine første ord, og dei slapp ut om lag eitt og eit halvt sekund etter at eg var i gong. Cauldron kamuflerer seg som eit gammaldags retrorollespel, og det var moglegvis det som lura meg inn.
Det som fekk meg til å bli var epleslag. Eplseslag som byrjar som ei hakket nyare tolking av Bouncing Babies, men utviklar seg kjapt til å bli eit kulehelvete utan like. Eplene regnar ned i bakgrunnen, medan du prøvar å samle flest mogleg poeng, berre for å kjøpe deg nye oppgraderingar som snur heile opplevinga på hovudet igjen.
Epleslang er berre eitt av fleire minispel som vil legge beslag på tida di og koste deg løna arbeid i dette spelet som ikkje veit kva det vil vere, men er stolt av det.
Frå eplselang til fisking, til graving etter gull, og tilbake til det rollespelet du trudde var der. I det eigentlege spelet vandrar du rundt i ei litt grell verd der du fjerne mørkret, plukkar med deg nye følgjesvener, kjempar i stadig meir autmatiserte kampar, og blir stadig sterkare, mektigare, og til slutt uovervinneleg.
Etter alt for mange timar i dette spelet er eg enno ikkje noko klokare på kva sjanger dette skal kunne kastast inn i, alt eg vil er at eg vil ha meir no!
8/10
Har du spelt noko sært og annleis denne månaden? Fortel oss i kommentarfeltet.