Feature

Spill i oktober

Desse spela gler vi oss til i oktober

Hausttrøkket er tilbake for fullt, og vi prøvar å henge med.

Enda ein spanande månad ligg bak oss, og mykje forskjellig har ramla ned i speleboksen vår. Herlege Metal: Hellsinger gav oss ei solid dose syting i takt med hardslåande musikk, medan Return to Monkey Island var eit heilt fantastisk gjensyn med den gamle helten Guybrush.

Vidare fekk vi litt av kvart å kose oss med. Steelrising lot oss delta i den franske revolusjonen, berre med robotar, The DioField Chronicle bydde på sanntidsstrategi med ein japansk vri, og Splatoon 3 demonstrerte at det kanskje er nok no.

Og med det kastar vi oss inn i det som kanskje blir årets travlaste månad.

Scorn

Plattform: Xbox Series S/X, Windows
Ute: 14. oktober

Den aldrande goth-kidden i i meg siklar litt no.
Ebb Software

Endeleg, må det vel vere lov å seie. Scorn, eit av dei aller første spela som blei kunngjort for Xbox Series-konsollane er no klart for lansering. Dette spelet som hentar meir enn berre litt inspirasjon frå den berømte kunstnaren H.R. Giger, sender deg til ein hesleg planet full av bisarre skapningar og ekle område.

Spelet er designa rundt ideen om å bli kasta inn i ei anna verd. Du er isolert og fortapt og må utforske ei rekke samankopla regionar der du står fritt til å velje tur og orden sjølv. Kvart område byr på ei rekke unike utfordringar, og du vil stadig finne nye våpen, nye gjenstandar og eigenskapar som kan hjelpe deg på vegen vidare gjennom denne marerittverda.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Scorn

A Plague Tale: Requiem

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 18. oktober

Vakkert blir det i alle fall.
Focus Home Interactive

A Plage Tale: Innocense blei ein av dei aller største og ikkje minst vakraste overraskingane for oss i 2019. No får den fantastiske historia om Amicia og veslebroren Hugo endeleg ei fortsetjing, og problema ser ikkje ut til å ta slutt heilt med det første.

Amicia og Hugo har no flykta frå heimlandet sitt i eit forsøk på å starte eit nytt liv. Ting går sjølvsagt ikkje heilt etter planen, og dei to må leggje ut på enda ei ny reise for å redde Hugo. Vi kan vente oss atter eit vakkert eventyr der fokuset ligg hakket meir på å krype gjennom skuggane enn på å løyse problema med jernhand. Nye våpen, verkty og unike krefter blir vi likevel lova, og det blir uhyre spanande å sjå om denne oppfølgjaren kan leve opp til det første spelet.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på A Plague Tale: Requiem

Mario + Rabbids Sparks of Hope

Plattform: Nintendo Switch
Ute: 20. oktober

Det er litt av ein gjeng dette her.
Ubisoft

Det bisarre og uhyre populære samarbeidsprosjektet til Nintendo og Ubisoft er tilbake med eit flunkane nytt kapittel denne hausten. Det er framleis taktikk og kampar i fokus, med ein solid porsjon galskap attåt. Det turbaserte kampsystemet returnerer, men denne gong i ei friare form der du får springe fritt i staden for på rutenett.

Frå ni ulike heltar kan du setje saman ei gruppe med tre som du tek med deg på eventyr gjennom galaksen. På vegen må du passe på å redde Sparks som gjev deg diverse krefter som kan alt frå å gjere brukaren usynleg til å tilby ei rekke elementkrefter. Vi er klare for meir tull og tøys i Mario + Rabbids-universet slik at vi kan redde ein drøss planetar frå vondskap.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Mario + Rabbids: Sparks of Hope

Star Ocean: The Divine Force

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
UTe: 27. oktober

Om det er ein ting tri-Ace kan, er det kule kampsystem.
Square Enix

Star Ocean-serien har halde det gåande sidan 1996, men i seinare år har det vore lengre mellom utgåvene. No har det allereie gått seks år sidan førre spel i serien, eit spel som landa til ganske så blanda stemning. Vi får tru tri-Ace har brukt tida si godt, og leverer eit spel namnet verdig.

