Kommentar

Nvidia RTX 5090

Skjerm­kort i «Early Access»

Ver så snill. Slutt å lansere ting som ikkje er ferdige.

Den siste veka har me hatt PNY sitt RTX 5090 RGB OC i testmaskinen vår. Eg syns nesten synd på PNY.
Mikkjell Lønning

Lan­se­ringa av Nvidia sin Blackwell-serie har vore ein svært, svært trong fødsel.

Me fekk vårt første RTX 5090-kort for omtrent ei veke sidan, som eigent­leg skulle kome i posten i for­kant av lan­se­ring. Slik er det av og til.

I mel­lom­tida har eg som testar vore vitne til den totale fias­k­oen rundt lan­se­ringa:

  • Svarte, blin­kande skjer­mar
  • Skjerm­kort som tar fyr, straumkontaktar som smeltar
  • Galopperande prisar
  • Skål­tomme lager­hyl­ler
  • Skjerm­kort som rett og slett mang­lar delar av maskinvaren. Her har Nvidia sagt at dei skal erstatte kort med manglande ROP
  • Skuf­fande yting
  • Håp­laus mark­nads­fø­ring

Og denne lista kunne vore endå lengre.

Eigent­leg var planen å pub­li­sere vår test av RTX 5090 i dag. Det kjem me ikkje til å gjere. Eg har hatt så mykje trøb­bel med dette kortet, at eg er usik­ker på om dette berre er drivar­krøll eller om det fak­tisk er noko gale på maskinvarenivå med te­stei­ninga vår.

Eg kan gi eit lite inn­blikk i opp­le­vinga mi. Kvar gong eg star­tar eit nytt spel, brukar skjerm­kor­tet fleire minutt før det leve­rer ytinga det eigent­leg skal. Eg anar ikkje kva som er årsaka, for all data ser normal ut frå sen­so­rane, men det gjer i alle fall at mange av test­resul­tata er ubru­ke­lege.

Lyden i Win­dows skur­rar som eit uvêr kvar gong eg gjer noko på PCen. Det skjer ikkje like ofte med hovud­te­le­fo­nar, men om eg koplar til ein høg­ta­lar, kjem naboen ban­kande på døra og lurer på kva i alle dagar eg held på med.

Kvar gong eg star­tar data­mas­ki­nen min, frys sys­te­met i fleire minutt. Akti­vi­tets­loggen gir meg tusen­vis av feil­mel­din­gar i sekun­det frå skjerm­kor­tet, og speler eg lenge nok, får eg blå­skjerm.

I Forza Motor­sport er min RTX 5090 opptil 30 pro­sent trei­gare enn for­gjen­gar RTX 4090, og i fleire spel er bilde­flyten for­styrra av tidvis skyhøg bilde­tid og irri­te­rande hak­king.

Då Kingdom Come: Deliv­er­ance II krasja for meg for tredje gongen i går, var ytinga hal­vert då eg starta det opp igjen.

Alle desse prob­lema for­svinn når eg skif­tar skjerm­kort.

Derfor ventar me med pub­li­se­ring.

For vår eigen del er det sjølv­sagt kjek­kast å vere klar innan sper­re­fris­ten, men no som me uan­sett er for­seinka, kan me like greitt vente til Nvidia har under­søkt ein del av det me melder om.

Det er jo ingen som får tak i eit RTX 5090 no uan­sett.

Te­stei­ninga vår skal i teo­r­ien ha ein pris på 28 839 kroner, men kva det fak­tisk blir i nett­bu­tik­kane, har eg ikkje snø­ring på. Det gjer det også håp­laust å sette ein karak­ter.

Det er leit at Nvidia har tulla det til så veldig for seg. AMD har i alle år hatt eit rykte for å levere dårlege drivarar, mens Nvidia har vore kjend for kvalitet.

RTX 50-lanseringa snur dette på hovudet. Ryktet deira er øydelagd.

Eg er ikkje ferdig med tes­tinga mi med RTX 5090, men sjølv ein månad etter lan­se­ring kan eg fram­leis støtte meg på anmeldarkorpset her. Dette er ikkje eit godt kjøp.

Skjermkortet er heller ikkje ferdig. Betre dri­va­rar, nye opp­da­te­rin­gar i spel og BIOS-opp­da­te­rin­gar vil sik­kert fikse det meste etter kvart. Men me er ikkje der enno.

RTX 5090 følast som ei slags Early Access-lan­se­ring av eit skjerm­kort.

Tapte du dei første slaga om å få bestille RTX 5090, så bør du ikkje bekymre deg for mykje for det. For her bør ein vente. Lenge.

Ledige stillinger

Siste fra forsiden