Ubisoft viste fram ny trailer til Elijah Wood-spelet Transference

Psykologisk thriller til VR, PC og konsoll.

Transference blei avslørt på E3 i fjor, og er ein psykologisk thriller som «skal tette gapet mellom film og spel». Det er ei hybridoppleving mellom spel og film som kan opplevast på konsoll, PC og i Virtual Reality. Transference er venta til alle dei store VR-plattformene.

Spelet skulle i utgangspunktet kome i vår, men me fekk ikkje sjå noko meir til det før Ubisofts E3-konferanse måndag kveld. Ein ny trailer viser bilete frå spelet, samt eit sleppvindauge til hausten (som blei bekrefta i mai).

Reis inn i hovuda til familien din

Utviklarstudioet Spectrevision står bak opplevinga, der skodespelar Elijah Wood jobbar som kreativ regissør.

– Har du nokosinne drøymt om å gå inn i medvita til nokon andre? Utforske deira mørkaste tankar og intime løyndomar, spør Wood på Ubisofts E3-konferanse.

Spelet gjer deg til forsøkskanin for ein halvgal forskar, som har laga ei datasimulering av familien sin. Det er di oppgåve å leite etter ledetrådar og løyse pusleoppgåver for å kome deg ut. Perspektivet hoppar mellom ulike medlem i familien, som skal hjelpe med å skape eit fullt bilete av kva som skjer i dette utforskingsspelet med førstepersonskamera.

Les alt om E3 2018 her »

Siste fra forsiden