Anmeldelse

The Precinct

Medan vi ventar på GTA VI

Om du har ein draum om å jage kjeltringar gjennom ein 80-talsby er dette spelet for deg.

Tenk deg tilbake. Til 1983. Året då Thriller av Michael Jackson herja hitlistene, TCP/IP-protokollen blei innført, Return of the Jedi gjekk på kino, og Nintendo lanserte Nintendo Famicom i Japan.

Sjå føre deg mørke kveldar med enda mørkare gater. Neonlys speglar seg i våt asfalt, og mobiltelefonar er byta ut med telefonkioskar. I denne verda tek du på deg rolla som den unge politimannen Nick Cordell. Han er son av ein høgt respektert politimann som mista livet i aktiv teneste, og du har følgjeleg store sko å fylle. Åstaden er Averno City, ein by full av kjeltringar og avskum.

Din jobb er naturlegvis å rydde opp i kriminaliteten og vere med på å få skikk på dei stadig vaksande problema byen står ovanfor.

Averno City osar av stemning.
Øystein Furevik/Gamer.no

Frys!

The Precinct hentar mykje inspirasjon frå Grand Theft Auto-serien. Ikkje så mykje dei nyare spela, men om vi ser langt nok tilbake, til før Grand Theft Auto 3 snudde verda på hovudet, er vi tilbake i det terrenget The Precinct likar seg i. Vi følgjer Cordell i fugleperspektiv medan han vandrar gatelangs, skriv ut parkeringsbøtet, jagar etter vandalar, eller stoppar eit forsøk på ran eller to. Det blir mykje køyring, ein del skyting, og etter kvart får du ta alle dei bilane du vil. Forskjellen er at du er ikkje skurken denne gong.

Saman med sin partner Kelly køyrer Nick Cordell gatelangs i eit stadig større utval politibilar, svarar på varsel om kriminalitet, og kanskje stoppar for å få seg ei pølse i brød no og då. Er du riktig heldig får du sitje i helikopter for å flombelyse idiotane som trur dei kan stele ein bil og kome seg unna med det.

Om noko skjer er oppskrifta for det meste den same; finn den skuldige, legg han eller ho i jarn, og ta dei med til stasjonen. Det er god moro, og spelet byr på ei god blanding brotsverk for deg å handtere. Mange stoppar opp berre du ropar til dei, andre spring. Om folk motset seg arrest kan det bli lange jakter etter folk som spring inn gjennom smug, klatrar over gjerde, eller går til fysisk angrep på deg om du kjem for nær. Når du får tak i dei legg du dei i bakken, får på handjarn, les rettane deira, sjekkar ID, noterer ned kva dei har gjort, og sender dei av garde med næraste politibil.

Du kan vere så detaljert du vil her, og notere ned kvart eit lovbrot du meiner den mistenkte har utført, men det tek tid, og lagar rom for feil. Alternativt kan du autmatisere heile prosessen, slik at det går raskare, og du kan gå vidare til neste lovbrot kjappare.

Kul gjeng, synd vi ser lite til den.
Øystein Furevik/Gamer.no

Politi og røvar for vidarekomne

The Precinct er på sitt sterkaste om nettene, når du reiser rundt i Averno City med eit herleg lydspor som blandar 80-tals poppmusikk og Vangelis i Blade Runner-modus. Det er vanvittig stemningsfullt, og det blir tidleg tydeleg at den verkelege hovudpersonen i The Precinct er Averno City. Noko av det finaste du kan gjere i dette spelet er å berre køyre roleg langs gatene ei mørk natt medan musikken lagar det perfekte neon noirske bakteppe.

Ei verkeleg historie er det verre med, og det er veldig synd. Det er mykje potensiale i dette spelet som aldri heilt blir innfridd. Historia er tynn, og gjer lite ut av seg, og eg undrar meg over kvifor. Dette spelet byr på det perfekte utgangspunkt for eit spel som leikar seg med klassiske klisjear og stereotypar. Vi møter tidleg eit lovande knippe individ, frå harde politimenn med skarpe kommentarar, slitne etterforskarar, pene damer i strame uniformer, og mykje meir.

Så raskt spelet er skikkeleg i gong ser du dei knapt igjen, og det er eit merkeleg val. Spelet tryglar og ber om meir historie, fleire dialogar mellom kollegaer, eller noko så enkelt som at Cordell og Kelly pratar om skit og ingenting medan dei køyrer bil. Berre ein radiostasjon eller to hadde gjort utruleg mykje for å selje denne verda som noko anna enn eit kunstig bakteppe for digital leik.

