Armed & Dangerous

Du er Roman, banditt av yrke, og profesjonell helt. Med deg gjennom ild og snø er Jonsey, ein moldvarp med forkjærleik for alle typar sprengstoff, Q, ein robot med forkjærleik for te, og sist men ikkje minst, Rexus. Rexus var tidlegare ein vis og klok fyr, men er no ein gal, blind og illeluktande ”mann”. Saman med dette selskapet, blir ei kort og godt patetisk historie lagt framfor oss. Om du tar element frå Monthy Python, og kryssar dei med litt Terry Pratchett og samfunnssatire, er du nesten i mål. Historia, om vi kan kalle den det, går i grove trekk ut på at ein forstyrra konge terroriserar landet, og sjølvsagt er det di oppgåve å leike helt.

Armed & Dangerous tar seg sjølv befriande useriøst. Så useriøst at sjølve spelet forblir ganske uinteressant, og du kun held fram for å få med deg neste filmsekvens. For det er i sekvensane mellom kvart brett underhaldningsfaktoren set inn. Den får deg til å halde ut alle bretta som er smertefullt like i oppbygging. Åtte av ti brett går ut på det same; redde bønder, øydelegge tårn, eller kome deg frå A til B utan å døy. Inni mellom får du også lov til å ta plass i ein kanon for å stoppe alle som nærmar seg. Heldigvis har begge versjonane enkle og presise kontrolloppsett, som gjer det lett å hoppe rett inn i kampens hete utan problem. Har du spelt eit skytespel før, vil du kjenne deg godt igjen umiddelbart.

Ekstrem vanskelegheitsgrad
Med mindre du susar gjennom spelet på lettaste vanskelegheitsgrad, er Armed & Dangerous eit av dei vanskelegaste spela på marknaden i dag. Du har lyst til å springe rett inn i kampens hete, for spelet innviterar deg til det på alle måtar. Dette er i midlertid det dummaste du kan finne på. Dei fleste brett er så stappa fulle med fiendar, enten springande rundt med maskingevær, eller plassert bak mitraljøser eller kanonar, at du dør før du i det heile tatt oppfatta kva som skjedde. Skal du overleve bør du gå fram med forsiktigheit, men dette er absolutt ikkje Splinter Cell. Du vìl springe inn i det komplett kaos, og du vìl sende ein bataljon til himmels med eit stort smell. Resultatet av ein slik taktikk blir prøving og feiling, mange tusen kuler og nesten like mange omstartar. Om du likevel skulle føle at utfordringa er for svak, kan du låse opp nye, og enda meir brutale vanskelegheitsgrader.

Heldigvis kan du lagre spelet undervegs. Dette gjer du sjølvsagt på ein pub. Om helsa di er i ferd med å skrante kan du ordne det her, og du kan få tilgang til nye våpen, eller skifte ut det du har. Alt etter behov. Det er få av desse på bretta, gjerne kun eit, men det er eigentleg ikkje behov for meir. Bretta er ofte små, og det meste skjer i konsentrerte område, ikkje langt frå pub’en. Grunnen til at spelet blir vanskeleg er altså ikkje at det er langt mellom kvar stad du kan lagre. Det er heller den ugjennomtrengelege veggen av fiendar som sprutar ut frå alle kantar av brettet. I byrjinga kan frustrasjonen nå ekstreme høgder over kvar dei alle kjem i frå. Det følest verkeleg som om det kjem to nye når du skyt ein.

Ein del bisarre våpen
Om ikkje antalet fiendar skulle vere nok, så har dei ganske mange forskjellige våpen. Nokre stasjonerar seg på fjelltoppar og plukkar deg ned med brutal presisjon, andre står bak mitraljøser eller kanontårn. Dei andre fiendane tar seg som regel til takke med maskingevær, eller rakettar i eit fascinerande utval. No er det din tur til å tenke deg at du skal inn i alt dette, utan å døy. For å få til dette kan du bruke obligatoriske versjonar av maskingevær, sniper-rifle og rakettkastar. Armed & Dangerous har også ein del bisarre våpen. Eit av dei er ein kanon som skyt ut ein liten hai som veks til full størrelse på kort tid. Andre brukbare våpen er verdas minste svarte hol, og eit apparat som snur heile verda på hovudet ei lita stund. Svært praktisk i situasjonar med eit overveldande antal fiendar.

