Anmeldelse

Buffy the Vampire Slayer: Chaos Bleeds

Buffy the Vampire Slayer er historie som TV-serie, men det betyr ikkje at vi ikkje kjem til å sjå meir til gjengen som har bekjempa vampyrar og andre demonar gjennom sju sesongar. Serien har skapt eit enormt univers som har boltra seg gjennom både teikneseriar og bøker.

Side 1
Side 2
Side 3
Side 4

Lite variasjon mellom karakterane
Uansett kva karakter du vel vil det ikkje ha mykje å sei for spelestilen. Unntaket er Willow. Når du spelar som Willow vil du etter kvart få eit aukande arsenal med magi tilgjengeleg, og om du skulle vere i tvil om kva kombinasjonen for kvar og ein av dei er, kan du hente fram ei bok der kombinasjonen for alle magiformlane står. I Willow sitt tilfelle blir det begrensa med nærkamp, sidan du ideelt sett bør prøvd å drepe beista før dei kjem nær nok. Til å gjere dette har du alt frå varmesøkande kuler, til ildkuler.

Når du spelar som dei andre karakterane har ditt val av våpen mykje å sei for utfallet av ein kamp. Økser, slegger og spadar er alle våpen du kan finne om du er heldig. I likheit med forgjengaren tåler eit våpen begrensa med bruk. Kvart våpen har eit helsebarometer som viser kor lenge det har igjen. Slår du med ei øks i eit trangt rom med betongveggar er sjansen stor for at den blir fort øydelagd. Ein funksjon som gjer ting mykje lettare i Chaos er at du no har ein automatisk knapp for å spidde vampyrane.

I forgjengaren kunne det bli ein traumatisk prosess å finne fram staken i visse situasjonar, men no vil eit lett trykk på den svarte knappen automatisk bringe den fram. Dette er ei av diverse forandringar som har blitt gjort på spelbarheita. Ei mindre fornuftig endring er å fullstendig fjerne moglegheita for å gå inn på inventaret. Skal du finne fram noko må du leite deg fram til det med D-paden, for så å velge å bruke det etterpå. Dette gjer spelet unødvendig vanskeleg i mange situasjonar, spesielt i sjefskampar, der du gjerne må finne ei helsepakke opptil fleire gongar.

Om du vurderar å investere i dette spelet bør du vere klar over at det er eit spel som stel tid på ein uforskamma måte. Du må rekne med å bruke mellom 30 og 60 minutt per brett, og at du kun kan lagre spelet mellom bretta har ein tendens til skape irritasjon. Bretta er ganske store, og det er mykje fram og tilbake. No er Sunnydale gjenskapt til minste detalj, så det er ikkje mykje rom for kreativitet i oppbygging av baner, men det hadde vore fint med litt mindre vandring fram og tilbake, for å føre gjenstand A til punkt B. Sidan bretta er så lange, og heller uvarierte er det av og til lett å gå lei.

Ein del baner byr også på det velkjende ?kva skal eg gjere no??-syndromet, noko som gjer ein god jobb i å teste ditt forhold til spelet. Merkeleg nok er sannsynlegheita stor for at du automatisk vil trykke ?Continue? når du endeleg har fullført eit brett. Chaos er eit av den type spel som trass sine feil, presterar å dra deg vidare enten du vil eller ikkje. Størsteparten av grunnen til dette ligg hos eit lett tilgjengeleg kontrolloppsett, og godt gjennomførte kampsekvensar.

Side 1
Side 2
Side 3
Side 4

Siste fra forsiden