Sniktitt

Gigantic

Eit actionfylt MOBA med masseappell

Gigantic kan bli ei real vitamininnsprøyting for MOBA-sjangeren.

Motiga

LOS ANGELES (Gamer.no): Om du synest inngangsportalen for dei fleste spel i MOBA-sjangeren er hakket for høg, er du ikkje aleine. Personleg fekk eg litt avsmak då eg for rundt ti år sidan prøvde DOTA-og trass artige kampar ikkje heilt greidde å finne tolmodet til å lære meg alle dei finare detaljane. Oppskrifter skal hugsast, gjenstandar skal kjøpast, og det tok for mykje fokus frå det eg var der for å gjere.

I åra som har gått sidan den tid har eg vore ganske passivt innstilt til sjangeren, men den siste tida har vi sett fleire spel som prøvar å vere langt meir innbydande for nye spelarar, men som samtidig leverer djupe system og mange timar med engasjerande underhaldning. Eit av desse spela er fargerike og intense Gigantic.

Den visuelle stilen ser fantastisk ut i aksjon.

Som i dei fleste MOBA-spel er målet enkelt; du skal nå den andre sida, og øydeleggje basen til fienden. Greit nok, men om ein kastar to gigantiske monster inn i miksen blir det brått noko anna. For å vinne eit slag i Gigantic må du styrke din eigen gigant ved å drepe fiendar og ta over små minibasar der du kan plassere ut skapningar som kan gjere alt frå å skade fiendar, til å vise deg kvar fiendane er på kartet.

Kvar gigant kan slåast ned tre gongar, og den tredje gongen han deiser i bakken er det over og ut for det laget. På denne måten oppnår spelet ein god balanse der det er nesten umogleg for eit lag å fullt ut få eit overtak. Om du ligg under kan det heile snu seg på kort tid, og sjansen for at folk hoppar ut sidan dei ser slaget er tapt, er difor minimal.

Klar, ferdig, pryl

Gigantic startar enkelt. Du vel deg ein figur basert på kva du likar å gjere i ein kamparena, og kastar deg inn i ein kamp på ei rekke ulike kart. Kvart lag består av fem spelarar, og du ser det heile frå tredjeperson – med mindre du til dømes spelar ein snikskyttar og får gleda av førstepersonvinkelen..

Dei 16 heltane spelet vil lansere med ser alle ut til å by på særs ulike spelestilar. Vi finn den sjølvsagde nærkampkjempa med store og tunge våpen, men òg spretne krigarar som kan halde seg i bakgrunnen og fungere som eit støtteapparat i kritiske situasjonar. Jamt over ser det ut til at utviklarane har gjort ein solid jobb i å lage eit spel som kan passe for dei aller fleste. Det er både hakk og slå-spel og skytespel på ei og same tid, og det kartet eg fekk prøve var glimrande tilpassa både nærkamp og fjernkamp.

Intime møte med motstandarane er naturlegvis det viktigaste i spelet, og det blir raskt tydeleg at spelets progresjonssystem blir svært viktig. Etter kvart som du deltek i kampar og kvestar fiendane vil du samle inn erfaringspoeng som kan brukast til å oppgradere krigaren din. Kvar krigar har ei rekke ulike angrep, og desse kan kjapt og enkelt oppgraderast med kjappe klikk. Kvar gong du skal oppgradere får du to val, og på denne måten kan du spesialisere deg til det du føler passar best for den aktuelle kampen.

Dei massive gigantane er eit viktig element i alle slag.

For ein nærkampskrigar kan du til dømes oppgradere eit angrep til å gjere meir skade, eller til å slå fiendane tilbake, og slik kan du justere krigaren din etter kvart som kampen går sin gong. Alle oppgraderingane blir nullstilte etter at kampen er over, men utviklarane fortel at det likevel vil vere eit overhengande progresjonssystem som vil bere over frå kamp til kamp.

Vidare kan du oppgradere krigaranes passive eigenskapar. Du kan til dømes velje mellom å tole meir skade, eller å gi meir skade. Utviklarane hos Motiga har skrudd saman eit system som i praksis er svært enkelt å få tak på, men som likevel lar deg velje mellom kva du synest er viktig. Om det er viktig for deg å vere bamsen som kan opphalde fiendane lenge nok til at laget ditt får gjort sitt fornødande, kan du det. Om du heller vil valse over kartet for å hoppe til den eine og andre fienden, kan du heller skru helten din i den retninga.

Før eller sidan vil du døy, men i motsetning til ei rekke andre spel med fokus på fleirspelar blir du ikkje tvinga til å vente lenge på å hoppe tilbake i kampen. Dei få sekunda som går mellom du døyr og til du er tilbake, kan kome godt med, sidan du kan bruke desse sekunda på å oppgradere helten. Jamt over gav Gigantic uttrykk for å vere eit spel som held eit svært høgt og stødig tempo heilt utan døtid.

På tvers av plattformer

Les også
Se den første Dark Souls 3-traileren

Gigantic vil gå ut it open beta i august, og vil lanserast på Windows 10 og Xbox One før jul. Med Windows 10 har Microsoft tatt grep for å knyte sterkare band mellom Xbox One og PC, og Gigantic blir eit nytt ledd i denne strategien. Om du spelar på Windows 10 vil du kunne spele saman med dei som heller spelar på Xbox One. Sidan spelarar på PC gjerne brukar mus og tastatur og såleis har betre presisjon på spelinga si, kan du velje å berre spele med folk på same plattform som deg.

Kontoen din vil bli felles for både Windows 10 og Xbox One, og all framgang du gjer på ei plattform vil bere over til den andre.

Gigantic byr på krigarar for ein kvar smak.

Konklusjon

Gigantic var eit av tragisk få spel under årets E3-messe eg faktisk fekk spele sjølv, og såleis kan kommentere på ut av eiga erfaring. Det som sit igjen er eit inntrykk av eit spel med svært høgt tempo som likevel aldri blir overveldande. Det er eit spel som oppfordrar til samarbeid og samtidig gjer det svært tydeleg kvar du bør gå, og kva du bør gjere. Samtidig er det eit spel som trass sine djupe system og varierte figurar vil vere veldig enkelt å kome i gong med, uavhengig av di tidlegare erfaring med sjangeren.

Men mest av alt var det moro, veldig moro. Gigantic er eit spel eg har stor tru på kan bli eit spel der folk kan kose seg saman utan å måtte terpe på eigenskapane sine i timevis først. Samtidig er det eit spel som byr på nok variasjon i figurane til at meir erfarne spelarar vil få nok å bryne seg på. Om du er på jakt etter noko nytt å fylle speletida di med, er Gigantic eit spel du bør halde eit alvorleg vakent auge med.

Har du fått med deg alt E3-stoffet fra Gamer.no?
Sjekk gjerne ut vår E3-seksjon »

Siste fra forsiden