Igjen reiser vi ut i stjernehavet det vi møter eit knippe eventyrarar som endar opp stranda på ein underutvikla planet, og derifrå forviklar seg inn i ei stadig meir grandios forteljing. Om vi skal døme etter tidlegare spel i serien kan vi mest sannsynleg vente oss eit heidundrande kampsystem med mange artige detaljar. I tillegg ventar eit stor verd du kan utforske fritt ved å fly gjennom lufta.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Star Ocean: The Divine Force

Bayonetta 3

Plattform: Nintendo Switch
Ute: 28. oktober

Bayonetta sparkar som alltid mykje rumpe.
Nintendo

Der har gått åtte lange år sidan førre gang vi fekk sparke rumpe med Bayonetta. No er ho endeleg tilbake, og kjenner vi Platinum Games riktig blir det galskap frå ende til annan. For å tekkast det politisk korrekte hylekor har utviklarane til og med inkludert «Naive Angel Move» som dekker naken hud for dei som har vanskar med slikt.

Utover det blir det mykje spenstig action der vi får ta i bruke alle av Bayonettas unike eigenskapar. Ho manar framleis fram både demonar og gigantiske stiletthælar i kampen mot fæle menneskeskapte Homonculi. Kjenner vi serien og utviklarane rett vil det bli ein actionfest utan like, og vi får kryssa fingrar og tær for at spelet innfrir dei skyhøge forventningane tidlegare spel i serien har sett.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Bayonetta 3

Mykje spanande i vente

Krig og stemning.
Activision Blizzard

Vi har naturlegvis ikkje gløymt at det kjem eit nytt Call of Duty-spel i år. Det heiter Modern Warfare II, og må ikkje forvekslast med Modern Warfare 2. Desto raskare utviklarar kan slutte å gje nye spel i gamle seriar same namne som tidlegare utgåver desto betre.

Hakket flinkare til å setje namn er Gearbox med sitt nye eventyrspel New Tales from the Borderlands. Kreativt. Vi får håpe utviklarane brukte opp all kreativiteten sin på spelet og ikkje hadde meir igjen å bruke på namnet.

Med det bak oss kan vi ta ein rask kikk på spel for dei med behov for litt adrenalin pumpande gjennom plodet. Dakar Desert Rally og WRC Generations burde by på litt fart og spenning for motorgjengen, medan Nickelodeon Kart Racers 3: Slime Speedway kanskje kan gje Mario Kart-fansen noko å gjere på medan dei ventar på neste kartpakke.

Om du er ein av dei som treng litt strategisk og kanskje krigersk føde er det to spanande spel i vente denne månaden. I Victoria 3 skal du byggje ditt ideale samfunn, medan middelaldersimulatoren Mount & Blade II: Bannerlords omsider er ute av Early Access.

Skulle dette bli litt for lite action for deg kan vi glede deg med at Gotham Knights er klart for lansering. Her skal vi leike oss med fire heltar som ikkje er Batman. Hakket meir fargerikt blir det i Ghostbusters: Spirits Unleashed, som ser ut til å kanskje kunne bli ein akseptabel oppfølgjar til Ghostbusters: The Video Game frå 2009. Om kaos er meir di greie det i dinosaurskytespelet Second Extinction som er ferdig med sin Early Access-periode. Eventuelt kan du sikte inn på galskap i No More Heroes 3. Litt zombie-action får vi i Resident Evil: Re:Verse.

Ja, takk, alt, takk.
Rogueside

Ved sidan av ein haug store spel frå kjende utviklarar finn vi nokre fantasy- og action-spel frå langt mindre kjende team som prøvar å presse seg inn i det kaotiske haustjaget. Asterigos: Curse of the Stars ser ut til å hente litt inspirasjon frå Immortals Fenyx Rising der det sender oss ut på eit actioneventyr inspirert av gresk mytologi. Lost Eidolons er på si side eit taktisk og turbasert rollespel, medan The Last Oricru er eit historietungt rollespel sett til ei arg konflikt mellom to rasar.

Som dei fleste andre månader har vi ein liten bunke spel som allereie er ute, men no er på veg til nye plattformer. Blant dei finn vi Nier Automata og No Man's Sky som no er på veg til Switch, Persona 5 Royal som kjem til Xbox, PC og Switch, samt Uncharted-serien som tek turen til PC.

Slåssespelet Them's Fightin' Herds ser ut til å blande Street Fighter II med My Little Pony. For meir slåssing, denne gangen over nett, kan kanskje Dragon Ball: The Breakers vere meir di greie. Ei heilt anna sportsgrein får vi i hockeyspelet NHL 23.

Fleire spanande spel er på veg, men det er grenser for kva vi har plass til å ta med. Vi avsluttar med det eg personleg ser absolutt mest fram til, for eg skal ta meg ei lita pause frå miniatyrmålinga for å spele det sideskrollande skytespelet Warhammer 40,000: Blood, Shootas & Teef.

Og med det seier vi takk og farvel for denne gong. God Halloween.

Siste fra forsiden