Remedy sitt nye spel annonsert på E3

Sony ga oss det første glimtet av Control. Sjå det her.

På Sony sin E3-presentasjon natt til tysdag fekk me ein kjapp første smakebit av Alan Wake-skaparane Remedy sitt nye spel, som har fått namnet Control.

Remedy

Control er eit tredjepersons actioneventyr der New York blir invadert av ein utanomjordisk fiende.

Ifølgje spelet si offisielle nettside heiter hovudpersonen Jesse Faden, og Control fortel oss hennar historie etter at ho må ta over som sjef i eit hemmelegheitsfullt byrå grunna den nemnde invasjonen.

Control skal by på rikeleg med sideoppdrag, hemmelegheiter og eit rikhaldig og fleksibelt kampsystem som lar oss leika oss med overnaturlege evner. Eit lite, men ganske heftig utval av desse evnene er å sjå i traileren over.

Meir informasjon om Control kjem truleg i løpet av E3-messa, mens me må venta til april 2019 før me får det ferdige spelet i våre sitrande hender. Control kjem ut til PlayStation 4, Xbox One og Steam.

Les alt om E3 2018 her »

Siste fra forsiden