Førsteinntrykk

Overwatch 2 – Invasion

Spelarane reagerer kraftig mot utviklaren. Det er lett å forstå

Trekkplasteret til Overwatch 2 er lansert, og er ganske tamme greier.

Activision Blizzard

Torsdag lanserte Blizzard Overwatch 2 på Steam. I skrivande stund er 90 prosent av dei 65 000 brukarmeldingane negative.

Spelet har blitt «reviewbomba» ned i avgrunnen. Det var neppe slik Blizzard såg for seg starten på historiedelen til Overwatch 2, den som i utgangspunktet var trekkplasteret til spelet, men som dei har betydeleg redusert i omfang.

Invasion, forteljingsdrivne samarbeidsoppdrag, var det som skulle løfte Overwatch 2 frå å vere ei stor oppdatering til å bli eit nytt, eige spel.

Det blir neppe utfallet.

Ny start?

Eg har spelt Overwatch 2 av og på sidan lansering, og syns framleis det kan vere gøy så lenge ein har med seg eit lag med gode vener.

Det har vore veksande misnøye i spelsamfunnet sidan spelet kom ut. Activision Blizzard har vore råka av den eine krisa etter den andre, og renomméet deira har blitt fullstendig øydelagd. Samstundes har spelarane mista tilliten til utviklarane på grunn av lange tørkeperiodar utan nytt innhald i forkant av Overwatch 2, omrokering i utviklarstaben og frustrerande balanseendringar i spelet.

Eg hadde difor låge forventningar til Invasion, men var spent på kva dei 175 kronene mine gjekk til då eg kjøpte tilgang. Invasion gir deg nok av spelvalutaen til å kjøpe det nye sesongpasset i same slengen, og låser opp alle Invasion-oppdraga som kjem i framtida.

Dette er trass alt den største innhaldsoppdateringa spelet har hatt på snart eit år. For ein gongs skuld betalar du for meir enn for nokre «skins» i sesongpasset.

Du får ein ny helt, ein ny spelmodus og nye kart denne gongen, og sesongpasset i seg sjølv er slik sett betre enn alle dei som har kome før.

Men det er samarbeidsoppdraga me har sett fram til å prøve.

Her skal du og to-tre andre kjempe for å beskytte verda mot den revolusjonære robotgruppa Null Sector, som me har høyrt mykje om gjennom kortfilmar, teikneseriar og andre medium dei siste åra.

Middels underhaldning

Mange av heltane i gamle Overwatch har svara på naudsignalet til Winston, og samlast for å hjelpe Rio de Janeiro frå ein invasjon av Null Sector.

Det første oppdraget har me sett før. Oppdraget er ein variant av det som blei vist fram på Blizzcon i 2019, men den fremste grunnen til at det verkar kjend, er at det liknar dei ørten ulike hendingsoppdraga som Overwatch har hatt dei siste åra.

RIO: Lució treng hjelp til å forsvare Rio de Janeiro, og Overwatch stiller opp.
Activision Blizzard

Den einaste forskjellen er at det er større variasjon i fiendar, at oppdraga er større og at me får lengre filmsekvensar som fortel kva som skjer.

For dei uinnvigde, så er det ein slappare versjon av Left 4 Dead, berre med robotar i staden for zombiar. Det er ikkje direkte keisamt, men det er heller ikkje spesielt engasjerande.

Eg brukte rett under halvannan time på å spele gjennom dei tre oppdraga aleine på middels («hard») vanskegrad, og omtrent det same på høgare vanskegrad med nokre vener.

For kort

Kvaliteten på historieforteljinga ligg fleire hakk under dei mange, glitrande kortfilmane som utviklaren har laga for Overwatch gjennom åra.

Men det er nokre lysglimt. Eg kjenner det rykker i smilemusklane når heltane i Overwatch endeleg skal samlast og kjempe side om side etter at organisasjonen blei lagt ned.

HØGDEPUNKT: Oppdraget i Göteborg er det kjekkaste å spele, men når ikkje spel som Left 4 Dead til støvlane.
Activision Blizzard

Dessverre blir med desse to-tre små augeblikka i filmsekvensane. Sjølve spelinga er berre nedplaffing av kanonføde for å kome frå punkt A til punkt B.

Dei tre oppdraga er altfor lite for at det er verd å laste ned spelet no. Det ser ut som det skal kome 15 oppdrag, og det kan jo ta årevis før dei er ute i dette tempoet.

Tapte moglegheiter

Eg elska Overwatch dei første åra. Spelet absorberte altfor mykje av tida mi, men etter kvart har frustrasjonen ved utviklaren sine val støytt meg vekk.

Håpet har vore at Overwatch 2 skulle bli redninga. At dei endeleg kunne utnytte det enorme, uforløyste potensialet som ligg i den rike bakhistoria og dei fantastiske figurane i universet.

Invasion gjer ikkje dette.

GJENSYN: Det første oppdraget blei vist fram for fire år sidan. Det er vanskeleg å tru at Blizzard har brukt så lang tid på dette her.
Activision Blizzard

Utviklaren har fullstendig lagt vekk planane om at ein skal kunne utvikle ferdigheitene til figurane i spelet, slik at ein aldri får rulle rundt på ein svær snøball med Mei, slik dei i utgangspunktet lova.

Eg kjem aldri til å gidde å spele desse oppdraga på nytt. Omspelingsgrunnlaget er ikkje der. Nivåsystemet dei har skissert, skrinlagd og overført til fleirspelaren i staden, kunne kanskje gjort at det var freistande å spele oppdraga om att. Men det nivåsystemet får me altså aldri prøve.

Konklusjon

Invasion er nok eit døme på at utviklarane ikkje klarar å leve opp til spelarane sine forventningar, og kjem neppe til bety nytt liv for spelet i denne omgang.

Dei tar eit lite steg i rett retning med alle endringane som kjem saman med Invasion, men held ikkje til å bygge opp att den tapte tilliten blant spelarane.

Utviklarane har sannsynlegvis skjønt at dei originale planane deira var for ambisiøse. Det er greitt nok, men no har dei trass alt marknadsført dette ganske mykje.

Slik sett er det vanskeleg å ikkje vere skuffa. Den nye helten er kjekk å spele, og det er flott at dei som framleis puslar på får meir innhald, men Overwatch 2 er framleis ein skugge av det som Activision Blizzard har lova oss.

Utan at spelet fortener å bli «reviewbomba» som det blir, forstår eg godt at mange er frustrerte på korleis utviklaren har handtert spelet.

LES OGSÅ: Ein Reinhardt-hammar i trynet på fansen »

Siste fra forsiden