Anmeldelse

Otogi 2: Immortal Warriors

Er du klar for å slite ut fingrane dine med frenetisk knappetrykking i eldgamle, mytologiske Japan?

Side 1
Side 2

Masskre i lufta Du kan også få fram ein del praktiske triks ved å trykk inn R før du angrip. R-knappen sender deg flygande eit stykke gjennom lufta, og er absolutt nyttig. Sidan fleire av heltane kan utfør dobbelthopp, kan du kombinera flyging og angrep, for å gjere ting som rett og slett er nydelege. Ein siste viktig del er dei forskjellige formene for magi du kan benytte deg av. Det er mange å velje mellom, og riktig val til riktig brett er veldig viktig. Du brukar magi ved å trykke på X, og ved å halde inne X kan du lade opp magien for å bli enda kraftigare. Om du ladar opp magien din kan du også øydelegge omgivelsane dine, eller du kan skape enorme kjedereaksjonar av demonar som flyg inn i kvarandre, krasjar inn i ting, og generelt skapar ei svært koselig atmosfære for alle som likar å sjå ting rase saman.

Omtrent alt i spelet kan øydeleggast. Det einaste som ikkje kan øydeleggast er bakken og fjellveggar. Visse enorme hus du av og til bevegar deg inn i toler også slaga dine, men du forstår poenget? Om det står eit kratt av bambustre mellom deg og målet ditt kan du berre slå deg gjennom, alt saman illustrert med lydeffekter som verkeleg sit der dei skal. Har du eit surround-anlegg kan du verkeleg nyte lyden av alle øydeleggelsane som foregår rundt deg, og samansatt med den fantastiske musikken, er det nesten magisk. Det er få spel som har så god stemning som det Otogi 2: Immortal Warriors har, og musikken tar stor del i æra for det. Den er samansett av tradisjonelle japanske instrument, og rangerar frå mørke og stemningsfulle tonar, til aggressive rytmar som verkeleg pumpar opp adrenalinet.

Oppdraga dine får du akkurat som i Otogi 1. Du veljer kva brett du vil renske for demonar, og kan deretter sjå over kva fiendar du vil finne der. Akkurat dette kan vere ganske viktig, sidan alle fiendane høyrer til eit av fire "hus". Desse husa står for kvar sin type ki (magi, eller indre kraft om du vil), og ved å velje den type magi som er motsetjande i forhold til fiendane sitt hus, kan utfallet av kampar endre seg drastisk. Det er eigentleg ganske enkelt opplegg, men dette er også alt som eigentleg er enkelt med spelet. Vanskelegheitsgrada er til tider til å bli dårleg av, og du kan berre gløyme å bruke kun ein karakter. Alle karakterane blir rangert for kor nyttige dei er på eit brett, og det gir deg ei god anledning til å lære deg å verdsette alle.

Otogi 2 introduserar minispel for serien, og dette er greie omårde å bygge opp karakterane i. Nokre av dei går ut på å drepe alle fiendane innan ein tidsfrist, medan eit anna brett skal ha deg til å passere gjennom fleire portalar utan å vere i kontakt med vatnet. Det er ikkje så lett som ein skulle tru. Det er eigentleg lurt å ta seg tid til nokre av desse, sidan du kan finne nytt utstyr som alvorleg talt kan hjelpe deg vidare i stor grad. I tillegg får du erfaringspoeng, og pengar du kan bruke til å bygge opp karakter som heng litt etter, eller kjøpe nytt utstyr. Erfaringssystemet i Otogi 2: Immortal Warriors fungerar veldig greit, med tanke på at det er seks forskjellige karakterar. Kvar karakter blir sterkare ved å bli brukt, og vil bli betre i sine forskjellige ferdigheiter etter kvart som dei blir brukt.

Konklusjon Otogi 2: Immortal Warriors handlar kun om ein ting; å knuse alt som bevegar på seg i eit spel der kvart stillbilde kunne ha vore eit måleri frå ei svunnen tid. Om du ikkje likar å trykke på den same knappen gjentatte gongar er ikkje Otogi 2 noko for deg, men for alle andre er det som ein våt draum. Settinga og stemninga er heilt fantastisk, og får Otogi 2 til å følest som eit heilt spesielt spel. Ikkje minst på grunn av den stemningsfulle musikken, som verkeleg er noko anna enn det vi er vande med. Heile spelet følest som eit velfortent friskt pust i ei verd der spel heile tida skal bryte grenser, og ete over meir enn dei kanskje er i stand til. Konseptet til Otogi 2 er enkelt, velfungerande, og ikkje minst, ufatteleg god underhaldning.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden