25
Anmeldelse

Keeper

Digital kunstinstallasjon

Keeper er eit sært, nydeleg og unikt spel laga av spelbransjens særaste gjeng.

Det er fint då.
Øystein Furevik/Gamer.no

Eg trur kanskje ingen andre enn Double Fine kunne ha laga dette spelet. Det framstår som noko som har blitt kokt fram av nokon som kanskje har plukka feil sopp på tur i skogen, og no ser ting ingen andre nokon gong har sett før.

Ein kan kanskje seie det same om dei fleste spela Double Fine lagar, men Keeper tek det heile til nye nivå.

I dette spelet trer du inn i rolla som eit fyrtårn. Ein vakker dag vaknar du til liv, gror bein, og byrjar å vandre. Ein svær fugl med fire bein og hale blir med på turen, og hjelper deg der den må. Saman ferdast fyrtårnet og fuglen gjennom ei verd henta ut av akvarellmåling og målingsspann som har blitt tilfeldig kasta ned frå eit (fyr)tårn, før målinga som av eigen trassig vilje likevel har meistra kunsten å skape noko pent, vakkert, og vanskeleg å vri blikket bort frå.

Med lys kan vondt fordrivast.
Øystein Furevik/Gamer.no

Bli lys, tenkte fyrtårnet

Det er ingen ord i Keeper, men du skjønar likevel godt kva som skjer. Fyrtårnet er på veg, mot fjella, for der det noko gale som herjar. Eit fyrtårn har ikkje mange verkty, men det har lys, og er det noko denne verda ser ut til å trenge, er det lys.

Du vandrar, badar verda rundt deg i lys, får planter til å gro, og skugganes vekster visnar og døyr. Ved å lyse på ting skapar du ein veg vidare, og med hjelp frå fuglen kan handtak sveivast på, dører opnast, og ting flyttast på når lys aleine ikkje er nok.

Dei er ein fin duo, og spelet formidlar på vakkert vis korleis bandet mellom dei to blir sterkare. Det er ikkje ei enkel reise for andre enn spelaren. Keeper er ikkje utfordrande, sjølv om fyrtårnet fell ned, delar fell av, og det må klatre opp skråningar og gjennom uver.

For spelaren er det derimot rett fram. Ein sjeldan gong sit du kanskje fast i kort stund, men det er ei kort stund. Dei fleste hindringane i din veg er veldig sjølvforklarande, og du fjernar dei lett. Lys her, send fuglen dit, gå dit, gjenta.

Det høyrest keisamt ut, men det er ikkje det. Dette spelet har nerve, og på sin sære måte fortel det ei historie som dreg spelaren inn.

Venskapsmål.
Øystein Furevik/Gamer.no

Heilt unikt

Det visuelle er kanskje den viktigaste ingrediensen i Keeper. Dette er eit vakkert spel, men ikkje vakkert på den måten vi ventar frå spel. Det er vakkert som kunst på eit museum, eller konseptbileta som nokre gongar ser mykje betre ut enn spela dei skal inspirere. Keeper er konseptkunst, det brukar låste kameravinklar til maksimal effekt for å vise deg nøyaktig det kunstnarane vil du skal sjå.

Det heile er nøye regissert, nøye planlagt, og ved å vere slik oppnår det ting andre skel berre kan gløyme, når spelarens fridom er prioritet nummer ein går andre ting tapt. Her går fridom tapt, til fordel for ei nøye planlagt reise.

Keeper har sjel, det er levande, og det har noko heilt eige ved seg. Det ligg i det visuelle, i dei eksplosive fargane, korleis satureringa endrar seg frå stad til stad, men det ligg òg i korleis spelet er animert, og ikkje minst korleis animasjonen endra seg etter situasjonen. Ingenting er statisk her. Å sjå fyrtårnet vandre varierer etter terreng, etter ver, etter kva som skjer.

Nokre gongar mistar fyrtårnet balansen, og du må jobbe for å kome deg vidare, andre lenar det seg framover gjennom ein hard storm. Det er så uttrykksfullt at ein lett gløymer at store delar av spelet berre handlar om å gå.

Dette speket kommuniserer sterkt utan ord.
Øystein Furevik/Gamer.no

Er det noko meir her då?

Keeper handlar om å gå. Det handlar om å få fyrtårnet framover, men det skjer likevel mykje på vegen. Etter distansar med vandringa som fungerer som eit forteljarteknisk grep, møter du nye utfordringar. Det blir aldri veldig komplekst, men ein stad måtte eg til dømes skru tida fram og tilbake for å opne vegar slik at eg kunne kome fram til ein stad der hovudgåtene låg.

Det kan likevel bli litt mykje gåing, og sjølv om spelet bere varar nokre timar blir det litt einsformig. Eg trur utviklarane ser det sjølv, for eit stykke ut i spelet endrar det heile seg radikalt. Det spelet du har spelt blir noko anna, sjølv om dei primære funksjonane er på plass. Enda seinare endrar spelet seg igjen, og det du no spelar har knapt noko anna enn ein visuell stil til felles med det spelet du starta.

Eg vil ikkje gå inn på kva som skjer, for det er ei så god overrasking at det nesten blir å øydeleggje moroa om eg skulle avsløre det.

Det er ei nydeleg avslutning på eit spel som fortel ei annleis historie, og der ein sit igjen med noko unikt, varmt og spesielt når ein omsider er ved vegs ende.

Fugl og tårn må samarbeide for å kome vidare.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

Keeper er eit svært godt døme på kva spel kan vere, og at det ikkje finnest reglar for kva dei skal vere. Det er eit uhyre kreativt spel eg er glad finnest.

Det er eit enkelt spel alle kan klare å spele, du får få instruksar, så og seie alt er intuitivt, og spelet krev ikkje mykje av deg. Om du er ein gammaldags eventyrspelar som forventar at spel skal ha utfordringar, skal vere vanskelege, og at du skal sitje fast i lengder om gangen, er ikkje dette for deg.

Keeper er meir for ein interaktiv oppleving å vere. Ein digital kunstinstallasjon om du vil. Du får ta del i noko andre har skapt, og du får legge ut på ei magisk reise du ikkje kan få oppleve nokon annan stad. Kva så om alt du gjer i periodar er å dytte på analogstikka? Det er ikkje det som er poenget, poenget er det som skjer rundt deg. Det fyrtårnet og fuglen blir utsett for, og den verda dei prøvar å redde.

Du blir eksponert for det eine vakre og stemningsfulle inntrykket etter det andre, og nokre gongar er det alt ein treng.

Keeper er ute no på Xbox Series S/X (testa) og Windows.

0
Keeper
Blant årets særaste og vakraste spel.

Siste fra forsiden