Anmeldelse

Jurassic World Evolution 2

Upolert og uferdig kaos

Dette spelet hadde hatt godt av 65 millionar år til med evolusjon.

Kven er målgruppa til Jurassic World Evolution 2?

Mange umiddelbare svar susar gjennom hovudet mitt når eg stiller dette betimelege spørmsålet til meg sjølv. Folk som likar Jurassic Park, det seier seg sjølv. Folk som likar dinosaurar, ikkje minst, og lat oss for all del ikkje gløyme dei som likar å byggje ein park. Vi må derimot ned til fjerdeplassen før eg byrjar å tenkje på folk som likar å rote rundt i menyar heile dagen og glatt kunne klart seg med eit excel-dokument om det berre var mogleg å bli best.

Snodig nok er det nettopp denne målgruppa Frontier har sikta seg inn på med Jurassic World Evolution 2. Dei tok kritikken om at vi fekk styre for lite rundt dei små detaljar i parken i det første spelet hakket for bokstavleg, og har laga eit spel så overlassa med mikrodilldall at det nesten går på helsa laus.

Dette spelet er min nemesis, det er alt eg ikkje vil eit spel skal vere, og det spelar inga rolle kva eg vil gjere, Jurassic World Evolution 2 er der for å stikke kjeppar i hjula, strø spikar i vegen, og passe på at eg hamnar i eit tornekratt når eg først krasjar.

Ei hinderløype full av skit

Legendene er sjølvsagt på plass.

Jurassic World Evolution 2 må alltid presse på deg eit ekstra steg. Sei du har ein sjuk dinosaur. Ok, då må du sende ein vetrinærbil for å sjekke kva som er gale. Deretter må du manuelt velje den same bilen igjen for så å velje dei same sjuke dyra igjen for at han skal gjere noko med problemet. Alternativt kan vi ha med alvorlegare plager å gjere, som beinbrot og djupe sår. Då må du sende eit helikopter for å bedøve dyret, og deretter må du sende enda eit helikopter for å flytte dyret til vetrinærstasjonen.

Som om det ikkje var nok må du sjølv hugse på å sende dyret tilbake igjen når det er friskt, for slike beskjedar likar spelet helst å lage minst mogleg fanfare om. Ikkje så ille, tenkjer du kanskje, men så har du dinosaurar som likar å slåss, dinosaurar som blir sjuke, og spelet kan raskt vri seg til å vere dinosaurvetrinærsimulator meir enn noko anna. I starten går det greit, men parken din veks. Den blir stor, full av dinosaurar, og kø hos vetrinæren. Eg vil styre ein park, ikkje gjere jobben til alle tilsette samstundes. Kva med litt automatikk?

Dette er berre ein mild smakebit på kva som kjem. Moroa med å lage ein dinosaurpark bør naturlegvis ligge i å lage, vel, nettopp ein park full av dinosaurar. Her forventar vi robuste verkty for å lage kule landskap og ein fridom til å plassere ut dei dinosaurane vi ynskjer.

Ikkje så. Sjølv om verktya for å modifisere lanskapa er betre enn i det første spelet er dei framleis dårlege, og fulle av massive irritasjonar. Berre det å lage ein dam dinosaurane kan drikke frå blir frustrerande sidan terrengverktya er så dårlege. Er det ikkje heilt flatt er sjansen stor for å at du flate alt ut får å få plassert den vesle dammen din, og dette resulterer kjapt i ein veldig flat park fordi noko anna er for mykje bry.

Aldri nøgd

Her og der er spelet skikkeleg pent.

Til slutt får vi det no til, set opp nokre gjerde, og slepp laus nokre dinosaurar. Allereie her oppstår problema. Kvar dinosaur har sine eigne syn på kva som er levelege kår, og der den eine vil ha fiber, vil den andre ha frukt, og sjølv om desse to dinosaurartane teknisk sett likar kvarandre, likar dei ikkje same mat, og difor må du kjempe om å lage ein matplantebalanse i området som begge kan leve med. Nåde deg om du ikkje er på vakt og slepp laus ein tredje art som kanskje ikkje diggar ein av dei artane du har frå før. Då blir dei sure, og set i gong med å angripe sine eigne i eit desperat forsøk på å få merksemd. Dette sender deg naturlegvis tilbake til den infernalske vetrinærstaben, men vi skal vidare.

