No blir det farlegare å jukse på Steam

Valve lar utviklarane sjølve bannlyse juksemakarar.

Valve

Jukas og fanteri er ein del av livet, og spelverda er ikkje noko unntak. Om det er mogleg å jukse i eit spel, kan du vere sikker på at nokon der ute vil utnytte det. Om du spelar aleine er det ikkje noko problem, men om ein juksar i spel saman med andre byr det raskt på rettmessig irritasjon blant medspelarane dine.

Valve har lenge hatt sine eigne tiltak mot juksemakarar, men no vil dei gjere det enda lettare å ta affære når nokon juksar eller oppfører seg dårleg. Difor har Valve no gjort det mogleg for utviklarar å bannlyse spelarar frå individuelle spel.

Utviklarar som har blitt godkjende av Valve vil no kunne setje saman sine eigne tiltak for å finne ufine spelarar, før dei så gir beskjed til Valve om at ei bannlysing må til.

Om du skulle ende opp med å bli bannlyst frå eit spel vil du ikkje miste tilgang på spelet, berre moglegheitan for å spele over nette, og/eller byte gjenstandar med andre spelarar.

Betalte modifikasjonar skapte bråk

Betalte midifikasjonar til Skyrim skapte reaksjonar.

Valve har vore i vinden den siste tida grunna eit kortvarig eksperiment med betalte brukarmodifikasjonar til spel. Det heile starta med betalte modifikasjonar til The Elder Scrolls V: Skyrim, og blei møtt med sterke reaksjonar.

Mange reagerte negativt på at ein no måtte betale for innhald som tidlegare har vore gratis, medan andre igjen mislikte betalingsmodellen der utviklarane av dei aktuelle modifikasjonane sat igjen med svært lite av den finansielle kaka.

Det heile enda opp med at Valve fjerna betalte modifikasjonar frå Steam, og gav pengane tilbake til dei som hadde opna lommeboka.

Siste fra forsiden