Gwent blir eit sjølvstendig spel

Lukka beta byrjar i september.

Etter tusenvis av førespurnadar frå fans har The Witcher-utviklaren CD Projekt RED offisielt annonsert Gwent som eit eige spel. Den nye E3-traileren viser ein oppussa versjon av minispelet, der korta har fått nye eigenskapar.

Spelet vil likne det me kjenner frå The Witcher 3: Wild Hunt, men vil ha nokre balanseendringar. Gwent vil ha ein lukka betaperiode frå september, som ein kan melde seg på frå spelets nettside. Spelet kjem til Xbox One, PC og PlayStation 4, og er gratis på alle plattformane.

Mange av dei kjende korta er tilbake, men med nye eigenskapar.
CD Projekt RED

På same måte som i The Witcher 3: Wild Hunt vil ein kjempe om å få mest poeng, og ein må vinne to av tre rundar. Ein vil kunne kjenne igjen korta og grunnprinsippet, men det kjem nokre endringar.

Gwent med historiemodus

Spelet vil ha ein episodisk historiemodus, som i fylgje utviklaren har val og konsekvensar på lik linje med The Witcher-spela. Historiemodusen tar utgangspunkt i viktige hendingar frå speluniverset, som betyr at me kanskje får me sjå nokre av dei store slaga frå bøkene, som «The Battle of Sodden Hill».

Fire av dei fem faksjonane av stokkar frå The Witcher 3: Wild Hunt kjem til spelet. Nilfgaard har blitt utelatt, men med ein episodisk modell for historiemodusen verkar det sannsynleg at det kjem seinare.

Gwent vil ha ein rangert modus, og ein vil kunne bryte ned kort for å lage andre. Det er enno ikkje klart om dette betyr at spelet vil ha mikrotransaksjonar.

Spionkorta har blitt endra.
CD Projekt RED

Me laga dette spelet for deg, så la oss forme det saman, seier ein av grunnleggarane av CD Projekt RED, Marcin Iwiński. Utviklaren har blitt kjend for å ha eit nært forhold til spelarane sine, og prøver å byggje vidare på dette.

Her kan ein lese om korleis CD Projekt RED involverer spelaren.

Les alle våre nyheiter frå E3 2016 »​

Siste fra forsiden