Sett at du til slutt har fått harmoni med dei to dinosaurtypane du tør ha i kvar inngjerding, og du no tenkjer at du må få på plass nokre plattformer slik at gjestane kan få sjå vidundra dine, eller eventuelt ein turistbil som kan køyre rundt blant dinosaurane.

Det høyrest fint ut på papiret, men i praksis er det som det meste anna i dette spelet. Er terrenget litt feil får du ikkje bygge og må ut av alle menyar du er i, inn på terrenget, jamne ut, trykke, trykke, trykke, og så tilbake til bygging. Å legge bilspor gjennom ei inngjerding er ein kamp mot sjebnen der vegar nektar å krysse vatn, kome for nære gjærde, genrelt er svært gnitne på kva dei går med på. Ingen hos utviklarane tenkte på at det kanskje kunne vere ein idè å gje bygningar forkøyrsrett slik at dei berre jamna ut land rundt seg for å gjere det litt enklare for deg.

Neida, dei gnir det heller inn enda nokre hakk ved å ikkje la deg bygge noko om det er ein dinosaur for nær. Du har naturlegvis ingen kjappe måtar å flytte dinosaurar på, og må sende eit helikopter for å bedøve dei, og eit nytt for å flytte dei. Har du med ein liten flokk compsognathusar å gjere bør du alvorleg revurdere byggeplanane dine, eller du vil ende opp med å flytte dinosaurar heile dagen.

Tyrannosaurus Rex er naturlegvis det store trekkplasteret.

Det blir verre

Ein skulle kanskje tru at dette var nok å å gjere livet surt, men det stoppar sjølvsagt ikkje der. Evolution 2 skal vere djupt, du skal detaljstyre alt, så då har utviklarane funne på den mest unødige og tungvindte mekanikken dei kunne tenkje seg; vitskapsmenn.

Du har ein liten, men vaksande stab med vitskapsmenn, og dei må du bruke til alt. Skal du ha nye dinosaurar må du først sende vitskapsmenn på ekspedisjon for å finne fossil. Deretter må du bruke vitskapsmenn for å hente ut DNA frå fossil, deretter må du bruke vitskapsmenn for å inkubere dinosaurar, og til slutt for å klekke egga. Om vitskapsmenna er opptekne med anna arbeid, eller treng litt kvile, må du pent vente til dei er klare.

Men dette er ikkje alt. I tillegg må vitskapsmenna brukast til å forske fram alt nytt du treng i parken din. Det kan vere alt frå å forske fram medisin mot sjukdommar, betre gjerde, flottare attraksjonar, høgre effektivitet, og nye fasilitetar. Alt nytt du skal ha tak i i Jurassic World Evolution 2, får du gjennom vitskapsmenn. Alt.

Og du startar med to. Etter ei stund får du to til, og slik veks det litt etter litt, men du får aldri nok, og dei brukar alltid alt for lang tid. Bli ikkje sjokka om du må vente i fem minutt på at noko skal bli ferdig. Det er rein galskap som minnar meg om elendige mobilspel som prøvar å få deg til å bruke pengar på å bygge ting fortare. Ofte sit eg med ei kjensle av at alt eg gjer i dette spelet er å delegere arbeid mellom vitskapsmenn, redde dinosaurar frå å døy av sin eigen dumskap, eller berre sitje og vente fordi ingenting kan gjerast utan pengar, og alt er alt for dyrt. Å bygge ein park og fylle den med dinosaurar ligg sjokkerande langt nede på lista av ting eg faktisk brukar tida mi på.

Sleng på at spelet er eit uferdig rot. Det er ein haug med tekniske feil her som både kan få spelet til å fryse og kaste deg ut, eller by absurd oppførsel frå dinosaurar eller folk som gløymer jobbane dei har fått. Eit problem som har plaga meg gjennom heile opplevinga er dinosaurar som nektar å ete. Dei berre står der til dei svelt i hel og eg har mista pengane eg brukte på å avle dei fram, samt framtidige inntekter frå publikum som ikkje får sett dei lenger. Det er til å bli galen av.