Sjølv om ein kanskje skulle ynskje det, er du ikkje aleine i kampens hete. Jonsey og Q heng trufast med deg gjennom dei fleste brett, men i realiteten er dei unyttige. Du blir gjerne meir opptatt av å halde dei i live enn å utføre oppdraget ditt, noko som medfører konsekvensen av fleire og hyppigare dødsfall. Du utfører alle oppdrag aleine. Jonsey og Q følgjer berre med deg og skyt på ting når dei dukkar opp. Om du vil kan du gi dei enkle beskjedar som å vokte området, deg, eller enkelt og greit returnere til din posisjon, men nytteverdien deira kan diskuterast. Likevel er dei ikkje heilt håplause. Dei gir spelet den ekstra gnisten som skal til i eit ellers eindimensjonalt spel. Etter å endeleg å overlevd eit fatalt angrep på ein base er det gjerne vanskeleg å bestemme seg for kva ein skal tenke når Q seier: ”Tea, anyone?”.

Ingen fleirspelar-modus
Noko vi saknar i Armed & Dangerous er ein fleirspelar-modus. Spelet skrik etter det, og det er ganske skuffande at ein slik modus ikkje er implementert. Det er likevel kunngjort at det skal kome nedlastbart materiale, noko som kan hjelpe litt på levetida. For å bøte på den manglande fleirspelar-modusen, kan du og låse opp bonusar etter kvart som du spelar. Den beste av desse er eigentleg å kunne sjå filmsekvenasne om igjen, sidan det er noko du garantert kjem til å gjere eit par gongar.

Sidan det stort sett er sekvensane mellom bretta som er av interesse, er det veldig synd at dei er komprimerte i så stor grad at det blir forstyrrande å sjå på. Grafikken viser seg heller ikkje frå si beste side i desse. Modellane er kantete, og teksturane er blasse og utydelege. Visse grafiske glippar viser seg også. Som til dømes kroppsdelar som glir over i kvarandre. Ser ein vekk frå desse manglane er Armed & Dangerous absolutt aksebtabelt. Bretta er fulle av liv og variasjon. Det er først og fremst den kreative designen som er grunn til dette. I staden for flate område utan detaljar, vil du springe gjennom overbevisande skogar og fjellområde. Effektiv bruk av bump-mapping gir også spelet den ekstra gnisten som skal til.

Tamme eksplosjonar - genial dialog
Det spelet manglar er kanskje litt meir flittig bruk av spesialeffekter til eksplosjonar og våpen. Du spring rundt med eit arsenal til og med Rambo hadde vore misunneleg på, derfor er det lett å føle seg snurt når det heile framstår som ganske tamt. Du tenker aldri ”Wow, det der var rått!” når du ser ting eksplodere. Du får aldri følelsen av det heile er ein makt-demonstrasjon frå di side, sjølv om det er nettop det det er, der du pløyer deg veg gjennom fleire titals armear med soldatar. Trass i det til tider overveldande antalet med fiendar, merkar ein sjeldan utslag på framraten.

Armed & Dangerous byr for det meste på lydar dei fleste har høyrt før. Det er typiske eksplosjonar kvar du enn går, men ikkje noko som kan utfordre Surround-anlegget du eventuelt har. Sjarmen til Armed & Dangerous ligg i musikken og dialogen. Musikken er ein slags irsk militærmusikk, som av og til minnar om musikken frå Worms-serien. Det er derimot synd at den er så lit brukt. Du startar eit brett, musikken kjem, for så å forsvinne og kome tilbake sporadisk. I byrjinga kan det verke som om musikken kun er der når det skal vere farleg, men dette viser seg etter kvart å vere feil.

Det som verkeleg er det sterkaste punktet til Armed & Dangerous er dialogen. Du får litt av den i sjølve spelet, enten frå Jonsey og Q, eller frå bønder du har redda frå den galne kongen. Uansett, det er i filmsekvensane at du kan nyte dette spelet. Alle snakkar med erkebritiske akksentar, i størst grad irsk og skotsk. Det einaste unntaket er kongens soldatar som sjølvsagt snakkar gebrokkent tysk. Den så og seie perfekte stemmedrakta til spelet gir verkeleg liv til skriptet, og det hadde på ingen måte vore det same om karakterane i spelet hadde høyrdest ut som om dei alle kom frå California.

Konklusjon
Det er eit problembarn dette her. Det er veldig underhaldande, men sjølve spelet bleiknar i forhold til alt som er rundt. Bretta er for like i oppbygging, oppdraga er dei same, gong på gong, og du føler du har opplev alt etter den første halvtimen. Likevel, det fungerar, det er enkel og grei moro. Du skyt nokre hundre fiendar med eit par tusen skot, reddar nokre stakkarslege bønder og forsvarar byar. Tingen er, vi har sett dette før, mange gongar, og betre. Ein ting er uansett klart, Armed & Dangerous er eit av dei mest morosame og underhaldande spela i nyare tid. Det skal godt gjerast å få det til betre. Star Wars-parodien er du berre nødt til å oppleve. Om du ikkje har noko imot humor som til tider er litt på kanten, skyldar du i alle fall deg sjølv å prøve Armed & Dangerous.

Kommentarer (3)

Forsiden akkurat nå

Til toppen