Britiske Supermassive Games har bidrege på alt frå LittleBigPlanet til Killzone, men det dei er absolutt best kjende for er grøssarspela sine. Dei har gjort interaktive skrekkfilmar til ein eigen sjanger, og der du elles irriterar deg over dei dårlege vala til stakkarane i ein skrekkfilm, får du her lov til å ta dei sjølv.
Under fana The Dark Pictures Anthology har Supermassive Games produsert ei rekke skrekkspel, men eg vil tørre å påstå at Directive 8020 godt mogleg både er det mest interessante, og det mest ambisiøse.
I dette spelet blir vi med på ei romferd til ein fjern planet i skipet Cassiopeia. Målet er ikkje noko mindre enn å sikre menneskeheitas framtid, og ein kan seie litt står på spel.
Det tek likevel ikkje lange tida før ting byrjar å gå gale. Ein romobjekt, mest sansynleg ein meteoritt, banar seg veg inn i skipet og tvingar fram reparasjonsarbeid dei to stakkarane som ikkje framleis ligg i cryosøvn må ta seg av.
Snart byrjar mannskapet å gjere rare ting, ein etter ein, og eit farleg mysterium byrjar å utfalde seg.
Klassisk romskrekk
Supermassive Games prøvar ikkje å finne opp krutet på nytt med Directive 8020, men satsar alt på å levere eit spanande romeventyr der alle dei viktigaste ingrediensane er på plass. Først og fremst introduserer spelet oss for eit solid persongalleri med veldig ulike folk som alle på sine måtar er likande eller lette å relatere til. Det er noko å like og mislike i alle.
Dette mannskapet får vi styre gjennom spelets mange utfordringar. Om du ikkje har spelt eit spel i The Dark Pictures Anthology-serien før, er det greit å vite at dette ikkje er eit tradisjonelt spel. Det er meir for ein interaktiv film å rekne, og spelet skiftar mellom lengre sekvensar med dialog der du ein og annan gong får ta eit val om kva ein person skal gjere eller sei, til sekvensar der du kanskje må vandre rundt i skipet, fikse noko, eller snike deg unna noko som vil deg vondt.
Directive 8020 er først og fremst laga som ei oppleving der du skal få erfare ei historie. Inngangsterskelen er låg, og det er eit spel som krev svært få ferdigheiter frå spelaren. Nokre gongar må ein trykke kjapt på rett knapp til rett tid i filmatiske sekvensar, men det er omlag så utfordrande det mekaniske blir.
Fokuset her er i staden på å få deg til å ta val, bestemme deg for kva du vil hovudersonane skal gjere, og eventuelt spole tida tilbake om ting går skeis, slik at du kan få med deg fleire potensielle utfall.
Ei annleis utfordring
Før vi startar spelet møter vi eit kritisk val; kva vanskegrad vi vil bryne oss på? Directive 8020 byr deirmot ikkje på vanskegrad slik flest tenker på den. Det er ingen helsemålar her, ingen kampsystem, ingen meistring ei vanskegrad kan gjere verre eller enklare.
I staden vil val av vanskegrad la deg enten spole tida tilbake og prøve andre måtar å gjere ting på, eller la alt vere permanent. Det betyr at om nokon døyr er ikkje spelet over, det held fram, men denne personen er borte, og kjem aldri tilbake. Spelet er berre over om du kludrar det til, og alle saman døyr.
Det er ein spanande måte å spele på, og det er freistande å eksperimentere med ulike utfall, men eg vil likevel tilrå deg å ikkje gjere det. Å sjå konsekvensane av dårlege val, eller å vere litt for treg når det gjeld som mest er dei tinga som skapar dei mest minneverdige augenblinka i spelet. Å kjenne eit bittert tap er ei god kjensle som gjer deg meir på vakt seinare.
Eit døme på ulike utfall kom tidleg i spelet då eg eigentleg hadde gjort alt riktig, og fullførte det første kapitlet. Eg hadde klart å snike meg bort frå ein farleg figur som jaga meg gjennom skipet, og kome meg i sikkerheit. Akkurat her rota ein teknisk feil det til for meg, og insisterte på at eg hadde fullført spelet, noko som tvinga meg til å gå tilbake til eit tidlegare vendepunkt.
Eg lot skapningen finne meg, personen eg spelte døydde, og brått var han som kunne ha vore med vidare borte. Spelet fortsette, og dødsfallet blei eit viktig tema.
Iskalde grøss
Eit spel som dette er heilt avhengig av ei god historie. Det er den som driv heile spelet. Om du tenker spel skal spelast, punktum, er ikkje dette for deg. Her finn vi lengre sekvensar med dialog, hendingar og action der nokre av dei byr på val, før du får kontroll gjennom lengre eller kortare seksjonar før det igjen er tilbake til meir interkativ film.
Det er ikkje for alle, men Supermassive Games har gjort dette i lang tid, og det er tydeleg at dei kan faget sitt. Dette er ei av dei mest engasjerande spelhistoriene eg har spelt på ei stund. Den har god driv, gode rollefigurar, dramatiske og spanande hendingar, og du får verkeleg kjenne på at når noko går skeis, får det store konsekvensar.
At spelet er sikkeleg lekkert er ein solid bonus som dreg det heile opp til eit ekstra høgt nivå. Figurmodellane er nydelege, og for det aller meste svært godt animerte. Nokre gongar glir det heile litt over i uncanny valley, og spesielt i dei mest emosjonelle og dramatiske scenene saknar eg ørlitt med mimikk hos hovudpersonane. Tenk skodespelar med meir botox enn blodsirkulasjon som skal hyle og skrike, og du er på rett spor.
Alt blir uansett dratt i land av sterke skodespelarpresentasjonar som vekker heile mannskapet til live på ein eksemplarisk måte. Skodespelet er så pass overbevisande at eg gjerne vil sjå meir av desse folka, gå tilbake, og spele om igjen spelet for å sjå kva som kunne ha skjedd.
Konklusjon
Directive 8020 er som å spele gjennom ein fersk TV-serie om eit romskip der alt går gale. Vi møter eit spanande og velutvikla mannskap som gjer sitt beste for å finne ut av kva som skjer, og det er alltid du som sit ved spakane når harde val må takast.
Først og fremst er dette ei forteljing, og det er ei forteljing om folk som sakte, men sikkert mistar tilliten til kvarandre, og trur alle rundt seg kan vere farlege. Dramatikken er nydeleg gjennomført, og det er lett å bli engasjert. At spelet aldri stoppar, men berre held fram om du gjer val som får folk til å dø, får deg verkeleg til å smake på konsekvensane av det å ta feil val.
Vi lærer òg kjapt at det er ganske vanskeleg å vere kjempesmart når tida er knapp og mykje står på spel.
Om du vil kose deg med ein god romgrøssar som kan rundast på to eller tre kveldar, er Directive 8020 eit flott alternativ.
Directive 8020 er i sal 12. mai på PlayStation 5 (testa), Xbox Series S/X og Windows.