Kommentar

«Ein Reinhardt-hammar i trynet for fans»

Blizzard stoppar utviklinga av trekkplasteret til Overwatch 2. Spelarane rasar på sosiale medium.

Det er 1. november 2019.

Overwatch 2 blir vist til håpefulle fans på Blizzcon, og eg følgjer sjølv med på sendinga via Twitch. Eg kjenner det går kaldt nedover ryggen når Winston kallar saman Overwatch til krig.

Endeleg skal me få spelet me har venta på i mange år.

Spelregissør Jeff Kaplan kjem på scenen. Han har sin karakteristiske, spøkande tone og bygger opp spaninga rundt det nye spelet.

Kaplan viser fram ein historietrailer og trailer frå spelets komande samarbeidsmodus, der du skal få levle opp figurane, utvikle nye ferdigheiter og kjempe mot nye fiendar saman med vener.

Det er noko heilt nytt.

Blizzard har funne ein måte å utnytte det enorme potensialet som ligg i Overwatch-universet, det Blizzard hadde brukt fleire år på å bygge gjennom teikneseriar, små hendingar i spelet, kortfilmar, noveller og meir.

Men nei.

I går kom Blizzard med ein tidleg 17. mai-gåve til Overwatch-spelarar, då dei annonserte at dei skrinlegg heile prosjektet.

Gratulerer med dagen, ja.

Blizzard ser no at dei ikkje klarar å levere det dei har lova. Det blir ingen stor historiemodus med samarbeidselement. I staden skal dei fokusere meir på fleirspelaren og elles levere nokre samarbeidsoppdrag med historieelement i rykk og napp framover.

Det er ein smule uklart kva som faktisk er planen.

For meg var historiemodusen heile trekkplasteret med Overwatch 2. Det blei dobbelt så aktuelt då spelet faktisk kom, og det viste seg at Overwatch 2 i praksis berre var ei stor oppdatering til spelet, i staden for noko nytt.

Varsellampene har lyst lenge.

Overwatch 2 blei utsett to gongar, så lansert med langt mindre innhald enn venta. Sidan har me knapt høyrt eit kvidder om den etterlengta historiemodusen.

No legg dei han altså delvis død.

Mykje har skjedd sidan Jeff Kaplan gjekk på scenen i 2019. Mannen sjølv er skifta ut med Aaron Keller, som i går fortalde at heile innhaldsstrategien til Overwatch blir lagt om. Dei vil heller få ut innhald til spelarane kjapt, i staden for å gå lange periodar utan noko nytt.

I eit intervju med GameSpot innrømmer Keller at det er halvanna år sidan dei endra strategi. Dei har berre ikkje sagt noko.

Spelarbasen følte seg noko forlatne i åra før Overwatch 2 kom, og no lovar Blizzard at dei vil pumpe ut innhald som aldri før dei neste sesongane. Nye heltar, kart, samarbeidsoppdrag, ein spelmodus, eit nytt narrativ og så vidare.

Ein skal ikkje sjå vekk frå at dette kan bli gode nyheiter for fleirspelardelen. Samstundes skildrar dette korleis Blizzard har handtert Overwatch dei siste åra, der den eine etter den andre lovnaden har gått i vasken.

Det er så utruleg synd.

Overwatch har nokre aldeles fantastisk engasjerande figurar, nyskapande spelmekanismar og eit hav av moglegheiter for vidareutvikling av einspelarinnhald.

Blizzard sin plan om historiemodusen kunne ha oppfylt dette potensialet, men dei sviktar nok ein gong.

Merkenamnet Overwatch har blitt køyrt så til dei grader ned i grøfta dei siste åra. Blizzard er blitt spesialistar på å skuffe fanbasen sin, og leverer ein fiasko som skapar raseri på sosiale medium.

Det er essensielt at spelarane har tillit til utviklaren sin i nettspel. Gårsdagens nyheit er ein Reinhardt-hammar i trynet for fansen av Overwatch, og tar tillitsnivået til kjellaren.

Blizzard er avhengige av å treffe blink i dei neste sesongane for å unngå spelarflukt. Utviklaren sin tradisjon for å halde lovnadar gjer meg ikkje veldig optimistisk.

Siste fra forsiden