Nioh 2 er annonsert

Oppfølgjar til actionrollespelet kjem til PlayStation 4.

Etter nyheita om at Nioh har seld over to millionar eksemplar, er det kanskje ikkje så veldig overraskande at me får ein oppfølgjar. Det Dark Souls-inspirerte actionrollespelet blei særs populært både på PlayStation 4 og PC i fjor. Sett til Japan på 1600-talet, jakta me demonar med protagonisten William. Første innslag i serien var under utvikling heilt sidan 2004, med ei rekkje revisjonar før det kom ut.

Utviklar Team Ninja snakka om potensialet for ein oppfølgjar allereie i april i fjor, men det er først no at me får bekrefting.

Nioh 2 blei annonsert med ein kort teaser på Sonys E3-konferanse tysdag morgon. Me har ingen detaljar om spelet enno, men det er sannsynleg at me ser den same modellen med midlertidig eksklusivitet på PlayStation 4. Det gjekk ni månadar frå spelet kom ut på PlayStation 4 til det kom på Steam.

Traileren har eit par hint om kva som kjem til å skje, blant anna at den tilsynelatande protagonisten kan gjere seg sjølv om til ein Yokai, ein av demonane frå det førre spelet.

Les meir om E3 2018 her »

Siste fra forsiden