I staden får vi hard lærdom i at ein ny dag på jobben ofte er veldig lik den førre. Kvar morgon vel du eit skift. Kanskje skal du vere parkeringsvakt, eller patruljere til fots, i bil eller frå helikopter. Felles for alle er at du kontinuerleg kjem over pågåande lovbrot der du kan velje å gripe inn.

Sånn kan det gå.
Øystein Furevik/Gamer.no

Gjer du det godt samlar du inn erfaringspoeng som gir deg tilgang til nye område, nytt utstyr, og poeng du kan bruke for å låse opp eigenskapar som forbetrar Cordells prestasjonsevne.

Slik går dei fleste dagane, og ein sjeldan gong dukkar det opp større saker, men reint praktisk betyr det lite anna. Du køyrer til ein destinasjon, ser deg litt rundt, og får ein kort dialog med ein etterforskar eller skurk. Du får aldri verkeleg delta, og det er ganske synd, for eg vil meir. Eg vil spelet skal la meg gjere meir, men i staden for å bruke tida mi på å knerten gjengane i byen, eller finne ut kven denne teatermordaren er, må eg bruke tida på å stoppe vandalar og dopseljarar medan eg håpar eg snart blir oppringt om noko viktigare.

Aktivitetane i seg sjølv er moro dei, for all del, men ein kan ende opp med ei kjensle av at spelet står stille, og ikkje er på veg nokon stad.

Bortkasta potensiale

The Precinct har veldig mykje bra i seg, men det er eit spel prega av at det kunne ha vore veldig mykje meir. Eg kosar meg til dømes når eg må i skytekamp med skurkar som ikkje vil overgi seg. Det er ikkje komplekse saker, men det byr på eit sunt avbrekk frå å patruljere byen. Det skjer endeleg noko og ting står på spel, men ting står på spel alt for sjeldan.

Enda verre er det med bilkøyringa. Det er lenge sidan eg har handtert noko verre. Å måtte svinge bilen er livsfarleg, for du veit aldri kva som skjer. Enten går det greit, eller så svingar du som om du køyrer på såpelagd glattis, sklir ut av vegen, inn i andre bilar, rullar rundt og hamnar på ryggen. Handteringa av køyretya i dette spelet er så vinglete og ustyrleg at eg ikkje har erfart verre sidan eg sjølv var på glattkøyring.

Biljaktene som burde vere eit av spelets absolutte høgdepunkt endar opp som endelause scenario der politimannen påfører byen langt meir skade enn ein kriminell nokon gong kunne ha håpa på. Ekstra irriterande blir det når skurken køyrer som ein gud, kan snu på ein femøring og kontinuerleg demonstrerer køyreeigenskapar på overmenneskeleg nivå. Det spelar inga rolle kor mange politibilar du har tilkalla, og at skurken er omringa, han kjem seg ut.

Kvifor ikkje gjere køyringa artig? Gjer den unaturleg og overdriven som klassiske arkadespel eller Mario Kart. Det burde vere moro, men det er ikkje det.

Det er litt Blues Brothers-fakter over dette her.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

The Precinct er eit for det meste artig spel som har potensialet til å bli mykje meir. Fundamentet som er på plass her fungerer godt. Eg likar å jakte flest mogleg skurkar i løpet av eit skift for å klatre enda meir i gradene, låse opp nye bilar, eigenskapar og område å patruljere. Det er bra med variasjon innanfor rammene spelet har bygd for seg sjølv.

Det eg saknar eg ei god historie. I starten skapar spelet eit inntrykk av at du skal få servert eit måltid, men alt du eigentleg får er små smakebitar her og der.Det framstår nesten som om The Precinct først og fremst er bygd opp av fyllstoff, i fråvær av ei meir gjennomtenkt og forseggjort historie.

Akkurat det er frykteleg synd, for eg er heilt sikker på at The Precinct har potensiale til å bli noko heilt spesielt om figurane i denne verda hadde fått meir spelerom.

The Precinct er i sal no for PlayStation 5, Xbox Series X (testa) og Steam.

6
/10
The Precinct
Så mykje utappa potensiale at ein kan bli trist.

Siste fra forsiden