Men dinosaurane er flotte

Pterosaurar bringer litt nytt liv til parken din.

Jurassic World Evolution 2 byr på ei rekke ulike modusar. Vi har ein pinleg kort kampanje som berre fungerer som ein dårleg og ufullstendig opplæringsmodus, vi har kaosmodusen som gjev oss ulike oppgåver basert på dei ulike filmane, vi har ein utfordringsmodus og sandkasse. Sandkasse er der du i størst grad får leike fritt utan å bli plaga av å tenkje på pengar. Diverre får du ikkje berre fri tilgang her, du må låse opp alt av dinosaurar og bygningar, og det gjer du ved å spele andre modusar. For å kunne kose deg i sandkassa må du altså slite deg gjennom eit gigantisk lass med skit først.

Når det er sagt, sandkassa kan vere eit ganske engasjerande tidsfordriv der du takka vere hakket friare tøyler får sjå og leike meir med det spelet byr på. Dei finansielle rammene sparkar ikkje bein på deg, og den kosen kjem meir fram.

Når ein først oppnår ei sjeldan form for harmoni i parken sin kan dagane bli ganske fornøyelege. Når ein endeleg får tid til å studere dinosaurane er det mykje flott å sjå på. Dei fleste dinosaurane er gamle kjenningar, men vi får òg nokre nye, der havøgler og flygeøgler er blant dei nye tilslaga. Dei følgjer jamt over det ganske regressive dinosaurdesignter til Jurassic World-filmane, så det er ingen fjøyr her, men fleire dinosaurar har korrekt handstilling, noko som er svært positivt.

Det er mange flotte dyr å sjå på, og oppførselen til dinosaurane er mykje meir truverdig enn i det første spelet. Dei sosialiserer i langt større grad enn før, men det er utruleg synd at det er så vanskeleg å få dei til leve saman. Nesten ingen dinosaurar likar kvarandre. Ein triceratops likar kanskje sauropodar, men han likar ikkje andre ceratopsiar, og om du ikkje er heilt nøyaktig med kva dinosaurar du set saman vil dei bli sure og bryte seg ut av områda sine.

Det er så unødig å gjere det slik. Folk vil leike med dinosaurar, dei vil lage parkar med dei dinosaurarne dei sjølv likar, og i staden må vi føye oss etter idiotisk artsfiendeskap som utviklarane har dikta opp berre for å dytte enda eit hinder i vegen på oss. Det øydelegg moroa, det øydelegg motivasjonen, og det øydelegg den siste rest som måtte finnest av engasjement. Kva er poenget med å lage ein dinosaurpark når ein ikkje ein gong får lov til å ha dei dinosaurane ein vil i den?

Konklusjon

Som regel er det frå denne avstanden du vil sjå parken din.

Av og til sit ein igjen med den bisarre kjensla av å kanskje ha vore for streng. Har ein verkeleg ingenting positivt å seie? Eg veit ikkje heilt kva eg skal seie. Eg har meir eg vil seie, men det er berre meir negativitet om ting som har frustrert og irritert meg. Fleire ord om kor vanvittig keisamt dette spelet er. Kor tregt alt er. Kor irriterande dinosauroppførselen er. Kor frustrerande det er å måtte vente på alt heile tida.

Eg finn knapt noko positivt å seie sjølv om eg vrir hjernen hardt. Skal eg vere heilt ærleg så har eg knapt kosa meg eit sekund etter at dei første timane var over, og det byrja å demre for meg kvar fokuset låg i dette spelet. Dei sekunda eg ikkje har vore ein gretten gubbe med dette spelet har eg vore nær likegyldig. Likegyldig. Eg. Eg som har tre utgåver av kvar Jurassic Park-bok, fleire utgåver av filmane en eg tør tenkje på, og ein snerrande T-Rex til 5 store lappar som ser olmt ned på meg frå hylla.

Eg er likegyldig. Til Jurassic Park. Vi fortener betre enn dette. Jurassic Park fortener betre enn dette.

3
/10
Jurassic World Evolution 2
Tungvindt, tregt, og tek fokuset vekk frå dinosaurane som er grunnen til at vi er her.

Siste fra forsiden