25
Anmeldelse

Final Fantasy Tactics: The Ivalice Chronicles

Frustrerande bra

Ein klassikar er tilbake, betre enn nokon gong.

Final Fantasy Tactics: The Ivalice Chronicles er no lansert. Difor løftar vi fram vår omtale av spelet.

Final Fantasy Tactics er snart 30 år gammalt. Dette spelet er ein bauta, og var med på å definere Tactics-sjangeren med rollespel der vi møter fiendar på at rutenett, og kjempar herleg utfordrande kampar i tur og orden.

For mange har Final Fantasy Tactics ein spesiell plass. Under rollespellegende Yasumi Matsunos kontroll skapte det som då var Squaresoft eit taktisk rollespel med ei robust verd, og ei djupt engasjerande historie om venskap, krig, bedrag og konflikter som berre kan oppstå når folk både elskar og hatar kvarandre i like mengder.

No har Square Enix pussa opp spelet. Sjølv om kjeldematerialet har forsvunne, har dei bygd opp att spelet, bit for bit, og presenterer i Final Fantasy Tactics: The Ivalice Chronicles to versjonar av same spel. Ein gammal, og ein nye.

Final Fantasy Tactics har ei knakandes god historie.
Øystein Furevik/Gamer.no

Kva vil du ha?

Før du set i gong får du valet om å spele originalversjonen av Final Fantasy Tactics i War of the Lions oversetjing, eller den nye og forbetra versjonen. Kva du vil spele er heilt opp til deg, men det er den nye og forbetra versjonen av spelet vi har kika på. Originalen har vi tross alt sett før.

Det første ein merkar seg er naturlegvis at utviklarane har pynta litt på grafikken. Mykje har dei ikkje gjort, men det gamle PlayStation-spelet har fått seg eit lite løft med oppskalerte teksturar, nye lyseffekter og animerte portrettbilete. Det ser pent ut på sitt nostalgiske vis, men eg skal ikkje nekte for at eg gjerne hadde tatt i mot litt meir innsats akkurat her. Til dømes kunne utviklarane godt å reinteikna portrettbileta, i staden for å berre oppskalere dei i klassisk KI-stil.

Etter dette vil gamle kjenningar av spelet raskt merke seg det nye stemmeskodespelet. Det er lett å bli skeptisk når ein skal gi stemmer til spel som aldri har hatt det, men hjelpe meg for ein jobb Square Enix har gjort her. Ikkje berre har dei hyra inn skodespelarar som passar perfekt inn i ikkje berre rollene sine – men også i verda. Dei har òg fått lydbiletet til å kile øyret på nøyaktig same måte som dialogen i Final Fantasy XII, eit spel som òg utspelar seg i verda Ivalice.

Stemmeskodespelet er eit av dei absolutt høgdepunkta ved denn utgåva av spelet, som no kan spelast på alt av plattformer. Final Fantasy Tactics er eit spel med ei sjeldan god historie. Det er eit spel ein kan spele for historia aleine, og dialogen er fordømt god. At den no blir løfta til nye høgder av skodespelarar som ser ut til å genuint bry seg om det dei driv med, er ein draum som går i oppfylling.

Historia i Final Fantasy Tactics har alltid vore i ein klasse for seg, men no er den enda eit hakk betre.

Du kan justere synsvinkelen litt.
Øystein Furevik/Gamer.no

Utfordring for alle

Under panseret har utviklarane gjort mange små og store endringar og forbetringar. Ei av dei er at du no kan velje vanskegrad. Om du vil ha ei enklare oppleving berre for å nyte historia kan du det no, men om du vil ha enda meir å bryne deg på, er det fullt mogleg.

Ikkje at Final Fantasy Tactics er eit lett handterleg spel. Dette er taktikk på sitt beste. Det er eit spel der du ikkje berre må tenkje over kvart einaste trekk, du må planlegge framover. Du må tenkjer nøye over korleis du skal bygge opp soldatane dine, kva roller dei skal ha, kva eigenskapar dei skal ha, og om ikkje det var nok, kor mange du skal ha.

