EA byr på nye storspel til 149 kroner i månaden

Utvidar Origin Access med premiumordning.

På laurdagens pressekonferanse kunne Electronic Arts fortelje om blant anna Battlefield V, Command & Conquer til mobil, Anthem, FIFA 19, Madden NFL 19, Star Wars: Jedi Fallen Order, Unravel 2 og Sea of Solitude.

EA-direktør Andrew Wilson gav oss òg informasjon om den komande premium-versjonen av Origin Access. Abonnement på EA Origin Access Premier vil gi deg tilgang til dei nye storspel frå EA, samt det ein får med den vanlege versjonen.

Det er allereie mogleg å nyte av ei lang rekkje EA-spel på Origin Access, saman med prøveperiodar på ti timar i nyare storspel. Dette blir utvida med premiumordninga. Prøveperiodane forsvinn, og ein får no fullverdig tilgang til spela.

Les også: Me har spelt både Battlefield V og Anthem »

Få storspel fem dagar før sleppdato

Madden er tilbake på PC.
EA Sports

Tenesta gir deg nye spel fem dagar før dei kjem offisielt ut. I første rekkje er dette Madden NFL 19 frå 2. august, FIFA 19 20. september, Battelfield V 11. oktober og Anthem 15. februar 2019. Dette betyr òg at Madden NFL gjer comeback på PC, som ikkje har vore på plattforma sidan 2008.

Prisen for tenesta ligg på 149 kroner i månaden, eller 999 kroner for eit heilt år. Det vil vere mogleg å avslutte abonnementet på månadsbasis, men ein vil då miste tilgang til spela. Med tanke på at dei fleste storspela til EA kostar godt over 500 kroner, så verkar dette som ein interessant deal viss ein skal bryne seg på til dømes Battlefield V i ein månad eller to.

Det har ikkje kome sleppdato for tenesta enno, men den er venta å dukke opp i løpet av sumaren til konsoll og PC.

Følg med på alle E3-nyheitene på vår samleside »

Siste fra forsiden