Spelet kan bli brutalt vanskeleg veldig fort, og det kan vere mange grunnar til akkurat det. Kanskje er du rett og slett ikkje sterk nok, og må kjempe nokre ekstra kampar før du kjem deg vidare i historia, eller kanskje du har valt feil eigenskapar for kvar du er i spelet.

Alle krigarane i spelet vil til ei kvar tid tilhøyre ein klasse, og du er fri til å byte klasse som det passar deg. I kamp vil krigarane tene poeng dei kan bruke til å kjøpe eigenskapar frå dei ulike klassane, og du kan fritt slå på akkurat dei eigenskapane du sjølv vil. Om du har ein riddar, kan han få ein eigenskap frå ein munk som lar han få helse av å gå, og frå kjemikarane kan han få evna til å bruke helsedrikk når han tek skade.

Det er mykje å tenkje på, og ei av dei store gledene ved dette spelet er å oppdage korleis alt heng saman. No har i tillegg spelet fått ein funksjon der du kan sjå eit utviklingstre som viser kva klassar du må bygge opp for å låse opp nye.

Du kan no velje om du vil i tilfeldige kampar eller ikkje.
Øystein Furevik/Gamer.no

Betre på alle punkt

Det er i kamp det meste av forbetringar kan merkast, men dei kan merkast allereie før ein kamp utspelar seg. Til dømes kan du no velje å stikke av frå ein kamp som dukkar opp på verdskartet. Eg vil absolutt anbefale å kjempe alle slag du kan sidan du garantert vil trenge erfaringa, men om du berre vil handle nytt utstyr før du krigar igjen, er det eit fint tillegg.

I kampane finnest det fleire endringar som gjer livet litt lettare. Til dømes lagrar spelet kontinuerleg gjennom slag, noko som kjem godt med om du brått hamnar i ein situasjon du godt kunne ha unngått. Du kan sjølvsagt starte kampen på ny, men då må du gjerne gjennom mykje dialog du allereie har vore gjennom.

Det er her ein av dei kanskje beste nye funksjonane kjem inn. No kan du halde inne ein knapp for å få tida til å gå raskare. Den kan du halde inne medan folk snakkar, og du kan halde den inne for å få både fiendens og dine eigne turar til å gå raskare. Mange eldre spel var trege av natur, og at nye versjonar no nesten har som standard at du kan spole tida er utelukkande positivt.

Om det er ein ting eg saknar i dette spelet er det at musikken godt kunne fått litt ekstra kjærleik. Den er nøyaktig den same som den var i 1997, og det er for så vidt greit, men å få musikken til Hitoshi Sakimoto framført av eit orkester hadde vore den perfekte prikken over i-en.

Menyane er lettare å bruke enn før.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

Final Fantasy Tactics: The Ivalice Chronicles er den beste versjonen av eit legendarisk spel. Det er det ingen tvil om. Det er eit frustrerande bra spel. Frykteleg bra, frykteleg engasjerande, men og tidvis frykteleg vanskeleg. Det er ein frustrerande stabeis som kan knekke deg på kort varsel, men som bygger deg opp igjen når du omsider klarar å overkome utfordringane.

Denne versjonen av spelet gjer heile opplevinga betre. Heile brukaropplevinga er smidigare og lettare i bruk, men både små og store endringar gjer mykje for å gjere sjølve spelet trivelegare å spele.

Det absolutte høgdepunktet for min del er likevel skodespelet som no er på plass. Det løftar den allereie fantastiske historia til nye høgder, og får det meste rundt seg til å sjå ut som amatørmessig skvip. Kvifor får vi ikkje meir slikt? Kvifor må vi ta til takke med fanservice og kjipe ungdomsheltar som klarar alt med to armar på ryggen, når vi kunne fått meir drama, konflikt, desperasjon og tragedie av aller beste sort?

Final Fantasy Tactics har aldri vore betre, om du ikkje veit kva du har gått glipp av, er tida er moden.

Final Fantasy Tactics: The Ivalice Chronicles er ute no for Nintendo Switch, Nintendo Switch 2, PlayStation 4, PlayStation 5 (testa), Xbox Series S/X og Windows.

0
Final Fantasy Tactics: The Ivalice Chronicles
Eit av dei beste spela i sin sjanger.

Final Fantasy Tactics: The Ivalice Chronicles

Siste fra forsiden